Del av 2-mannsbustad i naturskjønt område

Vis i kart
Hovdavegen 21
Leikanger
Prisant. 2000000
Soverom 2
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Del av 2-mannsbustad i naturskjønt område

Eigedom
Hovdavegen 21
6863 Leikanger
Om eigedomen
Del av 2-mannsbustad som ligg i eit eldre og etablert byggjefelt på Røysaleite i Leikanger kommune. Eigedomen har gode lys- og solforhald, og fin utsikt mot Njøs. Området rundt byr på flotte turopplevingar for dei som er glad i friluftsliv både sommar og vinter. Naturområdet Henjadalen er tilgjengelig frå døra, og det er kort veg til Kleppa med flotte skiløyper vinterstid og turområde heile året. Det er gåavstand til barnehage, barneskule, stadion og utestaden "Villmarka". Leikanger ligg vestvendt og er kjend for sitt gode klima der våren kjem tidleg (ca 1 mnd før austvende bygder)
Innhald
Praktisk og romsleg del av tomannsbustad på 3 plan i barnevenleg område. Her er det godt med plass til ein liten familen. Loftet er uinnreia, men det er tiltenkt 2 soverom og lita loftstove viss ein innreiar.
Bustaden er på 3 etasjar og inneheld:
Underetasje: 2 soverom, gang, bad/vaskerom og bod
1.etasje: Stove, kjøken, vindfang og WC.
Loft: Bod (uinnreia)

Dette er ein eigedom med mykje potensial.
Standard
Bustaden er oppført i 1994 med den tids tekniske standard. Under oppføring er det vektlagd normal god husbankstandard ved val av overflater.
Bustaden har vore utleigd sidan oppføring. Noko ekstra slitasje er registrert. Det er skade på ventilasjonskanal på loft og Ikkje undertakskrage på pipe. For å oppnå dagens standard må ein vera budd på noko utgifter til oppgradering og utskifting.

Underetasje:
Etasjen inneheld 2 soverom innreia med garderobeskåp. Frå eit av romma er det tilkomst til hage. Badet/vaskerom har belegg på golv og baderomsplater på veggar. Badet er innreia med toalett, servant med underskåp og spegel og enkel dusj. Opplegg for vaskemaskin og utslagsvask i avskild del av badet. Etasjen har også ei praktisk bod for oppbevaring. Golvvarme på bad og i gang.

1.etg:
Like ved inngangspartiet ligg det ei sportsbod på 4 kvam med god lagringsplass. Wc er innreia med toalett og servant.
Kjøkenet har kvite og glatte møbelfrontar, og god benkeflate og skåpplass. Kjøkenet har plass til ei ete gruppe.
Stova er lys og romsleg med plass til fleire sittegrupper. I stova er det vedomn og utgang til luftebalkong med fin utsikt.

Loft:
Loft er ikkje innreia, men det er montert golv, trapp og trapperom.

Elles har bustaden:
- Tradisjonell el. installasjon med automatsikringar.
- Mekanisk avtrekk frå våtrom.
- Ventilator på kjøkken.
- Kopar vassrøyr og plast avlaup.
- Teknisk anlegg er frå byggjeår.
Byggjemåte
Bustaden er fundamentert på utskoten fjelltomt. Golv på grunn i betong og grunnmur i betong med innvendig utfôring. Frontvegg i tre i underetasjen. Over underetasje ligg det bjelkelag i tre. Plassbygd 1. etg. isolert bindingsverk med utvendig vindtetting og liggjande bordkledning. Bustaden har 2- lags vindauge i trekarmar. Prefabrikkert takkonstruksjon av takstolar, tekka med betongstein.

Utvendig er det til bygd tilbygd tram og sportsbod ved inngang. Luftebalkong ved stove.
Sportsbod bygd med enkel bindingsverkkonstruksjon m/enkel bordkledning, fundamentert på betongplate. Bygd i 1994 og er på 4 kvm BRA.

Innvendig er det nytta belegg på golv, stria/måla veggar og kvite himlingar. På bad/vaskerom er det baderomsplater på vegg. Furu dørar og furu trapp.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 29.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 93 kvm, Bruksareal: 129 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 47 kvm
2.Etasje: 50 kvm
3.Etasje: 32 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tunet.
Tomt
Areal: 727 kvm, Eierform: Eiet tomt Tomteareal er henta frå matrikkelbrev frå Leikanger kommune.
Opparbeida uteområde med parkering og noko hageanlegg. Framfor huset er det ein bakke som er noko overgrodd. Eigedomen er no delt, tidlegare var dette ein del av fleire kommunale bustadar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for bustadfeltet Røysaleite(Røysum/Henjum del 3) er gjeldande for området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Tilkopla offentlig vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Tilkomst via kommunal veg.
Oppvarming
- Vedomn i stova
- Golvvarme på bad og i gang
- Elektrisk oppvarming
Kommunale avgifter
Kr. 14 081 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Husforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 528 992 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 904 370 per 31.12.17
Utrekning føretatt med Skatteetatens kalkulator for bustad, avvik kan førekome.
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Leikanger kommune datert 11.05.1995. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknyting til eigen bustad.

Siste målte radonverdi: 50 Bq/m3.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 93 m2
Bruksareal ? 129 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 727 m2
Energi­merking ? E
Vising
måndag 27. mai, 16:00 – 17:00
Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hovdavegen 21
Leikanger
Prisant. 2000000
Soverom 2
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 93 m2
Bruksareal ? 129 m2
Byggeår 1994
Tomte­areal 727 m2
Energi­merking ? E
Vising
måndag 27. mai, 16:00 – 17:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet