Nyare del av tomannsbustad med garasje - fin utsikt.

Vis i kart
Trollskogvegen 18B
Florø
Prisant. 2900000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyare del av tomannsbustad med garasje - fin utsikt.

Eigedom
Trollskogvegen 18B
6908 Florø
Om eigedomen
Nyare del av tomannsbustad i barnevennleg område nær Torvmyrane skule- og barnehage. Bustaden som er oppført i 2011 har flott utsikt mot øyane i vest, og ei praktisk planløysing. Vestvendt og solrik balkong på ca. 10 m2. Eigedomen har frittståande garasje. Fine turområder i Brandsøyåsen ligg like ved. Det er ca. 3 km til sentrum og 1,5 til butikk på Krokane.
Innhald
Del av tomannsbustad med garasje.
Plan 1: vindfang, gang vaskerom/teknisk rom, romsleg bod med vindauge, bad/wc og 2 soverom.
Plan 2: stove med utgang til vestvendt balkong, kjøkken, 1 soverom.
Frittståande garasje.
Standard
Lys og fin bustad med praktisk planløysing.
Rom som ikkje er våtrom har vinylbelegg på golv, mdf plater på veggar og takess i himling
Badet ligg i første etasje og har flislagt golv. Veggane har flisimiterte baderomsplater. Takess i himling.
Romsleg bad i første etasje. Badet har flislagt golv, flisimiterte baderomsplater på veggar. 120 cm baderomsinnreiing dusjhjørne med innfellbare bua glassdører og veggfesta wc.
Vaskerom/teknisk rom har våtromsbelegg på golv og baderomsplater på veggar.
Stova ligg i andre etasje og har fin utsikt mot vest. Utgang til balkong på ca. 10 m2 frå stova.
Kjøkkenet ligg med vindauge mot nord og aust. Kjøkkenet har kvit Norema kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer.

Diverse:
- Flexit balansert ventilasjon med varmevekslar.
- Sikringsskåp med automatsikringar på vaskerom
- Innlagt fiberkabel
- Røyr i røyr med fordelingsskåp på vaskerom
- 200 l v.v.tank på vaskerom
Byggjemåte
Del av tomannsbustad oppført i 2011. Ytterveggar har 198 mm isolert trestenderverk, asfaltplater, lekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonsperre og plater. Isolerte lydveggar mellom seksjonane. Yttertaket er prefabrikkert A-takstolar, sutaksplater, rekter, lekte og betongtakstein. Vindauga er 2-lags energivindauge med utanpåliggande sprosser.
Garasja er frittståande med ringmur i betong og innvendig støypt golv. Uisolerte veggar med stenderverk, utvendig vindtetting, lekter og kledning. Pulttak med tre-sperr, sutaksbord og papptekking. Det er innlagt straum. Vedlikehaldsfri leddport med elektrisk portåpnar.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 03.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 104 kvm, Bruksareal: 104 kvm, Bruttoareal: 114 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 52 kvm
2.Etasje: 52 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering foran inngang og i garasje.
Tomt
Areal: 312 kvm, Eierform: Festet fellestomt, Festeavgift: 1994
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til bustad. Plan: Brandsøyåsen, Felt B14, B15 og B16, bustad. Planid: 20020102
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Jøtul vedovn i stove.
Termostatstyrte varmekablar på bad/wc og vindfang hall/m/trapp .
Kommunale avgifter
Kr. 19 359 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 763 000 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 746 798 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 23.05.2011. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Det er ingen felleskostnader i sameige.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameige Trollskogvegen 18 - består av 2 seksjonar (tomannsbustad)

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er enkelt organisert utan felleskostnadar. Vi har difor ikkje rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 104 m2
Bruksareal ? 104 m2
Bruttoareal ? 114 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 312 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Trollskogvegen 18B
Florø
Prisant. 2900000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 104 m2
Bruksareal ? 104 m2
Bruttoareal ? 114 m2
Byggeår 2011
Tomte­areal 312 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet