Idyll på Bjørnset

Vis i kart
Bjørnset 35
Florø
Prisant. 980000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Idyll på Bjørnset

Eigedom
Bjørnset 35
6910 Florø
Om eigedomen
Fritidseigedom som har hytte med naust i flotte omgjevnader berre 15 min med bil frå Florø og ca 40 min frå Førde. Her har du ei usjenert perle heilt i sjøkanten. Robåtenkan du ha like nedanfor om du vil ut å fiske, morgonbadet eller kveldsbadet tek du nede på svaberget. Fint uteområde til å nyte middagen på, eller berre det å sitte inne i hytta mens det knitrar på peisen og sjå ut. Det blir ikkje stort betre enn dette om ein søkjer ro og flott natur. Her kan ein følgje med på det som skjer på sjøen og nyte både fint og dårleg ver. Ein flott plass for store og små.
Innhald
Hytta har stove, kjøkken med sovealkove, to soverom, wc ( med vask og speil) og gang.
Naust og utedo
Standard
Hytta har enkel standard med panel på veggar, panel i himling og golva har overflater av furugolv.
Byggjemåte
Hytta er sett opp med ytterveggar av bindingsverk, over bjelkelag på betong / tresøyler fundamentert på fjellgrunn. Ytterveggar har værhud av liggande panel. Yttertak har tekking av aluminiumstak som er skrudd over lekter. Stor terrasse framfor ingang.

Det er innlagt vann til hytta fra egen brønn med tre overbygg. Det er åpen kjeller med synleg fjell under hytta, montert opp vannpumpe og liten
varmvannsbereder, men vannet er ikke brukt til drikkevann.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes , datert 06.09.2018.

Naustet er 24 m2 og enkelt bygd med grunnmyr av stein.
Utedo med utsikt til fjorden

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 64 kvm, Bruksareal: 64 kvm, Bruttoareal: 70 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 64 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er tillaga eigen parkeringsplass til hytta
Tomt
Eierform: Eiet tomt
Tomta er naturtomt med svaberg og fine uteplassar. Stiar og tretrapper til naust og utedo.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som foreløpig er uregulert men det er reguleringsplan under arbeid som vil ha tomter både til bustader og fritidsføremål
Veg, vatn, avlaup
Tinglyst vegrett over hovudbruket for eigedomen. Det har ikkje vore noke vedlikehaldsutgufter for hytteeigar pr. no, men det er truleg at ein seinare gjerne må rekne med å bidra på felles vedlikehald av vegen frå hovudveg. Veien vil og bli betre etter kvart seier eigar av hovudbruket.
Vatn frå privat brønn i dag. Dette blir ikkje brukt til drikkevatn. Det er innlagt vann til hytta fra egen brønn med tre overbygg. Det er åpen kjeller med synleg fjell under hytta, montert opp vannpumpe og liten
varmvannsbereder, men vannet er ikke brukt til drikkevann. Seljar opplyser at det kan vere mogleg å kunne få kople seg til borehol hjå nabo.
Avlaup via septiktank og vidare til sjø i dag. Dette er ikkje søkt om hjå Flora kommune. Nabo Ove Norvald Stavø seier det og er mogleg å få kople seg på felles avløp i feltet.

Stipulert pris for å kople seg på vatn er kr. 20.000,- ( mogleg at det kjem mva i tillegg her ) og det same for å kople seg på avlaup. Ta gjerne kontakt med Stavø for å sjekke ut korleis dette kan gjerast.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Ein køyrer ned til det gamle ferjeleie på Bjørnset og køyrer videre på privat veg opp til ventre, opp ein bakke og vidare utover. Det er tilllaga parkeringsplass til hytta. Vidare over ei trebru like ved hytta,
Oppvarming
Peis i stova. Elles elektrisk.
Kommunale avgifter
Kr. 3 345 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 139 756 per
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 64 m2
Bruksareal ? 64 m2
Bruttoareal ? 70 m2
Rom 3
Byggeår 1982
Energi­merking ? G
Vising
måndag 3. juni, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Bjørnset 35
Florø
Prisant. 980000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 64 m2
Bruksareal ? 64 m2
Bruttoareal ? 70 m2
Rom 3
Byggeår 1982
Energi­merking ? G
Vising
måndag 3. juni, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet