Sentrumsnær to-roms med solrik og stor terrasse VISNING 26.06 kl. 17-18!

Vis i kart
Hornnesvegen 20A
Førde
Prisant. 1400000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Sentrumsnær to-roms med solrik og stor terrasse VISNING 26.06 kl. 17-18!

Eigedom
Hornnesvegen 20A
6809 Førde
1. etasje
Om eiendommen
To-roms andelsleilegheit med stor sørvendt terrasse, bad frå 2010 og kjøkken frå 2006.

Haugum burettslag er veletablert og ligg i nær tilknyting til leikeplass, ballbane og barnehage. Ringbuss til sentrum stoppar like ved blokka. Gangveg til sentrum og tursti til Førdsnipa like ved.

Burettslaget sin fasade vart rehabilitert i 2012/2013 med blant anna etterisolering, nye vindauge, terrassedører og fasadeplater.

Ved kjøp av andelsleilegheit er det ingen dokumentavgift.
Innhald
Leilegheita har enkel tilkomst og følgjande innhald:
Entre/gangareal, bad/vaskerom, bod, romsleg soverom og stove/kjøkken i opa løysing.
I tillegg har leilegheita stor flislagt veranda og eigen sportsbod i fellesarealet.
Standard
Leilegheita har funksjonelle romløysingar og er oppgradert over tid. Det er laminat på golvflatene med unntak av bod og baderommet. På veggane er det måla overflater på underlag av plater, strier og murpuss, med unntak av baderommet som har baderomsplater. I himlinga er det måla slette overflater på underlag av murpuss.
Innvendige dører av finer frå byggjeåret .

Bad/vaskerom har standard frå 2010 og det er oppgradert med røyr i røyr system. Badet har varmekablar i golvet og er funksjonelt innreia med dusjkabinett, servant med underskåp, vegghengt klosett og opplegg for vaskemaskin. Vaskemaskina følgjer med i salet.

Stove/kjøkken i opa løysing med plass til spiseplass og sofagruppe. Vedomnen var ny i 2008. Frå stova er det tilkomst til 15 m2 sørvendt veranda med sol frå morgon til ca. 19.30/20 på høgsommaren. Terrassen er oppgradert til vinterhage med glasveggar som kan flyttast og flislagt dekke.

Kjøkkenet har bjørke innreiing og vart montert i 2006. Mellom laminert benkeplate og overskåp er det flislagt. Kvitevarene som er på kjøkkenet følgjer med i salet.
Kjøkkenøy eignar seg som spiseplass.

Romsleg soverom med plass til stor dobbeltseng er innreia med plassbygde skåp.

Modernisering (i 2006) Ny kjøkkeninnreiing.
Modernisering (i 2010) Delmodernisering av bad/vaskerom.
Modernisering (i 2012) Rehabilitering av fasaden med nye vinduer og
verandadør i 2012/2013.
Modernisering (i 2012) Delmodernisering av balkongen i 2012/2013.
Modernisering (i 2008) Vedomn av nyare dato.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 06.06.2019.

Fundament på planert steinfylling. Bygningen er oppført i betongkonstruksjon.
Fasaden vart rehabilitert i 2012/2013 og ytterveggane mot sør- og nord er av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel, andre veggar har utvendig kledning av fasadeplater. Ytterveggane mot sør er etterisolert og har no totalt 15 cm isolasjon, og det er montert ny bordkledning. På andre fasadar er det montert nye fasadeplater. Ytterveggane mot nord er etterisolert med 5 cm.
Etasjeskiljet og skiljeveggane mellom leilegheitene er i betong.
Ytterdør av finer med brannklassifisering B30. i stova er det verandadør frå 2012/2013 og vindauga har 2-lags glas i kvit trekarm montert i 2012/2013.

Diverse:
- Det elektriske anlegget har i vesentleg grad standard frå byggjeåret.
- Det er installert felles antenneanlegg, anlegget er dekka gjennom husleiga.
- Burettslaget har felles innkjøp av el. kraft men el. kraft ligg ikkje i husleiga.
- Ny porttelefon i samband med rehabilitering av fasaden.
- Sanitæranlegg med standard frå byggjeåret med vassrøyr av kopar og avlaupsrøyr i plast. Det er nyare vassrøyr i bad/vaskerom.
- Varmtvasstank av ukjent alder plassert i underskåpet på kjøkkeninnreiinga.
- Fiber

Bod i fellesareal:
Veggar med overflater av betong og panel. Golv av betong.
I himlinga er det eternitplater.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 48 kvm, Bruksareal: 51 kvm, Bruttoareal: 54 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA leilegheit: 51 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkeringsplass på burettslaget sitt fellesareal.
Tomt
Areal: 16 200 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta som ligg sørvendt er fint opparbeidd med leikeplass, grøntareal, blomster og asfalterte køyre- og gangareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Regulert til bustadføremål.
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen er kopla til kommunalt vassverk og avlaupsanlegg via burettslaget sine private stikkleidningar. Eigedomen har lett tilkomst frå kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Enkel tilkomst frå kommunal veg og burettslaget sin veg. For vegbeskriving sjå www.finn.no for kart eller kontakt meklar.
Meklar vil syte for skilting ved fellesvisning.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Varmekablar på bad/vaskerom.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Faste kostnader
Straum pr. år: ca. kr. 12.000,-
Forsikring blir betalt som del av felleskostnad.

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 350 206 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 260 741 per 31.12.17
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg bruksløyve frå Førde kommune datert 21.12.1976. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Haugum Burettslag, Orgnr.: 853031232
Andelsnr.: 63
Andel fellesgjeld: 130894, Andel fellesformue: 52736, Total gjeld: 18691523, Oppdatert pr: 27.05.2019
Kommentar gjeld: Andel fellesformue er henta frå likninga 2018.
Forkjøpsrett: Ja
Burettslaget har i alt 117 andelar fordelt på 3 blokker.

Burettslaget si fellesgjeld:
Den Norske Stats Husbank
Annuitetslån, 2 termin per år.
Rentesats per 27.05.2019: 1.41% pa.
Tal termin til innfriing: 39
Saldo per 27.05.2019: kr. 17 907 004,-
Andel av saldo: kr. 125 401,-
Første termin: 03.04.2014 Første avdrag: 03.04.2019 ( siste termin 03.10.2038 )

Sparebanken Sogn Og Fjordane
Annuitetslån, 2 termin per år.
Rentesats per 27.05.2019: 2.95% pa.
Tall termin til innfriing: 9
Saldo per 27.05.2019: kr. 784 519,-
Andel av saldo: kr. 5 494,-
Første termin/første avdrag: 30.12.2016 ( siste termin 30.06.2023 )
Felleskostnader
3 178 pr. mnd. Felleskostnadane inkluderer renter og avdrag på andelen sin del av fellesgjeld, forsikring, kommunale avgifter, honorar, eigedomsskatt, dugnadspengar, garasjeleige, fiber, drift og ytre vedlikehald jfr. vedtekter.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 159,-
Avdrag: kr. 540,-
Drift og vedlikehald: kr. 1.875,-
Kommunale avgifter: kr. 699,-
Dekning underskot oppsparte midlar: kr. -99,-

Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Syner elles til punkt "diverse" i salsoppgåva.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Dokumenta ligg vedlagt i salsoppgåva.
Forretningsførar
BOB.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca. 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar skal godkjennast av styret i burettslaget. Dette kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Kjøpar pliktar å gjennomføre handelen uavhengig av om kjøpar på overtakingstidspunktet er godkjent av burettslaget som ny eigar av andelen. Risikoen for å bli godkjent som ny eigar av andelen kviler på kjøpar. Dersom kjøpar på overtakingstidspunktet ikkje er godkjent som ny andelseigar, har kjøpar ikkje rett til å ta eigedomen i bruk, jf. burettslagslova § 4-5 (2). Blir kjøpar ikkje godkjent som ny eigar må kjøpar syte for vidaresal av andelen. Heimel vert overført til kjøpar og oppgjer vert utbetalt til seljar.
Sikringsfond/legalpant
Selskapet er knytt til ei sikringsordning som gir ei sikkerheit for manglande innbetaling av felleskostnader. Tilbydar av sikringsordninga er: Boligbyggelagenes Finansieringsforetak (BBL Finans)

Vi gjer merksamt på at burettslaget har legalpant for forfalle felleskostnader. Pantet er avgrensa oppad til 2G (G er Folketrygda sitt Grunnbeløp)
Utleige
Det vert vist til brl§ 5-3 der det går fram at eigar av ein andel ikkje utan samtykke frå styret kan overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av brl.§ 5-4 til 5-6. Det vert elles vis til vedtektene i burettslaget.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknyting til eigen bustad.
Diverse
- Bebuar kan halde husdyr. Det er ein føresetning at bebuar søkjer styret i burettslaget om skriftleg samtykke, og at bebuar inngår ei avtale om ansvarleg husdyrhald med burettslaget.
- Burettslaget planlegg rehabilitering av røyrsystemet i blokkene. For utfyllande informasjon sjå vedlagt informasjonsbrev i salsoppgåva.
- Burettslaget vurderer også å skifte punkterte ruter i veranda rekkverka. Prosjektet har blitt utsatt på grunn av ovannemnde punkt vedkommande rehabilitering av røyrsystemet. Styret vil ta opp igjen saken og prioritera ei felles utskifting for alle når ovannemnde prosjekt er kartlagt/utført.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Kjøpar har høve til å teikne bustadkjøparforsikring. Bustadkjøperforsikring er ei rettshjelpsforsikring som dekkjer utgifter forbunde med juridisk bistand, uttale frå fagkyndige og saksomkostningar. Forsikringa er valfri. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikring på www.help.no. Prisen går fram av oppsettet på samla kostnader for kjøpar.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottar ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 48 m2
Bruksareal ? 51 m2
Bruttoareal ? 54 m2
Rom 2
Byggeår 1976
Tomte­areal 16200 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
onsdag 26. juni, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Hornnesvegen 20A
Førde
Prisant. 1400000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 48 m2
Bruksareal ? 51 m2
Bruttoareal ? 54 m2
Rom 2
Byggeår 1976
Tomte­areal 16200 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
onsdag 26. juni, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet