Flott og romsleg einebustad med fint opparbeida hage

Vis i kart
Einevegen 1
Kaupanger
Prisant. 4450000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott og romsleg einebustad med fint opparbeida hage

Eigedom
Einevegen 1
6854 Kaupanger
Om eiendommen
Eigedomen ligg i eit roleg byggjefelt i Einevegen på Kaupanger med fin utsikt og gode soltilhøve.
Frå bustaden er det kort veg til butikk, barnehage, skule, idrettsanlegg og friområder. Det er god bussforbindelse med Sogndal.
Innhald
Flott og romsleg einebustad med fint opparbeida hage.
Bustaden er på 2.etg. og inneheld:
1.etg: Gangareal, wc, vaskerom, stove, kjøken og bod.
Loft: Loftstove/gang, bad og 4 soverom.

Eigedomen har innlagt fiber.
Standard
Eigedomen vart oppført i 2002 og framstår som godt vedlikehalden. Alle innvendige overflater er i god stand med normal bruksslitasje.
Det har vore utført påkostningar/oppgraderingar på eigedomen over dei siste år. Det er mellom anna måla ute-og innvendig, tilbygd bod, installert varmepumpe, lagt asfalt i tun, oppført mur av naturstein og div utskiftingar på kjøken/ bad.

1.etg:
Bustaden har innbydande og overbygd inngangsparti. I entré/gang er det flis og varmekabel i golv, og god plass til oppbevaring av sko og jakker.
Stova er lys og triveleg med plass til fleire sitte- og etegrupper. I stova er det montert varmepumpe og vedomn, og tilkomst til overbygd terrasse og hage. Kjøkenet er av god størrelse med heiltre innreiing frå Marbodal. Benkeflater er av laminat. Kjøkenet inneheld platetopp med ventilator, servant med dobbel kum, innebygd i høgskåp og frittståande kjøleskåp. Steikeomn er ny i 2019. Mellom overskåp og benkeflate er det flis på vegg. Like ved kjøken ligg eit praktisk vaskerom av romsleg størrelse. Vaskerommet inneheld dusjkabinett, stålkum, skittentøysjakt frå bad i 2.etg, varmtvasstank, røyr i røyr skåp, elektrisk skåp og sentralstøvsugar. Frå vaskerom er det tilkomst til isolert bod.
Wc er innreia med toalett, servant med spegel. Avtrekksventil i himling.

Loft:
Badet er heilflisa og har panel i himling. Badet er innreia med dobbel servant, badekar, dusjkabinett og toalett. Det er varme i golv og avtrekksventil i himling. Etasjen har til saman 4 soverom der det største rommet har utgang til luftebalkong. Dette soverommet har også plassbygd garderobeskåp.
Loftet har i tillegg 2 boder ved knevegg, desse er ikkje målverdige men fungerer som god lagringsplass.

Elles har bustaden:
- VV-anlegg frå byggjeår
- Sikringsskåp på vaskerom med automatsikringar
- Sentralstøvsugar frå 2018
- Varmepumpe installert i 2013
- Nytt blandebatteri og servant på toalett i 1.etg. og bad i 2.etg i 2015
- Seriekopla brannvarsling
Byggjemåte
Bustaden har grunnmur av støypt plate og ringmur i betong. Over grunnmur er det isolert yttervegg i tre med vindtetting og utlekta kledning med type dobbelfals. Etasjeskilje består av bjelkelag i tre. Alle dører og vindauger er i frå byggjeår. Bustaden har 2-lags isolerglas med gjennomgåande sprossar, måla ytterdører. Innerdører er kvitmåla med fresa spegel. Takkonstruksjon består av prefabrikkerte takstolar, brettex som undertak med sløyfer, lekter og takstein av betong. Elementpipe med vedomn i stove. Pipeinntekking og takrenner er av stål.

Innvendige overflater:
1.etg. har flis på golv i gang og parkett i stove og kjøken. Veggar har måla strie/tapet, og i himling er det tak-ess plater.
Loftet har 8 " furugolv, veggar er av måla strie/tapet i ulike variantar. I himling er det måla panel.

Wc i 1.etg: Belegg på golv, måla strier på veggar og tak-ess plater i himling.
Vaskerommet har belegg med oppbrett på golv, måla strier på veggar og tak-ess i himling.
Bad på loft : Heilflisa bad med panel i himling.

Garasje:
Garasjen blei bygd av Sogndal Vidaregåande skule i 2003.
Bygget framstår som uisolert med garasjeport og dør ved sida. Her er ikkje innlagt straum ,men lagt til rette for dette.
Garasjen har loft med tilgang via trapp. Dette rommet er også uinnreia og vert nytta som bod.
Takkonstruksjon består av prefabrikkerte takstolar, sutakplater som undertak, lekter og takstein av betong

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Dag Henning Hove, datert 18.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 152 kvm, Bruksareal: 161 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Einebustad:
1.etg: 88 kvm
Loft: 73 kvm

På loftet har 2 soverom + badet noko større golvflate enn rekna, dette grunna målereglar.

Garasje:
1.etg: 29 kvm
Loft: 19 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er tilstrekkeleg med parkering på eiga tomt, og i garasje.
Tomt
Areal: 756 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er skrånande og flott opparbeida med murar og trapper.
Tomta har med si plassering og utforming ei flott utsikt.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Bjørk Nord er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D
Tilkomst
Set inn tekst-tekst manglar
Oppvarming
- Vedomn i stove
- Elektrisk oppvarming som varmekablar og varmeomnar
- Varmepumpe luft til luft
Kommunale avgifter
Kr. 22 298 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk ca. 15 000,- pr år i tillegg til nettleige.
Innbuforsikring.
Husforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Frivilleg betaling til Lyngen Grandalag. kr 150,- pr år.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 1 107 091 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 985 529 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Sogndal kommune datert 27.02.2002. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Det er ikkje gjennomført radonmåling av utleigeeining i denne bustaden. Dette vert ikkje gjort før sal av eigedomen.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Kjøpar har høve til å teikne bustadkjøparforsikring. Bustadkjøperforsikring er ei rettshjelpsforsikring som dekkjer utgifter forbunde med juridisk bistand, uttale frå fagkyndige og saksomkostningar. Forsikringa er valfri. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no. Prisen går fram av oppsettet på samla kostnader for kjøpar.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottak ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 152 m2
Bruksareal ? 161 m2
Byggeår 2002
Tomte­areal 756 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
torsdag 20. juni, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Einevegen 1
Kaupanger
Prisant. 4450000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 152 m2
Bruksareal ? 161 m2
Byggeår 2002
Tomte­areal 756 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
torsdag 20. juni, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet