Særs fin bustad i attraktivt område

Vis i kart
Ragnarrud 15
Florø
Prisant. 2760000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Særs fin bustad i attraktivt område

Eigedom
Ragnarrud 15
6907 Florø
Om eigedomen
Ein særs fin atriumbustad fint plassert på Ragnarrud i utkanten av bustadfeltet. Bustaden er flott oppgradert i seinare år Eigedomen ligg nær skule, barnehage og butikk m.m . God sykkel og gangveg både til Havhesten og til Florø sentrum. Solrikt , lunt og usjenert . Barnevenleg område . Kort veg til flott turområde via fleire turstiar til Brandsøyåsen . Bustaden har alt på eit plan.
Innhald
Bustaden er på ei flate og er praktisk i utforminga. Stove, kjøkken, 4 soverom, bad, vaskerom, bod og gang. Utvendig bod. Stor terrasse mot vest.
Standard
Bustaden framstår som godt vedlikehalden og det er gjort mykje fint arbeid på denne bustaden. Innvendige veggar har målt papirstrie, smartpanel og tapet.
Himlingar har Takess 60 X 120.
Golva har laminat av typen Aloc original mørk eik, laminat og i gang flislignande laminat.

Alle rom er tatt igjen med unnatak av innvendig bod.

Downlights på kjøkken, gang og bad
WElektrisk opplegg er oppgradert i 2012 / 18
Automatsikringar
Rør i rør
Ny varmtvannsbereder
Villavent ventilasjon til vaskerom og bad
Byggjemåte
Bustaden er sett opp med ytterveggar av bindingsverk over bjelkelag med stubbgolv mot terreng. Jernpelar til fjell med betong rundt. Ytterveggar har værhud av enkelfalsa panel. Yttertak har tekking av Decra tak ,( skifta i 2010 ). Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 06.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 106 kvm, Bruksareal: 123 kvm, Bruttoareal: 131 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Innvendig og utvendig bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 123 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Plass til 2-3 biler ved bustaden.
Tomt
Areal: 339 kvm, Eierform: Eiet tomt
Bygningane ligg mot einannan i feltet og bygningsgrensene og tomtegrensene glir litt over einannan når ein ser på kartet over feltet.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Tilkomst frå felles parkeringsplass via gangstier
Oppvarming
Varmekablar i vaskerom og bad.
Ny stålpipe inkl vedovn i 2012.
Varmepumpe i stove (2014)
Varmefolie i golv ved inngang
Kommunale avgifter
Kr. 17 878 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 596 462 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 147 264 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 106 m2
Bruksareal ? 123 m2
Bruttoareal ? 131 m2
Byggeår 1971
Tomte­areal 339 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Ragnarrud 15
Florø
Prisant. 2760000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 106 m2
Bruksareal ? 123 m2
Bruttoareal ? 131 m2
Byggeår 1971
Tomte­areal 339 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet