Spesiell del av tomannsbustad i attraktivt roleg område

Vis i kart
Gaddevåggata 11
Florø
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Spesiell del av tomannsbustad i attraktivt roleg område

Eigedom
Gaddevåggata 11
6900 Florø
Om eiendommen
Denne kjekke bustaden ligg i eit eldre etablert bustadområde kort veg frå Florø sentrum. Du treng ikkje lange tida før du når matvarebutikk, Havhesten, sjø ( ligg ved kanalen ) og elles alle sentrumstilbod. Eigedomen ligg i ei roleg gate og er både solrik og barnevenleg. Fine uteområde kring bustaden til hagesyslar og rekreasjon. Storevatnet med sine fine turstiar er like ved.
Innhald
Bustaden er på tre plan der ein har stove og kjøkken i andre etasje. Utgang til altan frå stova. Fyrste etasje har entre, trapperom, to soverom og bad.
Kjellaren har trapperom / gang, eit soverom, bakkjellar og bod / vaskerom.
Standard
Innvendige veggar har : - Tapet, malt tapet, malte plater og baderomspanel på bad.

Golva har overflater av : - vinylbelegg, flisar, tokomponent betongmaling, 23mm eikeparkett(nokre striper i golvet ).Støypt
kjellergolv mot grunn sannsynlig utan fuktsperre / isolasjon mot grunn, unntatt i soverom der det er
isolert og har varmekabler m/påstøyp og vinylbelegg. Laminatgulv noke slitt. Flisegolv 1.etg. våtrom
noe uheldig fall ift. sluk(dusjkabinett med kar montert)

Tak/himling: trepanel, malt trepanel, 60/120cm hvite himlingsplater. Malte plater, og porøs ev.
halvhard trefiberplate m/maskinpapir og maling.
Byggjemåte
Bustaden er sett opp med grunnmur / ringmur i betong med prosentstein og teglsteinspipe i skille mot aust i kjellar. Grunnmur
med halmplate og puss innside iflg. tegning.Tre / yttervegg av tradisjonelt bindingsverk m/uklart hvorvidt det er isolert 1960, men tegninger indikerer isolert ca10cm. Lekter og liggende trekledning utvendig.
Bjelkelag i tre over kjeller og 1.etg.sannsynlig isolert med ett lag sydd matte e.l.(ikke uvanlig)
Sperretak saltakkonstruksjon m/skråtak 2.etg. stue, m/utvendig bordtak, papp, rekter, lekter og Decra metallplater steinimitat.
Vinduer fra ett lags(ett knust), kobla, og 2 lags isolerglass og energiglass.

Rekkverk på altan i andre etasje nytt i 2017 / 2018.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Gunnar Helgås, datert 24.05.2019 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 114 kvm, Bruksareal: 122 kvm, Bruttoareal: 129 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 41 m2
2.Etasje: 41 m2
Kjellar : 40 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen
Tomt
Areal: 419 kvm, Eierform: Festet fellestomt, Utløpsår feste: 2047, Festeavgift: 609, Festeavgifta er berekna med utgangspkt. i at ny festar sjølv skal bu i bustaden på festetomta. Dersom ny festar ikkje sjølv skal bu i bustaden er ikkje tillegget til festekontrakta gyldig og bortfestar vil ha info om dette.
Festa fellestomt på ca 838 m2, der denne disponerer ca. 419 m2.
Festekontrakt inngått i 1949, blir regulert i 2023 og utløper år: 2048
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som i kommunedelplanen er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Felles septiktank med seksjon 2. Nytt avlaup vart lagt i 2008 / 2009
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Tilkomst
God tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Vedovn i stova
Varmekablar på badet og varmekablar på soverom i kjellar.
Kommunale avgifter
Kr. 16 484 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 535 819 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 928 948 per
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune hverken frå byggeår eller etter seksjonering.
Det er ikkje meldt bruksendring frå disponibelt rom i kjellar til soverom.
Opplysningar om sameige.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Det er ikkje rekneskap eller vedtekter for dette sameige.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Noke restriksjonar i festekontrakt vedrørande at bortfestar vil ha informasjon om det er andre enn eigaren bur der. Kan slik ein les vedlegg til festeavtala ha noke å sei for festeavgifta.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Sjekk vedtekter, husordensreglar, årsmelding, rekneskap om det er tilhøve som må skrivast om i salsoppgåva. For eksempel vedtak som medfører auke i felleskostn/gjeld.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 122 m2
Bruttoareal ? 129 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 419 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
torsdag 20. juni, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gaddevåggata 11
Florø
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 114 m2
Bruksareal ? 122 m2
Bruttoareal ? 129 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 419 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
torsdag 20. juni, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet