Sentrumsnær einebustad med garasje - fin og solrik tomt.

Vis i kart
Professor Gjelsvikveg 13
Florø
Prisant. 3100000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Sentrumsnær einebustad med garasje - fin og solrik tomt.

Eigedom
Professor Gjelsvikveg 13
6906 Florø
Om eigedomen
Ønskjer du å bo sentrumsnært med kort gangavstand til skular, idrettsanlegg og fine turområder er Rognaldsmarka rette staden. Prof. Gjelsvikveg 13 er ein flott solrik eigedom med opparbeidd og velstelt hage. Tomta er inngjerda og det er plen mot sør og vest. Store treplattingar gir solrike og skjerma uteplasser. Det er god parkeringsplass på tunet og det er garasje tilhøyrande eigedomen. Bustaden har eit hyggjeleg inngangsparti med skifertrapp og fasadestein på vegg.
Innhald
Bustaden er på 2 plan og inneheld: vindfang, gang, stove, kjøkken, wc, vaskerom med utgang til hage og bod med eigen utgang.
Plan 2: gang, 3 soverom og bad. Kott med lagringsplass. Garasje samanbygt med bustaden.
Standard
Bustaden har ein eldre standard med praktisk planløysing.
Kjøkkeninnreiing er laminert eik finer med slette overflater. Kjøkkenet har heil stålbenk med 2 nedfelte vasker og benkeplate i laminat eikeplate.
Overflater kjøkken er laminat på golv, på veggar er det ståande brystningspanel og tapet. Takess i himling.
Badet ligg i andre etasje og har flislagt golv og veggar. Baderomsinnreiing, badekar med dusj og wc.
Separat wc på hovudplan med baderomsplater på veggar og belegg på golv.
Det står i taksten at wc 1. etg er tatt igjen i sin heilhet i 2006. Det stemmer ikkje. Det er kun nytt toalett og belegg på golv i 2006.
Det er direkte tilkomst til hagen frå vaskerommet og til tunet frå den romsleg boda på hovudplan.
Elles i bustaden er det på golv: eikeparkett, laminatbelegg og fliser. På veggar er det måla glassfiberstrie, tapet og panel. I himling er det takess og panel.
Diverse:
- Ny varmtvannstank 2018
- Pipe/fyringsanlegg er kontrollert av Brann- og feiervesen i 2015.
- Det elektriske anlegget er kontrollert av E-trygg 2017.
Byggjemåte
Bustadhuset er oppført 1977, garasja i 1990. Ytterveggane er bindingsverk 4" med isolasjon, vindplater, lekter og ståande utvendig kledning. Innvendig er det diffusjonssperre og plater. Garasje med lecamur mot nord og sør og gipsplater på vegg mot bustad. Vindauga er frå byggjeår, 2 stk er skifta. I stove er det 1 blyinnfatta glass med farge. Yttertak er plassbygt takstolar med sutaksbord med papp, rekter/lekter og eternitt tak. Taket er frå byggjeår. Garasjetaket har betongtakstein.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 21.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 133 kvm, Bruksareal: 145 kvm, Bruttoareal: 164 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 93 m2
2.Etasje: 52 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje, evt. på eigedomen.
Tomt
Areal: 775 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsatt til bustad/gartneri. Planid: 19990105
Det er planlagt utbygging av "gartneri-tomta" til bustader, gnr. 28 bnr. 48 som ligg i område nordaust for Prof. Gjelsvikveg 13.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Nytt v/a anlegg utvendig i 2013.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje- Energikarakter G
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Det er peis i stove. Varmekablar i bad i andre etasje.
Kommunale avgifter
Kr. 22 319 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 741 112 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 668 003 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 04.05.1977. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Eigedomen er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 133 m2
Bruksareal ? 145 m2
Bruttoareal ? 164 m2
Byggeår 1977
Tomte­areal 775 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
måndag 29. april, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Professor Gjelsvikveg 13
Florø
Prisant. 3100000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 133 m2
Bruksareal ? 145 m2
Bruttoareal ? 164 m2
Byggeår 1977
Tomte­areal 775 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
måndag 29. april, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet