Fin og moderne tre- roms leilegheit i øvste etasje - fritt og fint utsyn og gode soltilhøve - lukka garasjeanlegg

Vis i kart
Gardsstølsvegen 16
Førde
Prisant. 3190000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin og moderne tre- roms leilegheit i øvste etasje - fritt og fint utsyn og gode soltilhøve - lukka garasjeanlegg

Eigedom
Gardsstølsvegen 16
6812 Førde
Lys, hyggjeleg tre-roms leilegheit med livsløpsstandard, sørvestvendt terrasse, heis og parkering i garasje.
Om eigedomen
Leilegheita ligg i den siste oppførte blokka, av i alt sju blokker, i Gardsstølsvegen sameige. På desse bygningane er det fordelt 85 seksjonar.
Gjeldande leilegheit vart ferdigstilt i 2014 og ligg med sørvestvendt utsyn, med gode soltilhøve på Vie, ca. 3 km frå Førde sentrum. Gangavstand til daglegvarebutikk, barnehagar, skular og SSF. Offentleg kommunikasjon like ved.
Innhald
Leilegheita går over eit plan og har følgande innhald: Stove/kjøkken i opa løysing med tilkomst til terrasse, to soverom, bad/vaskerom og vindfang/gang med stor skyvedørsgarderobe.
I tillegg sportsbod og garasjeparkering i sameiget sin garasje.
Standard
Leilegheita har gjennomgåande god standard frå 2014 med lyse slette overflater og eikeparkett på golvflatene. Himlingane har måla slette plater. Bad/vaskerom og inngangspartiet er flislagt med golvvarme i.

Romsleg vindfang/gang med stor skyvedørsgarderobe på ca. 4,5 m2. Denne er praktisk innreia med hyllesystem, klesoppheng og to større parti til lagring av større gjenstandar, samt teknisk utstyr.

Stova og kjøkkenet er i opa løysing med store sørvendte vindauge, dette gjev ein god romfølelse og eit luftig preg.
Kjøkkeninnreiinga er av typen Sigdal med kvite frontar, integrert platetopp med induksjon, steikeomn, 45 cm oppvaskmaskin og kjøle/fryseskåp.
Frå stova er det tilkomst til terrasse med flott utsikt, opplegg for gass til gassgrill og gode soltilhøve.

Det er totalt to soverom i bustaden. Begge er romslege og innreia med garderobeskåp. Hovudsoverommet har tilkomst frå stova og har tilkomst via to separate skyvedører. Praktisk med tanke på seng i midten av rommet.

Fint heilflisa bad innreia med servant i underskåp, spegel, vegghengt klosett, opplegg for vaskemaskin og veggmontert dusj med svingdører.
Byggjemåte
Bygningen er oppført i betong-, stål- og trekonstruksjon.
Etasjeskiljet er av betongdekke.
Ytterveggane er delvis isolerte betongelement med måla overflater og delvis av 8" pluss 2" isolert trekonstruksjon med utvendig kledning av trepanel og fasadeplater.
Takkonstruksjonen har flatt tak med taktekking av membran, konstruksjonen er isolert med 35 cm matter.
Vindauga har 2-lags glas i trekarm og ytterdøra er i treverk med måla overflater.
Skyvedør til altanen med karm og rammer av treverk, malte overflater og 2-lags glas.
Frå stova er det utgang til 8m2 altan med betongplate og rekkverk av galvanisert stål.
Frå inngangen er det svalgang til felles trapperom og heis.

Diverse:
- Gassuttak på terrassen. Felles gasstank med forbruksmålar for kvar seksjon.
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
- Sprinkelanlegg.
- Sanitæranlegg med røyr i røyr, avlaupsrøyr i plast og 200L varmtvasstank.
- El-anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar.
- Heis
- Kabelskinne ved parkeringsplass for evnentuell montering av ladeboks for elbil.

I kjellaren er det bod med gitterveggar og lukka garasjeparkering med el. port og dør. Det er trapperom og heis til 3. etasje.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 30.04.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 60 kvm, Bruksareal: 63 kvm, Bruttoareal: 70 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Skyvedørsskåp og bod i kjellaren

BRA leilegheit: 63 m2
Bod i kjellar: 5 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Leilegheita har bruksrett til parkering i felles garasje.
Tomt
Areal: 17 064 kvm, Eierform: Fellestomt
Fellesareala er fint opparbeidd med asfalterte gang og køyrevegar, parkeringsplassar, leikeplass og grøntareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Regulert til bustadføremål.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Eigedomen har lett tilkomst frå kommunal veg og frå sameiget sine fellesareal.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C
Tilkomst
Eigedomen har enkel tilkomst via fellesareal og heis. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Oppvarming
- Varmekablar på badet.
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinning.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 4 508 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Kommunale gebyr for vatn- og kloakk inngår i fellesutgiftene.
Faste kostnader
Straumforbruk ca. ____ kWh pr. år.
Forsikring blir betalt som del av felleskostnad.

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 520 277 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 872 998 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 14.01.2016. Denne ligg vedlagt.
Det vart gjort vedtak og bruksløyve i 2007.
Felleskostnader
1 783 pr. mnd. Felleskostnadane inkluderer delar av kommunale avgifter, byggforsikring, straum på fellesareal, reperasjon og vedlikehald av heis, vedlikehald av uteområde, honorar framandteneste og andre kostnader.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Gardsstølsvegen Sameige, Orgnr.: 994810170

Sameiget er utbygd med sju lågblokker og nokre felles mindre bygg for sykkelboder og bossrom.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald. Desse ligg vedlagt i salsoppgåva.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Vest Rekneskap.
Godkjenning/forkjøpsrett
Nei.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Det er tillete å halde hund eller katt under føresetnad av at eigaren held dyret under tilsyn slik at det ikkje er til plage eller sjenanse for andre av eigedommen sine brukarar. Ekskrementposar skal brukast.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 60 m2
Bruksareal ? 63 m2
Bruttoareal ? 70 m2
Rom 3
Byggeår 2014
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Camilla  Kaland  Olset
Camilla Kaland Olset
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gardsstølsvegen 16
Førde
Prisant. 3190000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 60 m2
Bruksareal ? 63 m2
Bruttoareal ? 70 m2
Rom 3
Byggeår 2014
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet