Starevegen 5: Einebustad med registrert sokkelleilegheit og dobbel garasje i enden av blindveg - Like ved Slåtten skule

Vis i kart
Starevegen 5
Førde
Prisant. 4830000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Starevegen 5: Einebustad med registrert sokkelleilegheit og dobbel garasje i enden av blindveg - Like ved Slåtten skule

Eigedom
Starevegen 5
6810 Førde

Særs flott beliggande bustadeigedom i enden av blindveg, med registrert sokkelleilegheit og dobbel garasje.
Eigedomen ligg mellom anna i kort gangveg til Slåtten skule - Her kan borna gå på gangstiar - utan å krysse verken veg eller elv, for å komme seg på skulen. I tillegg er det kort veg til Førde Sentralsjukehus, samt Rema 1000 på Vie.
Eigedomen ligg elles i område som er kjent for å vere populært med si solrike, rolege og barnevenlege plassering. Eigedomen er i tillegg nermaste nabo til leikeplass som er praktisk for barnefamilien.
Om eigedomen
Særs flott beliggande bustadeigedom i enden av blindveg, med registrert sokkelleilegheit og dobbel garasje.
Eigedomen ligg mellom anna i kort gangveg til Slåtten skule - Her kan borna gå på gangstiar - utan å krysse verken veg eller elv, for å komme seg på skulen. I tillegg er det kort veg til Førde Sentralsjukehus, gode barnehagar, Høgskulen, gode turterreng samt Rema 1000 på Vie.
Eigedomen ligg elles i område som er kjent for å vere populært med si solrike, rolege og barnevenlege plassering. Eigedomen er i tillegg nermaste nabo til leikeplass som er praktisk for barnefamilien.
Innhald
Husværet går over to plan og inneheld i hovudetasjen: Vindfang, gangareal med trapp til kjellar via dør, tre soverom, bad, kjøkken, bod og stove med utgang til vestvendt terrasse.
Underetasjen inneheld gangareal og grovboder/ vaskekjellar. Til utleigedelen høyrer med stove, te-kjøkken, soverom, gang, bad og vindfang. I tillegg er der ei bod under terrassen. Utleigedelen er brukt som ein del av hovudhusværet av noverande eigar.

I tillegg er der oppført ein dobbel garasje.
Standard
Bustadhuset vart oppført i 1970. I 1995 vart det lagt ny taktekking. I 2015 vart det montert nye takrenner, det vart lagt ny kledning og isolasjon på gavlveggane, og sett inn ny altandør og vindauge på vestveggen. Det vart også montert ny kjøkkeninnreiing frå HTH. I 2016 vart det sett inn to-fløya dør i bod under terrassen. Det elektriske anlegget er oppgradert med automatsikringar, der er etablert terrasse ved inngangsdør til kjellar, samt rekkverk på verandaer og altandekkjet er skifta i seinare tid. Standard i huset er elles ifrå byggjeår. Garasjen var nyoppført i ca. 2015.

Innvendige i husværet er det heiltregolv og belegg. I kjellarbodene er det ubehandla betonggolv.
Innvendige veggar har overflater av målte plater og tapet. Ubehandla, pussa overflater i kjellarbodene.
Himlingane har måla plater og trepanel, og innvendige dører har finerte overflater.

Stove: Husværet har to opphaldsrom, eit i kvar etasje. Tilhøyrande hovudhusværet ligg stova vent mot sør, med fint utsyn i retning Førde sentralsjukehus, og utgang til vestvent veranda. God avstand til nabohus i vestre retning.
Stovearealet i underetasjen vender også mot sør. Det er montert vedomn i begge etasjane.

Kjøkken: HTH- kjøkkeninnreiing i hovedetasjen frå 2015, med kvite frontar av laminat, laminat benkeplate og integrert oppvaskmaskin. Rommet er av romsleg storleik, med plass til eit kjøkkenbord om ynskjeleg. Vindauge ut mot baksida av huset.
Kjøkkenet i underetasjen er av eldre, enkel standard, og er per tidspunkt ikkje i bruk.

Baderom: Det er totalt to baderom i husværet. I hovedetasjen er det belegg på golv og våtromslaminat på veggane. Innreia med dusjkabinett, skåp med servant, spegel, lysarmatur og klosett. Baderommet i underetasjen har betonggolv og pussa veggar med målte overflater. Innreia med klosett, dusj og servant. Oppvarming på baderomma er basert på stråleomnar.
Sanitæranlegget har vassrøyr av kopar og avlaupsrøyr av plast, anlegget har delvis skjult og delvis open installasjon med standard ifrå byggjeåret. Det er 2 stk varmtvassberedarar frå 1990, begge med volum på 120 liter.

Soverom: Det er totalt 4 soverom i bustaden, derav ligg 3 av desse i hovedetasjen. Plassbygde garderobeskåp på soveromma. Hovudsoverommet har eigen, overbygd veranda som vender mot sør.

Bodarealer: Husværet har godt med bodplass i kjellar, samt bod med direkte tilkomst frå kjøkkenet i hovedetasjen. Ei av bodene i kjellar er kombinert med vaskerom. I tillegg er der utvendig bodareal under terrassen.
Byggjemåte
Bygning:
Grunnmur av betong med kuldebryting av 10 cm lettklinkerblokk, utvendig med pussa overflater og innvendig med utlekta kledning i del av opphaldsromma og elles pussa overflater. Golv i sokkelleilegheit av betong med oppfora tregolv. I andre rom i kjellar er det betonggolv.
Etasjeskilje av trebjelkelag. Ytterveggar over grunnmur av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjon med saltakform med ventilert kaldloft, oppbygd av plassbygde takstolar med c/c 80 cm.
Mot kaldloftet er det isolert med 10 cm matter.
Taktekking av profilerte stålplater frå 2015 med undertak av rupanel frå opphaveleg byggjeår. Eit nytt vindauge med 3-lags glas i trekarm i vestveggen, andre vindauge har trekarmar med 2-lags glas og kopla rammer frå opphaveleg byggjeår.
Ytterdør i 1.etasje med finerte overflater og sidefelt med enkelt glas. Altandør i soverom frå byggjeår, i treverk med kopla ramme og glas.
Ytterdør i underetasjen frå byggjeår, i treverk med måla overflate og enkelt glas. Ny to-fløya ytterdør i boda under terrassen, i treverk med måla overflate og 2-lags glas.

Garasje:
Fundament og plate på mark av betong. Yttervegg av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjon med saltakform og taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater. To ledda portar med el.drift.
Ei dør og to vindauge med 2-lags glas i PVC karm.
El. anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska ved Førde Takstkontor AS, datert 09.05.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 146 kvm, Bruksareal: 208 kvm, Bruttoareal: 228 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodarealer

BRA pr. etasje:
Kjellar/underetasje: 109 kvm
1.etasje/hovedetasje: 99 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Dobbel garasje med portar, samt gode parkeringsmogelegheiter på gruslagt tun.
Tomt
Areal: 906 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er opparbeidd med gruslagt tunplass, treterrasse og hage med grøntareal og plantar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er utbygd med frittliggjande småhusbebyggelse etter ein eldre reguleringsplan frå 1969.
Veg, vatn, avlaup
Kommunalt vassverk, tilknytta via privat stikkleidning.
Kommunalt avlaupsanlegg, tilknytta via privat stikkleidning.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysingar.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Vedomn i stove i utleigeeining.
- Stråleomnar på bada.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 17 853 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Staumforbruk ca. 19 000 kWh pr. år. Det er to separate sikringsskåp og abonnement.
Forsikring kr. 4 746,- pr. år. Gjeld fullverdiforsikring i Storebrand.
Fiber: 469,- pr. mnd.

Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 813 029 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 926 904 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 07.01.1971. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad. Det er i tillegg registert sokkelleilegheit i underetasjen. Denne er ikkje i bruk av noverande eigar, då dei brukar arealet sjølv.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
I gjeldande eigedom er det registrert sokkelleilegheit, men denne er ikkje i bruk av noverande eigar. Dei nyttar arealet til seg sjølv.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 146 m2
Bruksareal ? 208 m2
Bruttoareal ? 228 m2
Byggeår 1970
Tomte­areal 906 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
tysdag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Camilla  Kaland  Olset
Camilla Kaland Olset
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Starevegen 5
Førde
Prisant. 4830000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 146 m2
Bruksareal ? 208 m2
Bruttoareal ? 228 m2
Byggeår 1970
Tomte­areal 906 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
tysdag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet