Fin bustadeigedom med strandlinje. Stor tomt, solrikt, flott utsikt!

Vis i kart
Follevågvegen 12
Askvoll
Prisant. 2650000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin bustadeigedom med strandlinje. Stor tomt, solrikt, flott utsikt!

Eigedom
Follevågvegen 12
6980 Askvoll
Om eigedomen
Stor bustadeigedom på Røyset med strandlinje og flott utsikt til Granesundet, Atløy og til ytre del av Dalsfjorden. Bustadområdet er attraktivt og solrikt med sol frå ca. kl 06.00 - kl. 23.00 på høgsommaren.
Gangavstand til barnehage og barne- og ungdomsskule, sentrum med butikkar, kommunale kontor, hotell, rutebåtkai m.m.
Innhald
Bustaden går over tre plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Gang med trapperom, to stover og kjøkken.
Loft: Gang med trapperom, tre soverom, wc og bod/garderobe.
Kjellar: Gang med trapperom, vaskerom og tre boder (ei tidlegare bad).
Standard
Bustaden frå 1960 har blitt delmodernisert i seinare tid, og framstår som lys og triveleg med gode kvalitetar med normal god bruksstandard.

HOVUDETASJE:
Entrè/gang med laminat på golvet, måla tapet på veggane og måla plater i himlinga. Frå gangen er det trapp til loft og kjellar.

Romsleg, to-delt stove med plass til stort spisebord og sitjegrupper. Vedomnen var ny i 2008.
Frå stova er det utgang til stor, solrik terrasse med gode solforhold og nydeleg utsikt.
Golvareala har parkett, tapet og måla tapet på veggane, måla plater i himlinga.

Kjøkkkenet vart modernisert i 2007 med ny skapinnreiing med frontar av kvit laminat med bøkelister, og i 2010 supplert med nokre nye skåp med frontar i kvit høgglans. Innreiinga har laminat benkeplate, ventilator, integrert koketopp og komfyr, og frittståande oppvaskmaskin. Over benkeplata er det flislagde veggflater. Kjøleskåpet følgjer med i salet.
På golvet er det belegg, tapet og måla tapet på veggane, måla plater i himlinga.

Fint, flislagt bad med varmekablar i golvet. Plankett i himlinga.
Badet er innreia med servant i underskåp, høgskåp, spegel, dusjkabinett, vegghengt toalett og opplegg for vaskemaskin.

LOFT:
Trappegang med laminat på golvet, måla panel på veggane og måla plater i himlinga. Sikringskåpet er plassert i gangen og det er tilkomst til mørekloftet via luke.
Frå gangen er det tilkomst til bod under skråtaket.

Det er i alt tre soverom på loftet, alle med laminat på golva. Veggane har måle plater, tapet og måla tapet I himlingane er det MDF plater, takess og måla plater. I det eine soverommet er det romsleg skyvedørsgarderobe og flott utsikt mot fjorden. I eine soverommet er det montert stort takvindauge mot fjorden, gir mykje dagslys og flott fjordutsikt. Det minste soverommet er uisolert og har tilkomst til dobbelt kott.

Toalett med laminat på golvet, måla tapet på veggane og måla skråtak i himlinga. Rommet er innreia med servant og vegghengt toalett.

KJELLAR:
Kjellaren har enkel standard med golv av betong med ubehandla og måla overflater, veggar med måla puss og ubehandla betong- og telgsteinsmurar, og himlingar med måla plater og trepanel.

Frå vaskekjellaren er det dør ut til hage.
Varmtvasstanken er plassert i trappegangen.

Tre boder i kjellaren. I ei av bodene er det nye vindauge, rommet har potensiale til å gjerast om til soverom.

Diverse modernisering:
2007: Modernisert kjøkken og montert ny innreiing. Kjøkkeninnreiinga vart supplert med fleire skåp i 2010.
2008: Nytt bad i hovudetasje. Nytt wc på loftet. Ny vedomn i stova.
2010: Nytt strauminntak og nytt sikringsskåp.
2010: Ny altan med trapp ned til hagen.
2010: Skifta utvendig kledning og etterisolert ytterveggane. Nye snøfangarar på taket. Nye ytterdører.
2011: Nye mønebeslag og nytt pipebeslag.
2014: Ny drening og utvendig isolering av grunnmuren under terreng på tre sider. Ny bakkemur langs innkøyrsla.
2015: Montert eit nytt takvindauge i loftet. Delmodernisering av overflater.
Byggjemåte
Grunnmur av betong- og teglsteinmuar, utvendig med murpussa overflater og etterisolering under terrengplanet, og innvendig delvis med murpussa overflater og delvis med ubehandla overflater.
Kjellargolv av betong, delvis med grovstøypt betong og delvis med påstøyp.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Ytterveggar over grunnmuren av 4" isolert bindingsverk med ny utvendig kledning av impregnert trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform og takopplett mot sør.
Taktekking av skiferheller på undertak av rupanel frå opphaveleg byggeår, og med nye snøfangarar og takbeslag.
Vindauge med trekarmar med 2-lags glas frå 2010 og nokre frå midten av 1990-talet.
Ytterdør i treverk med måla overflater og 2-lags glas.
Ytterdør i kjellaren av treverk.
Terrassedør i treverk med måla overlater og 2-lags glas.

Overbygd inngangsparti med treplatting på betongplate.
Frå stove er det utgang til 37 m2 sørvendt veranda med trapp ned til hagen. Verandaen er oppbygd av impregnert tremateriale med underkledning av plater for "regntett" dekke.
Betongplatting langs inngangspartiet til kjellaren.
Brannstige i eine gavlveggen.

Sanitæranlegg med rør-i rør til badet og wc i loftet. Til andre installasjonar er det eldre koparør.
Til badet og wc er det lagt nye avløpsrør av plast, til eldre installasjonar er det soilrør.
200 liter varmtvasstank.

Elektrisk anlegg med delvis open og delvis skjult installasjon av varierande alder, og oppgradert fordelingstavle med automatsikringar.
Utebelysing med fotocelle.
Trekkrør for høgtalaranlegg på terrassen.
Fiberkabel er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 03.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 114 kvm, Bruksareal: 158 kvm, Bruttoareal: 176 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 58 m2
Loft: 44 m2
Kjellar: 56 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tomta.
Tomt
Areal: 1 623 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomteareal gnr. 21, bnr. 76: 572 kvm.

Tomta rundt bustaden er fint opparbeida med gruslagt tunplass, forstøtningsmur av betong langs innkøyrsla og hage med grøntareal og plantar.
Tilkomsten til strandlinja ligg i brattlendt terreng, tomta ligg elles i svak helling mot sør.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i eldre etablert bustadområde.
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen ligg ved offentleg veg.
Kommunal vassverk, tilknytaa via privat stikkleidning.
Privat, eldre avløpsanlegg med slamavskiljar og kommunal tømming. Slamavskiljaren er i "septik24.no" oppgitt med volum på 1 m3.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Luft til luft varmepumpe.
- Varmekabel i badegolvet.
- Anna oppvarming er basert på elektrise varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 13 203 pr. år
I tillegg til vassavgift er det + forbruk kr. 12,45 m3 inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straumforbruk ca. ____ kWh pr. år.
Forsikring kr. 6 800 pr. år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 357 163 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 285 785 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Robotklipparen som står på eigedomen følgjer ikkje med i salet. Om ønskjeleg kan den kjøpast etter nærare avtale med seljar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 158 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 1623 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Follevågvegen 12
Askvoll
Prisant. 2650000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 158 m2
Bruttoareal ? 176 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 1623 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet