VIEÅSEN | Einebustad med svært attraktiv- og solrik beliggenheit i barnevenleg gate

Vis i kart
Langeberget 5
Førde
Prisant. 3900000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

VIEÅSEN | Einebustad med svært attraktiv- og solrik beliggenheit i barnevenleg gate

Eigedom
Langeberget 5
6812 Førde
Om eigedomen
Langeberget 5 ligg fint plassert i helning mot sørvest, i ei roleg gate utan gjennomgangstrafikk.
Her er soltilhøva særdeles gode og frå altanen kan du nyte flott utsyn til Bruland og vestover dalføret til Slåttebakkane.
Eigedomen har flat og fin hage med uthus i bakkant.
Asfaltert innkøyrsle ledar fram til carport med bod og plass til parkering i framkant.
Frå carporten kan du rusle tørrskodd til inngangsdøra.

Frå eigedomen er det gangavstand til barnehage, fotballbane, ballbinge og fine turområder.
Det er omlag 2-3 km til butikkar, høgskule og sjukehus.
Til ungdomsskulen, Førdehuset, idrettsparken og sentrum er det omlag 4 km.
Ringbussen og flybussen stoppar i nabolaget.
Innhald
Bustaden går over to-plan med følgjande innhald:
1.etasje: entrè, vaskerom, to boder, gang, toalettrom, bad og tre soverom.
Loft: stove med utgang til altan og stige opp til hems, kjøkken og to boder.

I tillegg har bustaden carport med bod og uthus i hagen.
Standard
Langeberget 5 er eit triveleg bustadhus med svært attraktiv beliggenheit.
Asfaltert innkøyrsle ledar fram til carport med takoverbygg slik at ein kan rusle tørrskodd vidare til boda bak carporten og vidare til inngangspartiet.
I entrèen ligg ei praktisk oppbevaringsbod på høgre hand. På venstre hand ligg vaskerommet med dør vidare til ei ny bod.
Vaskerommet har belegg på golvet og panel på veggane. Innreiinga består av opplegg for vaskemaskin og utslagsvask.

Frå entrèen går ein vidare til gang med flislagd golv og dører til tre soverom, toalettrom, bad og trapp opp til loftet.
Badet er delmodernisert og har måla betonggolv med varmekablar og våtromslaminat på veggane.
Innreiinga består av dusjkabinett, servant med skåp og spegel med lys.
Toalettrommet har flisa golv og er innreiia med wc og servant med skåp.

To av soveromma er svært romlege med god plass til dobbeltsenger og garderobeskåp.
Det tredje soverommet er noko smalare og passar fint som barnerom/gjesterom.

Den eine varmepumpe vifta er plassert under trappa.
Opp trappa kjem du til stova.

Stova er svært triveleg med med god takhøgd og store vindauge mot sørvest.
Her er det laminatgolv og panel på veggar og i himling.
Vedovn gir god varme og stemning i stova. Varmepumpe er her også.
Frå stova kan du stige ut til dels overbygd altan med storslagen utsikt og gode soltilhøve.
Over stova er det laga til hems med vindauge.

Kjøkkenet har måla overflater og laminerte benkeplater.
Fin plass til spisegruppe ved vindauga.
Tilknytt kjøkkenet ligg to praktiske boder.

Bustaden har el. anlegg med skjult installasjon og fordelingsskåp med automatsikringar.
Sanitæranlegg med vassrøyr av kopar og avløpsrøyr av plast.
Byggjemåte
Ringmur av betong.
Golv i 1.etasje av betong, delvis med flytande golv oppbygd av isopor og sponplater.
Ytterveggar av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Takkonstruksjon med saltakform og isolerte skråtak, oppbygd av sperr på limtrebjelkar.
Taktekking av betongtakstein frå byggeåret, nyleg reingjort og overflatebehandla.
Nye takrenner av stål.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas.
Ytterdør av treverk med måla overflater og 2-lags glas, skifta i seinare tid.
Altandør i loftet av treverk med måla overflater og 2-lags glas, ny i 2015.

Delvis overbygd altan i gavlveggen mot sørvest, ca. 15 m2, oppbygd av tredekke på limtrebjelkar og
tresøyler.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 26.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 113 kvm, Bruksareal: 120 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder og kott. Hems er ikkje oppmålt.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 68 kvm.
Loft: 52 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940.
Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Carport og plass til parkering på eigedomen.
Tomt
Areal: 535 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i eit område der kommuneplanen er gjeldande.
Eigedomen er registrert som bustadeigedom.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg veg fram til tomtegrensa, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Eigedomen asfaltert innkøyrsle som ledar fram til carporten.
Frå carporten ledar overbygd gangveg fram til inngangspartiet i 1.etasje.
Oppvarming
- Varmepumpe med to vifter
- Vedovn i stova
- Varmekablar på badet og vaskerommet
Kommunale avgifter
Kr. 15 855 pr. år
Inkluderar: vass- og kloakkavgift, renovasjon, feiing, branntilsyn og eigedomsskatt.
Faste kostnader
Noverande eigar hadde eit straumforbruk på 7911 kwh. i 2018.
Straum og nettleige etter eige forbruk.

Eigedomen er fullverdiforsikra i Landkreditt forsikring, årleg premie: kr 2 838,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 686 659 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 471 972 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Førde kommune datert 04.12.1980. Løyvet ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege.
Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Det er ikkje foretatt radonmåling i denne bustaden. Radonmåling vil ikkje bli utført i forkant av salet.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 113 m2
Bruksareal ? 120 m2
Rom 4
Byggeår 1979
Tomte­areal 535 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Langeberget 5
Førde
Prisant. 3900000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 113 m2
Bruksareal ? 120 m2
Rom 4
Byggeår 1979
Tomte­areal 535 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet