4-roms toppleilegheit med usjenert endebeliggenheit på Hornnes, ca 2 km frå Førde VISNING 28.05 kl 17-18

Vis i kart
Hornnesvegen 18C
Førde
Prisant. 2280000
Soverom 3
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

4-roms toppleilegheit med usjenert endebeliggenheit på Hornnes, ca 2 km frå Førde VISNING 28.05 kl 17-18

Eigedom
Hornnesvegen 18C
6809 Førde
4. etasje
Om eigedomen
4-roms toppleilegheit med usjenert endebeliggenheit på Hornnes, ca 2 km frå Førde sentrum.
Andelen ligg sørvendt med flott utsikt og har stor terrasse på 15 m2 der sola går ned ca. 21.00 på høgsommaren.
Innvendig vart dei fleste rom overflatemodernisert i 2016 med lyse fine overflater.
Garasjeparkering følgjer også med i salet.

Haugum burettslag er veletablert og ligg i nær tilknytning til leikeplass, ballbane og barnehage. Ringbuss til sentrum stoppar like ved blokka. Gangveg til sentrum og tursti til Førdsnipa like ved.
Burettslaget sin fasade vart rehabilitert i 2012/2013 med blant anna etterisolering, nye vindauge, terrassedører og fasadeplater.

Ved kjøp av andelsleilegheit er det ingen dokumentavgift.
Innhald
Endeleilegheit på eit plan med følgjande innhald:
Gangareal, kjøkken, stove, bad, vaskerom, tre soverom og bodareal.
Andelen har i tillegg sportsbod og garasjeplass i underetasjen.
Standard
Leilegheita framstår som lys og trivelig med gode romløysingar. Dei fleste overflater vart modernisert i 2016.
Det er laminat på golvflatene med unntak av bad og vaskerom som har belegg. På veggane er det måla profilerte plater, tapet, og måla overflater på underlag av strier og gipsplater. I himlinga er det måla slette overflater.

Via felles trapperom kjem ein inn i romsleg og lyst vindfang/hall med overflater frå 2016. Porttelefon er montert og det er plass til hyller og klesoppheng.

Det er totalt tre soverom i leilegheita. Soveromma er ideelt plassert mot nordfasaden med tanke på ein sval temperatur sommarhalvåret. Hovudsoverommet har tilkomst til bod som eignar seg godt til walk-in garderobe. Romsleg garderobeskåp med spegeldør følgjer med i salet. Dei øvrige soveromma har god plass og garderobeskåp til soverom i midten kan kjøpast med leilegheita. Garderobeskåp i soverommet mot aust følgjer med i salet. Det er felles tilkomst til soveromma.

Badet har belegg med varmekablar i golvet og er innreiia med servant i underskåp, høgskåp, spegelskåp, dusjhjørne og klosett. Vegg mellom bad/vaskerom kan fjernast for betre utnytting av arealet.
Vaskerommet er enkelt innreiia med kum, varmtvasstank frå 2003 og opplegg for vaskemaskin. Det er plass til tørkestativ og skåpinnreiing.

Stova er lys og fin med overflater frå 2016. Store vindauge mot sør, samt vindauge mot vest gjev rikelig med naturlig dagslys. Det er plass til fleire sitjegrupper og vegg mellom stove/kjøkken kan fjernast for opa løysing. Vedomn og pipe vart rehabiltiert i 2007.
Tilkomst til stor flislagt terrasse på 15 m2 med flott utsikt og gode soltilhøve.

Kjøkkenet har innreing med frontar av bjørk, laminert benkeplate og tilkopling for oppvaskmaskin. Ventilator montert i ventilatorskåp. Frittståande kvitevarer, med unntak av komfyr, følgjer med i salet.

Modernisering:
2003: Ny varmtvasstank.
2007: Rehabilitering av pipe.
2012: Nye vindauge og verandadør.
2013: Rehabilitering av fasaden i perioden 2012/2013
2013: Modernisering av balkong
2016: Nye profilerte plater på veggane og nytt laminatgolv i gangen.
2016: Nytt laminatgolv, ny tapet og måling av himlinga.
2016: Delmodernisering av det eine soverommet.
2016: Måling av veggar og golv i vaskerommet.
2016: Nytt listverk i enkelte rom.
2019: Nytt dusjhjørne.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 09.05.2019.

Fundament på planert steinfylling. Bygningen er oppført i betongkonstruksjon.
Fasaden vart rehabiliert i 2012/2013 og ytterveggane mot sør- og nord er av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel, andre veggar har utvendig kledning av fasadeplater. Ytterveggane mot sør er etterisolert og har no totalt 15 cm isolasjon, og det er montert ny bordkledning. På andre fasadar er det montert nye fasadeplater. Ytterveggane mot nord er etterisolert med 5 cm.
Etasjeskiljet og skiljeveggane mellom leilegheitene er i betong.
Ytterdør av finer med brannklassifisering B30. i stova er det verandadør frå 2012 og vindauga har 2-lags glas i kvit trekarm montert i 2008, 2010 og 2012.
Tak er ikkje synfart. utvendig konstruksjon er buretslaget sitt ansvar.

Diverse:
- Ventilator montert i ventilatorskåp, mee felles avtrekk for blokka. Seljar har opplyst at avtrekket er dårleg.
- Sikringsskåp med automatsikringar frå 2013 og nokon skrusikringar.
- Det er installert felles antenneanlegg og fiberkabel som dekkast av felleskostnaden.
- Burettslaget har felles innkjøp av el. kraft, men el. kraft ligg ikkje i felleskostnaden.
- Sanitæranlegget har standard frå byggjeåret med vassrøyr av kopar og avlaupsrøyr av plast.
- Vegghengt varmtvasstank på 120l frå 2003.

Bod:
Veggar med overflater av betong og panel. Golv av betong.
I himlinga er det eternittplater.
Plassbygde hyller.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 87 kvm, Bruksareal: 91 kvm, Bruttoareal: 95 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA pr. leilegheit: 91 m2
BRA bod: 3 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkeringsplass i felles garasje og på fellesareal utvendig.
Tomt
Areal: 16 200 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta som ligg sørvendt er fint opparbeidd med leikeplass, grøntareal, blomster og asfalterte køyre- og gangareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Regulert til bustadføremål.
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen er kopla til kommunalt vassverk og avlaupsanlegg via burettslaget sine private stikkleidningar. Eigedomen har lett tilkomst frå kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Frå Førde køyrer ein mot Naustdal. Ta til høgre etter første tunnell og ta så til høgre i første kryss. Fortset rett fram og rundt fotballbana. Leilegheita ligg i øvste etasje i inngang c. Kontakt meklar eller sjå www.finn.no for kart.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Varmekablar på badet.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Faste kostnader
Straum pr. år: kr. 14.129,- i 2018.
Forsikring blir betalt som del av felleskostnad.

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 503 730 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 813 427 per 31.12.17
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Førde kommune datert 05.12.1977. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Haugum Burettslag, Orgnr.: 853031232
Andelsnr.: 86
Andel fellesgjeld: 178278, Andel fellesformue: 71248, Total gjeld: 19084518
Kommentar gjeld: Andel formue er henta frå likninga 2018.
Forkjøpsrett: Ja
Burettslaget har i alt 117 andelar fordelt på 3 blokker.

Burettslaget si fellesgjeld:
Den Norske Stats Husbank:
Annuitetslån, 2 termin pr. år.
Rentesats pr. 24.04.2019: 1,41% pa.
Tal termin til innfriing: 39
Saldo pr. 24.04.2019: kr. 18.300.000,-
Andel av saldo: kr. 170.950,-
Første termin: 03.04.2014, første avdrag: 03.04.2019 (siste termin 03.10.2038)

Sparebanken Sogn og Fjordane:
Annuitetslån, 2 termin pr. år.
Rentesats pr. 24.04.2019: 2,95% pa.
Tal termin til innfriing: 9
Saldo pr. 24.04.2019: kr. 784.519,-
Andel av saldo: kr. 7.329,-
Første termin/første avdrag: 30.12.2016 (siste termin 30.06.2023)
Felleskostnader
4 206 pr. mnd. Felleskostnadane inkluderer renter og avdrag på andelen sin del av fellesgjeld, forsikring, kommunale avgifter, honorar, eigedomsskatt, dugnadspengar, garasjeleige, fiber, drift og ytre vedlikehald jfr. vedtekter.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 210,-
Avdrag: kr. 715,-
Drift og vedlikehald: kr. 2.482,-
Kommunale avgifter: kr. 925,-
Dekning underskot oppsparte midlar kr. -126,-

Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Syner elles til punkt "diverse" i salsoppgåva.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Dokumenta ligg vedlagt i salsoppgåva.
Forretningsførar
BOB.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Sikringsfond/legalpant
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Utleige
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Diverse
- Bebuar kan halde husdyr. Det er ein føresetning at bebuar søkjer styret i burettslaget om skriftleg samtykke, og at bebuar inngår ei avtale om ansvarleg husdyrhald med burettslaget.
- Burettslaget planlegg rehabilitering av røyrsystemet i blokkene. For utfyllande informasjon sjå vedlagt informasjonsbrev i salsoppgåva.
- Burettslaget vurderer også å skifte punkterte ruter i veranda rekkverka. Prosjektet har blitt utsatt på grunn av ovannemnde punkt vedkommande rehabilitering av røyrsystemet. Styret vil ta opp igjen saken og prioritera ei felles utskifting for alle når ovannemnde prosjekt er kartlagt/utført.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 87 m2
Bruksareal ? 91 m2
Bruttoareal ? 95 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16200 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 28. mai, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hornnesvegen 18C
Førde
Prisant. 2280000
Soverom 3
Etasje 4
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 87 m2
Bruksareal ? 91 m2
Bruttoareal ? 95 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16200 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 28. mai, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet