Stor einebustad i idylliske Framfjorden. Flott utsikt og romsleg garasje. Nær badestrand og butikk. Inga buplikt

Vis i kart
Ådlane 7
Vik i Sogn
Prisant. 1650000
Soverom 6
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Stor einebustad i idylliske Framfjorden. Flott utsikt og romsleg garasje. Nær badestrand og butikk. Inga buplikt

Eigedom
Ådlane 7
6893 Vik i sogn
Om eiendommen
Stor einebustad med flott utsikt over Arnafjorden. Huset ligg i etablert byggjefelt frå 1980 - tallet, på ei romsleg og flott opparbeida tomt. Kort veg til flotte turområder og til fjorden. Nærbutikken er berre eit steinkast unna. Det er ca. 18km. til kommunesenteret Vik.
Innhald
Fin og innhaldrik einebustad i koselege og idylliske Framfjorden. Eigedomen ligg fint og skjerma til med lite støy og flott utsikt utover fjorden. Bustaden eignar seg også som feriebustad. Hagen er fint opparbeida med plen, prydbusker og frukttre. Her er det rikeleg med plass til leik og moro.
Triveleg og barnevenleg nabolag å bu i. Det er kort gåavstand til leikeplass, badestrand og butikk.

Bustaden er på 3 etasjar og inneheld:
Kjellar: kjellar med eigen inngang, gang, garderoberom, bad, peisstove/opphaldsrom, soverom og disponibelt rom. Sistnemne er brukt som soverom, men grunna lite lysinnfall er ikkje krava til soverom stetta.
1. etasje: Gang, Stove/kjøken, vaskerom, wc og 2 soverom. Utgang til stor veranda med tilkomst til hagen.
2.etasje: Loftstove, bad og 2 soverom. Tilkomst til altan.
Hems: Tilkomst via loftsluke med nedfellbar stige, kan brukast til oppbevaring. Ikkje målbart areal.

Eigedomen inneheld også romsleg garasje med god plass til oppbevaring og lagring.

Det er fiberinternett i nabolaget.
Standard
Einebustad oppført i 1986 med den tids tekniske standard. Kjellar vart innreia i 2007.
Kjellaren er på 78kvm og har eigen inngang på framsida av huset.
Flott heilflisa bad i kjellar frå 2011, med boblebad, dusj, servant med underskåp og overskåp med speglfrontar og toalett.
Det er 2 soverom i etasjen. Det eine soverommet tilfredstiller ikkje lyskrav til P-rom då vindauget er for lite.
Peisstove i kjellar med god plass til ei stor sittegruppe, peisomn i rommet.

Inngang til 1. etasje er på baksida av huset. Vaskerom frå 2003.
WC i 1.etasje innreia med toalett og servant med under- og sideskåp.
Kvit kjøkeninnreiing med profilerte frontar, oppvaskmaskin, komfyr0 og nedfelt vask i benkeplate. Rikeleg med skåp- og benkeplass. Eige kjølerom. Det er plass til eit etebord ved kjøkenet. Åpen løysing mot stove. God plass til fleire sittegrupper i stova. Utgang til stor veranda med flott utsikt utover fjorden.
Frå stova er det spiraltrapp opp til bustadens 2.etasje.

Lys og triveleg loftstove med store vindaugsflater og tilkomst til altan. Rommet er av god størrelse med plass til fleire sittegrupper. Praktisk med fleire store opphaldsrom. Her har ein plass til å drive med kvar sitt, eller invitere til selskap med venner og familie.
Det er 2 soverom i etasjen, med noko skråtak.
Bad på loft er innreia med stort dusjkabinett, toalett og servant nedfelt i stort underskåp.
Tilkomst til hems via loftsluke med nedfellbar stige. Rommet har ståhøgde på midten og kan brukast til oppbevaring. Ikkje målbart areal.

Overflater:
Golv: Parkett, belegg og flis.
Vegg: Panel, tapet, plankett
Himling: Panel, takess og huntonitt,

Modernisering:
2007, innreida kjellar
2011, nye golv i kjellar. Nytt bad i kjellar og vaskerom i 1. etg.
2015, Ny einstavs parkettgolv i stove og på kjøken.
2019, Nye vindauge i søraustre gavlvegg 1. og 2. etasje.
Modernisering av drenering på bakside av huset utført på nytt for 12-14 år sidan.

Elles har einebustaden:
- Varmepumpe i 1. og 2. etasje.
- Mogleg tilgang til fibernett.
- Stor garasje med god plass til parkering og oppbevaring og lagring.
- Flott opparbeida uteområde og altan, med plass til leik og moro og fleire sittegrupper.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.
Byggjemåte
Bustadhus oppført i 1986, av 3 brakker som vart kobla saman oppå ein grunnmur av Leca. 2. etg er konstruert med dragarar, sperr og bjelkelag. Malt ståande kledning i 1.etg. Liggjande kledning i gavlar i 2.etg. Synleg grunnmur i kjellar er pussa utvendig.
Betongstein på tak. Tilkomst til hems via loftsluke. Berre synleg isolasjon i endeveggar.

Garasje med støypt golv, vegger og himling. Deffekt garasjeport.
Det er lagt membran og flisar på verandagolv, som er det utvendige taket til garasjen.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til tilstandsrapport av Ivar Eilev Refsdal, datert 12.09.2019

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 225 kvm, Bruksareal: 225 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
Kjeller: 78 kvm
1.Etasje: 86 kvm
Loft: 61 kvm
Hems: Ikkje målbart areal.

I tillegg har eigedomen garasje på 54 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje og på eige tun. Mykje areal til parkering om ein ynskjer.
Hefter/servituttar
Pengeheftelser i festerett
1985/1650-3/54 Festekontrakt - vilkår 05.08.1985 festetid: 99 år ÅRLIG AVGIFT NOK 373
BESTEMMELSER OM REGULERING AV LEIEN Gjelder feste Gjelder denne registerenheten med flere
Tomt
Areal: 748 kvm, Eierform: Festet tomt, Utløpsår feste: 2083, Festeavgift: 637
Festeavgifta kan justerast kvart 10. år dersom nokon av partane krev det. (neste år 2024)
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Odlane, Framfjord, Vik kommune er gjeldande for området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Vatn frå vassverk i Framfjorden.
Eigen septiktank.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Tilkomst via kommunal veg.
Oppvarming
- Vedomn
- Varmepumpe
- Elektrisk oppvarming
- Varmekablar
Kommunale avgifter
Kr. 14 696 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Festeavgift
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Vassavgift kr 500,- pr år
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 700 912 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 523 282 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Vik kommune datert 11.04.1988. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål. Det er ei bueining i bustaden. Kjellaretasjen fungarar i praksis som ei eiga bueinig då det ikkje er trappetilkomst til etasjen over. Kjellaren er ikkje lyd eller branseksjonert mot etasjen over.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 225 m2
Bruksareal ? 225 m2
Byggeår 1986
Tomte­areal 748 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Ådlane 7
Vik i Sogn
Prisant. 1650000
Soverom 6
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 225 m2
Bruksareal ? 225 m2
Byggeår 1986
Tomte­areal 748 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet