Bu godt i triveleg burettslag

Vis i kart
Furutun 32
Florø
Prisant. 1250000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel

Bu godt i triveleg burettslag

Eigedom
Furutun 32
6907 Florø
1. etasje
Om eiendommen
Furutun er eit velfungerande og kjekt burettslag. Her ligg ein lunt til med kort veg til skule, barnehage, matbutikk og flotte turområde med turstiar i alle retningar. Skal du til Florø sentrum så er det god gang og sykkelveg heile vegen. Havhesten når du på kort tid og dette er ein god plass å bu om du jobbar enten i sentrum eller på basen.
Buretslaget er byggt som ein tun som gjer det sosialt og triveleg.
Innhald
Entré, stove , kjøkken, bad / wc / vaskerom og soverom

Bod på 12kvm i kjellar i nabohuset + 1/2 av utebod.
Standard
Innvendige veggar har overflater av flisimiterte baderomsplater på bad / wc / vaskerom. Malte plater på resten.

Golva har overflater av våtromsbelegg på bad/wc/vaskerom. Flytande ein-stav lys eikeparkett på resten.

Himlingar har malt panel i alle tak.

- Nye baderomsplater og nymåla overflater i 2013.
- Nye oveflater golv i 2013
- Nymåla tak i 2013
Byggjemåte
Vertikal- og horisontaldelt 4-mannsbolig, bygget for 28 år siden,og forventet bygget etter datidens byggemetoder og
forskrifter. Denne andelen er i 1.etg. og har felles inngang med de 3 andre.

Støpte gulv med 50 mm ekspandert polyesteren over betongsåle på kult-fylling til fjell.

Ytterveggar av 148 isolert stenderverk, utvendig ut-lekta liggende kledning. Innvendig diffusjon-sperre og platekledd

Saltak med prefabrikkerte A-takstoler, sutaksbord, papp, rekter, lekter og betongstein.

2-lags isolervindu med horisontale gjennomgående sprosser

Borettslaget har gjort en stor påkostning på alle vindu, med utskiftning av utvendige lister og
pakninger.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 15.03.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 55 kvm, Bruksareal: 55 kvm, Bruttoareal: 59 kvm
Alle rom er P-rom.

Areal av gang/trappeoppgang på 7 m2 er ikke medtatt under arealene. Areal bod i kjeller og ute er ikke medtatt under
arealene.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 55 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Asfalterte felles parkeringsplasser
Tomt
Areal: 7 733 kvm, Eierform: Fellestomt
Burettslaget er bygd som eit tun med singelbelagte gangvegar til bustadane.Opparbeidd tomt og felles parkeringsplassar er asfaltert.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst frå felles parkeringsplass via gangveg som går mellom bustadane
Oppvarming
Termostatstyrte varmekabler i gulv bad / wc / vaskerom.
Faste kostnader
Felleskostander
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Likningsverdi som sekundærbustad kr per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 10011991. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Furutun Borettslag (Reg=2010.10.13 av gha ), Orgnr.: 951397547
Andelsnr.: 1468
Andel fellesgjeld: 65468, Andel fellesformue: 22574
Forkjøpsrett: Ja
Felleskostnader
6 323 pr. mnd. Felleskostnadane dekker utvendig vedlikehald, kommunale avgifter, drift, renter og avdrag på lån.
Felleskostnadane fordeler seg slik:

Rente: kr. 189,-
Avdrag: kr. 2213,-
Drift og vedlikehald: kr. 1327,-
Kommunale avgifter: kr. 1264,-
Forretningsførsel og revisjon kr. 1391,-
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Er brl privat eller tilslutta BOB.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar skal godkjennast av styret i burettslaget. Dette kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Kjøpar pliktar å gjennomføre handelen uavhengig av om kjøpar på overtakingstidspunktet er godkjent av burettslaget som ny eigar av andelen. Risikoen for å bli godkjent som ny eigar av andelen kviler på kjøpar. Dersom kjøpar på overtakingstidspunktet ikkje er godkjent som ny andelseigar, har kjøpar ikkje rett til å ta eigedomen i bruk, jf. burettslagslova § 4-5 (2). Blir kjøpar ikkje godkjent som ny eigar må kjøpar syte for vidaresal av andelen. Heimel vert overført til kjøpar og oppgjer vert utbetalt til seljar.
Sikringsfond/legalpant
Selskapet er knytt til ei sikringsordning som gir ei sikkerheit for manglande innbetaling av felleskostnader. Tilbydar av sikringsordninga er: Boligbyggelagenes Finansieringsforetak (BBL Finans)

Vi gjer merksamt på at burettslaget har legalpant for forfalle felleskostnader. Pantet er avgrensa oppad til 2G (G er Folketrygda sitt Grunnbeløp)
Utleige
Det vert vist til brl§ 5-3 der det går fram at eigar av ein andel ikkje utan samtykke frå styret kan overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av brl.§ 5-4 til 5-6. Det vert elles vis til vedtektene i burettslaget.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 55 m2
Bruksareal ? 55 m2
Bruttoareal ? 59 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 7733 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Furutun 32
Florø
Prisant. 1250000
Soverom 1
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 55 m2
Bruksareal ? 55 m2
Bruttoareal ? 59 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 7733 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet