Flott hjørneleilegheit med sentral beliggenheit

Vis i kart
Hjellegata 7
Florø
Prisant. 2750000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott hjørneleilegheit med sentral beliggenheit

Eigedom
Hjellegata 7
6900 Florø
2. etasje
Om eigedomen
Flott stilrein leilegheit i andre etasje. Endeleilegheit mot vest nesten heilt i sentrum av Florø. Moderne og flott med fin innreiing. Herfrå går du til sentrum på få minutt og ein har matbutikk m.m like ved. Busstopp rett nedanfor på hovedvegen og leilegheita ligg ope og fint til med utsikt over Evja - Tua området. Solrikt, ope og lyst. Stor romsleg felles garasje med parkeringsplass og god bod. Utanfor parkeringskjellar er det plen og noke fellesareal der ein treff kjekke naboar. Her får du ein god plass å bu.
Innhald
Leilegheita er på eitt plan og inneheld kjøkken og stove i open løysing, to soverom, bad / wc, vaskerom / teknisk rom og gang.
Sportsbod i garasjeanlegg.
Standard
Himlingar har slettmålte flater. Veggar er slettmålte med unnatak av badet og vaskerom/ teknisk rom. Golva har flisar i gangen, 3 stavs eikeparkett og flisar på bad og belegg på vaskerom / teknisk rom.
Påkosta eletrisk annlegg ned styring / dimming av lys.Det er godt med downlights i bustaden.
Byggjemåte
Leilegheita er del av eit bygg på tre etasjar som inneheld 12 leilegheiter og parkeringskjellar , denne leilegheita ligg i andre etasje som nr.1 frå vest. Det er felles uteareal / svalgang. Bygget er elles oppført med grunnmur i betong, betongelement dekker over garasje og trebjelkelag mellom etasjane. Ytterveggar i tradisjonelt bindingsverk. Bygningen har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes , datert 01.03.2018

Meklar gjer merksam på at taksten som ligg ved er frå forrige sal og at den er brukt med løyve frå forrige seljar.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 62 kvm, Bruksareal: 62 kvm, Bruttoareal: 69 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 62 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkeringsplass i felles parkeringskjellar. Her er det og ladeuttak til el-bil.
Tomt
Areal: 1 482 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta er felles og er opparbeidd med asfalterte trafikkareal mot garasje, singla gangsoner og støypte svalgangsoner. Tomteareal på felles tomt er 1426,6 m2 .
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til forretning, lager m.m. Plan ID 20080115 Evja- Hamregata Bustad.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst via trapp frå parkeringskjellar til gateplan og via trapp til andre etasje.
Oppvarming
Det er varmekablar på bad, vaskerom og gang.
Kommunale avgifter
Kr. 16 750 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Innbuforsikring.
Straum
Fellesutgifter til sameiget.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 648 719 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 335 388 per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 21.12.2012. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
859.
Felleskostnadane dekker fiber, straum i fellesområda, straum i garasje og forsikring.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameige Hjellegata 5 Og 7, Orgnr.: 899286642
Sameige Hjellegata 5-7 har 12 leilegheiter over to etasjar og parkeringskjellar. Sameiget er enkelt organisert og har ikkje fast forreningsførar og regnskap blir gjort privat i sameige.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Om det ikkje fins rekneskap skriv følgjande: Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig (sjekk dette). Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Godkjenning/forkjøpsrett
Sjeldan i sameige, men sjekk vedtektene.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Meklar gjer merksam på at taksten er frå 07.03.2018 og blei nytta ved forrige sal. Denne brukast no etter avtale med forrige eigar.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.

Eller: Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med/utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 62 m2
Bruksareal ? 62 m2
Bruttoareal ? 69 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 1482 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 28. mai, 18:00 – 19:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hjellegata 7
Florø
Prisant. 2750000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 62 m2
Bruksareal ? 62 m2
Bruttoareal ? 69 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 1482 m2
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 28. mai, 18:00 – 19:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet