Idyllisk landbrukseigedom strandlinje med b.l.a badestrand og naust, fjordutsikt og jaktrettar VISNING 22.6 kl. 12-13.30

Vis i kart
Bøfjordvegen 181
Leirvik i Sogn
Prisant. 1800000
Soverom 3
Bustadtype Gard/Småbruk
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Idyllisk landbrukseigedom strandlinje med b.l.a badestrand og naust, fjordutsikt og jaktrettar VISNING 22.6 kl. 12-13.30

Eigedom
Bøfjordvegen 181
6953 Leirvik i sogn
Om eigedomen
Sjeldan sjanse!

Eldre og idyllisk landbrukseigedom med sørvendt og fin plassering på Ytre Bø i Hyllestad kommune. Bruket har blant anna lang og fin strandlinje med badestrand og naust, 575 daa med god skog og jaktrett som i seinare tid har innehalde to voksne dyr, samt 1/3 av eit kalveløyve. Bruket ligg med enkel tilkomst frå kommunal veg og har flott opparbeidd hage med sol heile året og til ca. 20.00 på høgsommaren.

Hyllestad kommune har ein variert arbeidsmarknad innan privat og offentleg sektor. Hjørnesteinsbedrifta Havyard som er kommunen sin største arbeidsplass ligg innanfor gangavstand.
Til Leirvik med nærbutikk, pub, kafé m.m. er det ca. 3 km og til Hyllestad med barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettshall, ballbane m.m. er det ca. 9 km.
Kommunen byr på flotte turområder i skog- og mark med fleire fine toppturar innan 15-20 minutt i bil.
Innhald
Landbrukseigedom beståande av bustadhus, driftsbygning, naust og sagbruk. Samt innmarks- og utmarksareal med tilhøyrande rettigheiter.

Bustadhus:
Hovudetasje: To stover, kjøkken, bad, kammers, gang med trapperom til loftet og bod.
Loftsetasje: Tre soverom, to sovealkover, gang med trapperom og kott.
Kjellar: Kjellarrom.

Driftsbygning:
Kjellar med gjødsellager, sauefjøs, lager og garasje.
1. etasje med fjøsrom og løe.
Låve.
Standard
Bustadhuset som vart oppført i 1890 og tilbygd og påbygd i 1936, har hovudsakleg eldre standard.

Hovudetasje:
Vindfang og gangareal har belegg på golvet og måla panel på veggflater og i himlinga. Det er plass til oppbevaring for både klede og sko og under trappa er det plassbygde skåp.

Badet har belegg med varmekablar på golvet og måla plater på veggflater og i himlinga. Badet er innreiia med klosett, servant med underskåp, spegel og sideskåp.
Vegg i vegg med badet er det bod. Veggen mellom badet og boden er lettvegg som kan fjernast for eit større baderom.

Romsleg kjøkken med flott utsyn mot fjorden har kjøkkeninnreiing med måla overflater og frittståande kvitevarer. Det er plass til kjøkkenbord.

Hovudetasjen har to stover, der eine er bevart med tregolv, veggar av lafta tømmerplank og himling med synlige takbjelkar. Den andre stova mot aust har teppe på golvet, måla strier på veggane og måla plater i himlinga. Det er vedomn i begge stovene og stova mot aust har også varmepumpe.

Kjøkkeninnreiing med eldre standard med måla overflater. Innvendige dører med slette overflater og trefyllingsdører med måla overflater.

Loftsetasje:
I loftsetasjen er det tre soverom og to sovealkover. Alle har tregolv. På veggane er det lafta tømmerplank og måla plater. I himlinga er det måla plater og panel. Alle soveromma har plass til dobbeltsenger og er av god storleik. Sovealkovene har plass til enkeltsenger.

Kjellar:
Kjellaren er ikkje innreiia, men er inndelt i to rom som eignar seg som lagringsplass. Det er betong på golv- og veggflater.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 02.05.2019.

Bustadhus 1890:
Grunnmur av naturstein, utvendig med betongskal. Kjellargolv av betong.
Etasjeskilja er av trebjelkelag.
Ytterveggar av lafta tømmerplank med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av sperr med tekking av skiferheller mot sør og eldre teglstein mot nord.
Vindauga med måla trekarmar med enkle og kopla glas.
Ytterdør av treverk med teakfinert overflate og ytterdør i bod av treverk med måla overflater.
Enkel ladbankdør med måla overflater i kjellaren.
Brannstige i eine endeveggen.

Diverse:
- Ventilasjonen er basert på naturlig ventilering.
- Sanitæranlegg med vassrøyr av kopar og avlaupsrøyr i soil.
- Elektrisk anlegg med open installasjon av varierande standard og alder. Oppgradert fordelingsskåp med automatsikringar.

Bustadhuset er registrert i SEFRAK-registeret. Bygningar som er SEFRAK-registrerte er ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerer meir som eit varsko om at det må gjerast ei lokal vurdering av verneverdien før ein eventuelt gjev løyve til å rive, flytte eller endre bygningen.

Driftsbygning 1968:
Grunnmur av naturstein. Kjellar med jordgolv.
Etasjeskiljet mellom kjellaren og fjøsrommet er av betong, andre golv og etasjeskilje er av tredekke.
Ytterveggar over grunnmuren av grindverk med utvendig kledning av trepanel, og innvendig med lafta tømmerkasse i fjøsrommet.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av sperr, med tekking delvis beståande av bølgjeblekk og delvis av nyare stålplater.
Siloar av betongsteinsmur, betong av kreosobehandla treverk.
Tilbygg for stall og garasje av enkel trekonstruksjon med veggkledning av trepanel og skråtak med bølgjeblekkplater.
Låvebru av treverk.

Saghus 1954:
Bygningen står på stein og steinmur og har jordgolv.
Ytterveggar av enkel stavkonstruksjon med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjonen har saltakform, oppbygd av sperr, med tekking av eldre eternitplater.
Sagbenk på punktfundament av betong.

Naust:
Naustet står på planert stein og grusdekke. Ytterveggar og grindverk med utvendig kledning av trepanel, på fundament av naturstein.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av sperr og med tekking av teglstein.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.

På Urebakken er det ruin etter stovehus, som er registrert i SEFRAK-registeret.
Areal og fordeling per etasje
Bruksareal: 210 kvm, Bruttoareal: 239 kvm

BRA pr. etasje bustadhus:
Hovudetasje: 79 m2
Loftsetasje: 71 m2
Kjellar: 60 m2

Øvrig areal:
BTA driftsbygning: 185 m2
BTA naust: 32 m2
BTA saghus: 77 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på tun og i garasje.
Tomt
Areal: 1 025 305 kvm, Eierform: Eiet tomt
Sørvendt og flott opparbeidd tomt kring bustadhuset med utsikt mot fjorden. Hagen er stor og opparbeidd med plen, natursteinsmurar, plantar, pæretre, plommetre, epletre m.m.

Øvrig areal:
Drifta på bruket vart avvikla rundt 1990 og jordbruksarealet blir no driven av eit nærliggande bruk, som ifølgje seljar ynskjer å halde fram med å slå. Skogsmarka består av naturleg tilvekst av barskog og lauvskog. Det har tidligare vore drive skogsdrift i kombinasjon med eiga gardssag.

Eigedomen sitt samla areal er fordelt på fire teigar:

Teig 1, 2 og 3:
Areal på nord- og sørsida av Bøfjordvegen, med fulldyrka, overflatedyrka jord, innmarksbeite, randsoner med skog, tun med bygningar og strandlinje med naust og saghus.

Teig 4:
Skog og innmarksbeite i Orebakken, i luftlinje omlag 600 m sørvest for tunet. Teigen har tilkomstveg for bil.

Teig 5 og 6:
Skog og utmarksteigar mellom sjøen og Bøheia avdelt i to teigar av Bøfjorvegen. Desse har også strandlinjer. Det er enkel skogsveg frå teigen i Orebakken og sørvestover til midte del av teigen. Kartutsnitt over Orebakken ligg vedlagt i salsoppgåva.
I Skivika har garden oppsamlingsplass for tømmer, felles for 4 bruk.
Stingandeholmen sør for bruket tilhøyrer eigedomen.

Fulldyrka jord: 27,4 daa
Overflatedyrka jord: 4,3 daa
Innmarksbeite: 38,0 daa
Skog av svært høg bonitet: 247,0 daa
Skog av høg bonitet: 328,3 daa
Skog av middels bonitet: 0,0 daa
Skog av låg bonitet: 32,4 daa
Uproduktiv skog: 306,9 daa
Myr: 23,9 daa
Open jorddekt fastmark: 1,4 daa
Open grunnlendt fastmark: 0,0 daa
Bebygd, vatn, bre: 11,9 daa
Ikkje klassifisert: 0,0 daa
Sum areal: 1.021,5 daa
Regulering/offentleg godkjenning
Store delar av eigedomen ligg i LNF-område. Området rundt Orebakken er regulert til fritidsføremål. Reguleringskart ligg vedlagt i salsoppgåva.
Veg, vatn, avlaup
Veg: Tunet ligg ved offentleg veg.
Vatn: Privat brønn med stabilt innsig. Vasspumpa er defekt og det er lite fall mellom brønnen og huset. Vasstrykket er difor ikkje tilstrekkelig utan pumpe. Ukjent vasskvalitet.
Avlaup: Privat avlaupsanlegg med eldre slamavskiljar og kommunal tømming. Slamavskiljaren er registert med volum på 2 m3.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Enkel tilkomst frå kommunal veg.
For vegbeskriving sjå www.finn.no for kart eller kontakt meklar.
Meklar vil syte for skilting ved visning.
Oppvarming
- Varmekablar på badet.
- Vedomn i begge stovene.
- Varmepumpe i stova mot aust.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 7 381 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Fullverdiforsikring på bustadhus og driftsbygning pr. år: kr. 9.049,-
Straum pr. år: ca. kr. 10.000,- i 2018.

Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 233 875 per 31.12.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr per 31.12.18
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Hyllestad kommune.
På grunn av alder fins det ikkje ferdigattest eller bruksløyve på bustadhuset, ettersom bygget vart oppført lenge før krav om ferdigattest vart innført.
Konsesjon
Eigedomen er konsesjonspliktig og er underlagt bu- og driveplikt etter Konsesjonslova og Jordlova sine slutningar.

Seljar tek konsesjonsrisikoen om det er avtala for høg kjøpesum etter konsesjonslova § 9a. Kvar av partane kan med bakgrunn i dette fri seg frå avtalen ved skriftleg melding til meklar. Partane kan ikkje fremje krav mot kvarandre som følgje av slik oppseiing av avtalen.

Kjøpar har konsesjonsrisikoen dersom konsesjon vert nekta med grunnlag i konsesjonslova sine øvrige slutningar herunder § 9 nr. 1 til 4. Dersom den situasjon skulle oppstå at kjøpar ikkje får konsesjon med grunnlag i dei høva som er vist til i Konsesjonslova sine øvrige slutningar nemnd over, skal oppgjeret til seljar liggje føre som avtala, men då 2 månader frå endeleg avslagsvedtak er gjort. Naudsynt sikkerheit for kjøpesum må i eit slikt tilfelle opprettast som tredjemannspant i eigedomen, og seljar pliktar å underteikne på pantedokumentet for tredjemannspant, dersom partane ikkje innan 2 veker frå endeleg konsesjonsavslag vert einige om anna sikkerheit.

Seljar vil gi kjøpar ei oversikt over dei for han kjende odelsberettiga. Vidare vil seljar setje eit beløp tilsvarande 20% av salssummen på meklar sin klientkonto i preskribsjonstida som ein økonomisk "garanti" mot eit eventuelt søksmål. Utkast til slik avtale er teke inn i denne salsoppgåva.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknyting til eigen bustad.
Diverse
- Bruket har leigeinntekter frå kyrkjegarden som blir indeks regulert kvart 5 år. I perioden 2019-2023 er leigeinntekta på kr. 9.335,- i året.
- Eigedomen er del av eit jaktvald med rett til å drive hjortejakt. Bruket sin årlege ideelle del av fellingskvoten har i seinare tid vore to voksne dyr. I tillegg har bruket hatt 1/3 av eit kalveløyve som vert delt med to andre bruk.
- Driftsbygningen, sagbruk og naust blir seld som det står på visning. Lausøyre følgjer med garden. Traktor og båt følgjer ikkje med i salet.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadseljarforsikringa gjeld berre på bustadhuset.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 210 m2
Bruttoareal ? 239 m2
Rom 5
Byggeår 1890
Tomte­areal 1025305 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
laurdag 22. juni, 12:00 – 13:30
Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Bøfjordvegen 181
Leirvik i Sogn
Prisant. 1800000
Soverom 3
Bustadtype Gard/Småbruk
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 210 m2
Bruttoareal ? 239 m2
Rom 5
Byggeår 1890
Tomte­areal 1025305 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
laurdag 22. juni, 12:00 – 13:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator