Lys og fin leilegheit med sørvendt og solrik beliggenheit. Parkering i carport.

Vis i kart
Bjørndalvegen 1
Florø
Prisant. 2550000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Lys og fin leilegheit med sørvendt og solrik beliggenheit. Parkering i carport.

Eigedom
Bjørndalvegen 1
6908 Florø
2. etasje (over carport)
Om eiendommen
Denne flotte leilegheita ligg sørvendt og solrikt til på Solheim. Det er fin utsikt frå bustaden. Kort avstand til sjøen med fine bademoglegheiter og turterreng. Ca. 3 km til Florø sentrum. Hyppige avganger med buss.
Innhald
Leilegheita ligg i andre etasje (over carporter) og inneheld: gang, 2 soverom, garderobe/bod, bad/vaskerom, kjøkken og stove med utgang til sørvendt og solrik balkong. Parkering og bod på bakkeplan.
Standard
Lekker og tiltalande bustad med god standard.
Kvit HTH kjøkkeninnreiing med integrerte kvitevarer. Fliser mellom over/underskåp.
Bad/vaskerom har flislagt golv og veggar. Dusjhjørne med glassdører, baderomsinnreiing og veggehengt wc.
Elles i bustaden er det laminat på golv, måla slette gipsveggar og slette himlingar (takess på bad, garderobe).
- Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
- Det er innlagt fiber i leilegheita.
- Walk-in garderobe frå det eine soverommet + garderobeskåp.
- Det andre soverommet har skyvedørsgarderobe.
Byggjemåte
Sameige er oppført i 2014 med tilsaman 18 einingar fordelt på 3 etasjer + parkeringsanlegget på bakkeplan. Denne bustadene er i andre etasje (over carport) i vestre blokka.
Hovudinngang i 1. etasje med felles trapperom og heis i den midtre blokka. Tilkomst til bustadane på nordsida frå utvendig svalgang. Det er porttelefon ved ytterdør på bakkeplan med automatisk opning frå seksjonen.
Etasjeskille mellom garasjeanlegg u.etg. og 1.etg. er holdekke med 150 mm isopor oppå, 70 mm påstøyp og belegg.
Etasjeskille mellom 1. og 2.etg og mellom 2. og 3. etg. er nedenfra og opp: 12 mm takess, 13 mm gips som opphengt lydhimling,
150 mm isolasjon, 300 mm trebjelker, 22 mm slissegulv, 36 mm trinnlydplate og 22 mm flytende sponplate +
overflate.
Ytterveggar har plasstøypte betongveggar i 1.etasje. 2.-4 etg. : 198 mm isolert trestenderverk, vindsperre, gu-gipsplater,lekter og utv.
liggande kledning. Innv. diffusjonssperre, gipsplate og MDFplater.
Takkonstruksjon har Valma tak med prefabrikkerte takstoler, sutak, rekter, lekter og Decra stålplatetak.
Vindauge er 3-lags energivindauge mot sør, og 2-lags mot nord.
Felles støypte trapper mellom etasjane. Utvendige rømningstrapper på aust og vestsida.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 29.04.2019

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 73 kvm, Bruksareal: 76 kvm, Bruttoareal: 83 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod/garderobe

BRA pr. etasje: 76 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er fast parkeringsplass på bakkeplan under tak. Det er gjesteparkeringsplasser i tillegg.
Tomt
Areal: 3 161m2, Eigarform: Fellestomt i sameige. Det er eigen overbygt balkong til leilegheita. I tillegg er det opparbeidd fellesareal og leikeplass i sameige.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader. Planid: 20070106. Solheim Gbnr. 23/13,25, Bustad.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomt til leilgheita via tapp eller heis.
Oppvarming
Det er luft til luft varmepumpe i stova. Termostatstyrte varmekablar på bad/vaskerom.
Kommunale avgifter
Kr. 16 421 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 585 966 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 109 477 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 07.07.2014. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Kr. 2 000 pr. mnd. Desse inkluderer drift og vedlikehald av sameige, forretningsførar og revisjon.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Kransebakken Boligsameie, Orgnr.: 912978591
Sameige består av 18 bustadseksjonar.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB Region Nordvest
Godkjenning/forkjøpsrett
Overdraging og utleige skal meldast skriftleg til styret.
Det er ikkje forkjøpsrett i sameige.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Sameige har reklamasjonar pågåande mot utbyggjar.
Dette gjeld:
- balkongar (ikkje tette og har ikkje avløp)
- lytt i samband med avløpsrør
- hammaren bak er ikkje tilfredstillande
- styret bestrider at bygget er måla utvendig som beskrevet.
Om ein ønskjer ytterlegare informasjon om reklamasjonane kan ein kontakte styret.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 73 m2
Bruksareal ? 76 m2
Bruttoareal ? 83 m2
Byggeår 2014
Tomte­areal 3161 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Bjørndalvegen 1
Florø
Prisant. 2550000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 73 m2
Bruksareal ? 76 m2
Bruttoareal ? 83 m2
Byggeår 2014
Tomte­areal 3161 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet