Sjarmerande eigedom med mykje muligheter på nydelige Salt.

Vis i kart
Salt
Selje
Prisant. 1350000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Sjarmerande eigedom med mykje muligheter på nydelige Salt.

Eigedom
Salt
6740 Selje
Om eigedomen
Eigedommen innehar mange spennande muligheter. Det er jamneg vedlikeholdt, påbygd og oppgradert. Det siste var vinterhage, inngangsparti og entrè som kom i 2012. I 2009 vart det satt inn varmepumpe, skifta fleire vindauger, varmepumpe og badet vart renovert.
Større opparbeida, flott tomt med plen, busker, plantar og diverse tre og forstøtningsmurar.
Innhald
Husværet er over tre plan og inneheld:
u.et: vaskerom, garasje, bod, matbod, verkstad.
1.etasje: entrè, gang, wc-rom, kjøkken, stove, soverom, bad og innreiia vinterstove.
loft: gang, to soverom, stove, garderobe og bod.
Standard
Kjøkken med innreiing frå Espe. Kitchenboard er montert i 2009. Kjøkkenet er av eldre dato, men har godt med benke- og skapplass. Her er også plass for kjøkkenbord ved vindauget.

Bad i hovudetasjen er oppgradert i 2009. Her er det flis på golv og baderomsplater på vegg. Praktisk dusjkabinett og vegghengt toalett. Spottar i taket og speilskap med lys.

Stova er lys og triveleg med mykje naturleg lys frå dei store vindauga.

Overflater generelt:
Golv: Betonggolv, belegg, laminat, teppe.
Veggar: Tapet, malte flater, malt panel.
Himling: Huntonittplater, malte flater, himlingsplater og malt panel.
Byggjemåte
Det antas at boligen og tilbyggene er fundamentert på fast grunn, med fundamenter av betong. Enkelt lagerrom under entrè, ikke måleverdig areal.
Gulv av betong i underetasje. Grovplate av betong på tilbygget mot vest. Underetasjen er oppsatt med yttervegger og innervegger av betongstein, utvendig pusset og malt.
Den eldste delen samt tilbygg mot nord er oppsatt i 4" grovt bindingsverk av trevirke, antatt isolert, utvendig kledt med
trekledning.
Tilbygget fra 2012 er satt opp med 6" bindingsverk av trevirke fullisolert og utvendig kledt med trekledning.
Utgang til altan fra balkongdør i stue i h-etg.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Nordfjord Taks og Consoulting AS, datert 15.2.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 167 kvm, Bruksareal: 243 kvm, Bruttoareal: 261 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Underetasje: 86 kvm
Hovudetasje: 115 kvm
Loft: 43 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering i garasje og elles på eiga tomt.
Tomt
Areal: 1 138 kvm, Eierform: Eiet tomt
Flott opparbeida hage med plen, planter og busker.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i område regulert for antatt LNF område med spredt bebyggelse.
Veg, vatn, avlaup
Det er privat til offentleg veg og vatn. Avlaup er privat med utslepp i sjø. Opplyst av eigar lagt nytt i 2011.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Det er svært enkel tilkomst til eigedommen via offentleg veg.
Oppvarming
Det er vedomn i stove, montert luft-til-luft varmepumpe i 2009. Varmekablar på hovudbad frå 2009. Elles er oppvarming basert på elektrisk oppvarming.
Kommunale avgifter
Kr. 10 000 pr. år
Avgift til NoMil på renovasjon vil komme i tillegg. Denne er på ca 4.000,- pr år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 349 716 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 258 977 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Selje kommune. Det er godkjende teikningar frå 15.5.1979 på husværet.
Det er ikkje godkjende teikningar på tilbygg frå 2012, ein må difor gå ut i frå at dette ikkje er omsøkt kommunen.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Diverse
Ein må pårekne pålegg frå kommune ang avlaup.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 167 m2
Bruksareal ? 243 m2
Bruttoareal ? 261 m2
Byggeår 1965
Tomte­areal 1138 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Salt
Selje
Prisant. 1350000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 167 m2
Bruksareal ? 243 m2
Bruttoareal ? 261 m2
Byggeår 1965
Tomte­areal 1138 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet