Fin eigedom med stor terrasse og flott havutsyn, like ved båthamna på Herland!

Vis i kart
Vesttomtane 19
Atløy
Prisant. 1490000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin eigedom med stor terrasse og flott havutsyn, like ved båthamna på Herland!

Eigedom
Vesttomtane 19
6985 Atløy
Om eigedomen
Eigedomen har flott beliggenheit på Herland, like ovanfor småbåthavna.

Her kan du nyte fantastisk havutsikt og sjå sola gå ned i havet, seint på kvelden.
Atløy er ei naturskjøn øy med flotte omgjevnader for båtliv og friluftsaktivitetar. Her blir den årlege Krabbefestivalen arrangert.
Atløy Idrettslag har klipt og merka eit nett av stiar. Her finn du toppturar, krevande og mindre krevande turar.
Frå eigedomen er det gangavstand til offentleg kommunikasjon, småbåthavna og leikeplass.
Barnehage, barneskule, idrettsplass og nærbutikken ligg omlag 10km. frå eigedomen.
Omlag 12km køyring til ferjeleiet Gjervik-Askvoll med 16 daglege avgangar.
Innhald
Hytta/bustaden går over eit- plan med følgjande innhald:
1.etasje: entrè, bod, gang med stigetrapp opp til romsleg oppbevaringsloft, to soverom, bad og stove/kjøkken med utgang til stor terrasse.

I tillegg har hytta/bustaden utvendig oppbevaringsbod og uthus.
Standard
Vesttomtane 19 er ei triveleg hytte som ligg fint plassert i nordaustvendt helling med fint utsyn over Herlandshamna og Herlandsvika.

Ved inngangspartiet er det oppført uthus og praktisk oppbevaringsbod.
Steinlagd tun ledar fram til overbygd inngangsparti som ledare inn til entrè med oppbevaringsbod på venstre hand.
Vidare kjem ein til gang med god garderobeplass til oppbevaring av yttertøy.

Til venstre i gangen ligg soveromsfløy med to soverom og bad.
Begge soveromma har flotte furugolv og panel på veggane.
Det eine soverommet har plass til dobbelt seng og garderobe, det andre er innreiia med køyeseng.

Badet har flisa golv med varmekablar, måla panel på veggane og takess i himling.
Innreiinga består av wc, dusjkabinett og baderomsmøbel med servant og spegel.

I den andre enden av gangen ligg stova og kjøkkenet i opa, men skjerma løysing.

Stova har god takhøgd som gir eit fint innemiljø.
Her er det flott furugolv, panel på veggar og i himling.
I hjørnet er det innsett vedovn for å sikre varme og stemning på hytta.
Stova har plass til både sitte- og spisegruppe.
Frå stova kan du stige ut på den store terrassen kring hytta.

Kjøkkenet har frontar av furu, laminert benkeplate og frittståande kvitevarer.
Her er det god oppbevaringsplass og stor benkeflate.
Byggjemåte
Ventilert ringmur i leca med pussa overflater.
Isolert trebjelkelag med underkledning av asfaltplater.
Over ringmuren er det 4" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av betongtakstein og undertak av papp og
rupanel. I stova er det mønt himling. Taktekking av shingel på tilbygd del.
Overbygg ved inngangspartiet.
Vindauga har 2-lags glas i trekarm fra byggeår og nokre vindauge som er skifta, men av ukjent
dato. Det er eit vindauge med blyinfatning.
Verandadør i kjøkken/stova av ukjent alder.
Ytterdør med vindauge.

Langs fasaden som vender mot nordvest og nordaust er det veranda i trekonstruksjon med eit samla
areal på 46 m2.
Ved inngangspartiet er det skiferbelagt betongplatting.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 15.05.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 56 kvm, Bruksareal: 64 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 64 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940.
Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er mogleg å parkere bilar langs vegen på eiga tomt.
Vegen er mosegrodd og bør utbetrast.
Tomt
Areal: 1 123 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område avsett til bustadføremål.
Dei seinare år har eigedomen vorte nytta som fritidsbustad.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg veg fram til tomtegrensa, privat veg frå eiga tomtegrense fram til bustaden/hytta, privat vatn frå Herland Vassverk og privat avlaup (septiktank).
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Eigedomen har tilkomst via offentleg veg som ledar fram til tomtegrensa.
Frå tomtegrensa har eigedomen eigen veg fram til hytta/huset.
Vegen er noko måsegrodd og har behov for skraping/utbedring.
Oppvarming
- Vedovn i stova
- Varmekablar på badet
- Øvrig oppvarming må baserast på elektrisitet
Kommunale avgifter
Kr. 6 955 pr. år
Inkluderar: slamavgift, feiing, renovasjon og eigedomsskatt.
Faste kostnader
Eigedomen har vassforsyning på Herland Vassverk.
Herland Vassverk er eit privat foretak.
Årleg vassavgift: kr. 3 000,-

Eigedomen er fullverdiforsikra i IF, årleg premie: kr 2 604,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Noverande eigar har hatt eit straumforbruk på 5 114 kwh. dei siste 12 mnd.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 215 397 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 775 427 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Askvoll kommune datert 23.06.1976. Løyvet ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen består av tre parsellar. Då to av parsellane er ubebygde må kjøpar levere eigenerklæring om konsesjonsfriheit ved kjøp av eigedomen.
Meklar vil bistå kjøpar med dette.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Det er ikkje foretatt radonmåling i denne bustaden. Radonmåling vil ikkje bli utført i forkant av salet.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 56 m2
Bruksareal ? 64 m2
Rom 3
Byggeår 1976
Tomte­areal 1123 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Vesttomtane 19
Atløy
Prisant. 1490000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 56 m2
Bruksareal ? 64 m2
Rom 3
Byggeår 1976
Tomte­areal 1123 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet