Hytte med flott beliggenhet på Utvikfjellet. Hytta selges uferdig. Lave omkostningar.

Vis i kart
Utvikfjellet
Byrkjelo
Prisant. 1490000
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Hytte med flott beliggenhet på Utvikfjellet. Hytta selges uferdig. Lave omkostningar.

Eigedom
Utvikfjellet
6826 Byrkjelo
Om eiendommen
Hytta som er under oppføring - blir solgt som den står - uferdig. Hytta er byggjemeldt i juni 2010, før TEK10 trådte i kraft og hytta er difor byggjemeldt og kan ferdigstillast etter TEK07. Dette er bekrefta både av ansvarleg søkjar og av Gloppen Kommune.
Hytta ligg nydeleg til i Breimslia Hyttefelt på Utvikfjellet, 550 meter over havet. Hyttefeltet/området er under utbygging. Pr. i dag er det fleire hytter som er oppførde og tatt i bruk. Breimslia hyttefelt ligg ca 2,2 km etter at ein har kjørt forbi, Utvikfjellet skisenter. Her har ein både flotte alpinbakkar og preparerte langrennsløyper. På sommaren har ein eit eldorado av flotte turområder like utafor hytteveggen.

Hytta har ein stor terrasse som vender mot sør, aust og vest. Her kan ein sitte og nyte gode solforhold og flott utsikt. Her har ein utsikt mot Breimsbygda og ein fantastisk fjellheim. Kort avstand til butikkar og bensinstasjon på Byrkjelo. seks kilometer like ovafor Byrkjelo tettstad.

På Breimslia hyttefelt er det kommet opp fleire hytter i løpet av dei seinare år.
Innhald
I følge vedlagte teikningar, er planen for den uferdega hytta:
Hovudetasjen: Gang, bad, 3 soverom, stove og kjøkken.
Loft: Hems
Underetasjen: Garasje og disp-rom.
Standard
Det er ikkje montert skilleveggar og heller ingen bekledning eller utstyr/innredning. Ingen innvendige tekniske installasjonar. Vatn med stikkledning fram til provisorisk wc-rom i u.etg.Av løpsrør som stikkledning med avslutning til provisorisk wc-rom i u.etg.
Straumforsyning med trekkerør m/el.kabel avslutta i sidebod til u.etg., ingen fordelingsskåp. Det er ikkje lagt fiber i hyttefeltet. I følge selgar vert Tv med parabol eller bakkenett antenne.

Aust- og sørvendt terrasse på 101 m2 med 28 mm terrassebord og 2"x82" bjelkar c/c 50 cm. Manglande rekkverk og uferdig avslutning av underliggande søyler og manglande midlertidig fundamentering. Vestvendt betongplatting på 21 m2 med påstøyp av betong over terrassebord m/bjelkelag. Noko lekkasje i betonggolvet og midlertidige ekstra trestøtter for underliggande bjelkelag. Kvit ytterdør i 1.etg. til terrassen mot aust, manglande trykkert. Pvc-skyvedør i 1.etg. til terrassen mot sør, uferdig listing.
Kvit pvc-dør til boda i 1.etg., ikkje lister. Brukt lakkert finert ytterdør til 1.etg. (ca 15 år), ikkje lister. Manglande ytterdør u.etg. mot vest og sør. Ledda alu.port til u.etg.
Uisolert bygning.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 12.04.2019. Hytta selges uferdeg, slik den står i dag.

Beskrivelse av bygning hentet frå takst:
Grunnforhold som steinfylling over morenemasser. Fundamentert med betongsåler.
Fuktsikring med knotteplast og dreneringsrør. Manglande montering av topplist over knotteplast, manglande samankobling og tildekking av dreneringsrør.
Grunnmur dels av betongblokk og dels av leca, utvendig og innvendig upussa.
Ytterveggar av 6" bindingsverk med ytterkledning av liggande enkeltfalsa trekledning montert mot sløyver, vindduk og asfaltplater. Omlag 2/3 av ytterkledninga er ferdig montert.
Saltakkonstruksjon med prefabrikert takkonstruksjon, mønedragar i stove/kjøkken for himling til møne. Ingen kledning/panel i gesimskasser. Manglande avslutning/kapping av vindskider. Uferdige søyler/innfesting av søyler.

Taktekking av torv over lufta takkonstruksjon. Alu. takrenner, nedløpsrør er ikkje montert.
Vindauger med 2-lags glas i trekarm. Delvis montert utvendige lister. Tre av vindauge i u.etg. er produsert i 1976.

Etasjeskillere som trebjelkelag, i 1.etg. er det lagt golvsponplater, bærande søyle og dragar i betongutførelse i u.etg.

Tilbygd bod i 1.etg. er anlagt med betongsåle mot påstøyp over terrassebord.
Tilbygd bod/overbygg til underetasjen; Singel som golv. Veggar av betongblokk og leca. Yttertak som påstøyp av betong over bjelkelag med terrassebord. 5 "lysopningar" med to glasbyggjarsteinar.


Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Bruksareal: 154 kvm, Bruttoareal: 168 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Ingen rom er innreiia og p-rom kan derfor ikkje oppgjeast.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 81 kvm
U.Etasje: 73 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Iht. til teikningar av hytta er det planlagt garasje i underetasjen.
Tomt
Areal: 878 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til fritidsbustad iflg. reguleringsplan- /føresegner datert 02.04.2008.
Veg, vatn, avlaup
Vatn: Tilknytta privat felles vasskjelde med borehol via felles private stikkledningar. Utvendeg stoppekrane lengst sør på tomta og med stikkledning m/krane fram til provisorisk wc-rom i underetasjen.
Avløp: Eigedommen er tilknytta kommunalt avløpsnett via private felles stikkledningar.
Veg: Adkomst frå riksvegen med ca 400 m privat felles oppgrusa veg som blir vinterbrøyta. Deretter enkel oppgrusa veg ned til tunet.
Energimerking
Eigedommen kan ikkje energimerkas då den er under bygging.
Tilkomst
Adkomst frå riksvegen med ca 400 m privat felles oppgrusa veg som blir vinterbraøyta. Deretter enkel oppgrusa veg ned til tunet.
Oppvarming
Ingen pr. i dag.
Kommunale avgifter
Pr. i dag ingen men når hytta er tilkopla vann, avløp og renovasjon så vert det sendt ut faktura to ganger årleg på dette.
Det same gjeld eigedomsskatt som vert berekna etter at hytta er ferdig.
Ein må og rekne med felleskostnader for vedlikehald og brøyting av veg.
Selger betalte kr. 5125 inkl. mva i 2016 og kr. 4750 inkl. mva i 2017 så dette kan variera etter snømengdet etc.
Faste kostnader
Når hytta er ferdig oppført må ein pårekne følgande:
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Renovasjon
Velforeining ( i form av felleskostnader til brøyting og vedlikehald av veg, etc.)
Tv-internet
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Vert ikkje berekna før hytta er ferdig, for sekundærbustad ligg denne normalt på 90% av markedsverdi.
Ferdigattest
Ferdigattest må ny kjøpar søke om etter at hytta er ferdig oppført.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Fritidsbustaden kan i si heilheit leigast ut til fritidsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
I samband med salet må selgar og byggansvarleg lage eit ryddig oppsett over ansvarsforholda, inkludert kontrollerklæringar for avslutta fagområde, som ny kjøpar har å bygge vidare på. Kjøpar vert og gjort merksam på at kommunen skal orienterast om nye eigar- og ansvarsforhold så snart dette er klarlagt.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 154 m2
Bruttoareal ? 168 m2
Rom 1
Byggeår 2015
Tomte­areal 878 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Utvikfjellet
Byrkjelo
Prisant. 1490000
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal ? 154 m2
Bruttoareal ? 168 m2
Rom 1
Byggeår 2015
Tomte­areal 878 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet