Ein sjeldan moglegheit i Florø, denne utsikta er særs unik!

Vis i kart
Eikedalen 10
Florø
Prisant. 4400000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Ein sjeldan moglegheit i Florø, denne utsikta er særs unik!

Eigedom
Eikedalen 10
6908 Florø
Om eiendommen
Ein særs fint beliggande eigedom i eit stille fint område med turstien rett utanfor døra. Her har du ein utsikt langt sørover i skipsleia og innover i Solheimsfjorden. Kvar dag her vil gje deg nye flotte bileter utanfor stovevindauget ettersom veret skiftar. Å sitte godt å varmt inne og sjå kor det stormar på fjorden er nok ganske triveleg det samtidig som det knitrar i peisovnen. Fint og trygt å gå til Krokane skule over Nybømarka. Solrikt og barnevenleg og ein har heller ikkje gjennomgangstrafikk her.
Innhald
Bustaden går over to plan og har i hovudetasjen kjøkken, stove, to soverom,hall, gjestetoalett, bad og entre. Underetasjen har entre, kjøkken, stove / soverom, eit soverom, bad, trapperom, vaskerom og gang.
Bustaden var opprinneleg teikna med 3 soverom i hovudetasjen der eit no er gått inn i utvida bad. Underetasjen er opprinneleg teikna inn med to hyblar og tekjøkken. Det er ikkje gjennomgang frå hovudetasjen til utleigedelen.
Trapp frå gang til del av kjellaren som hovudetasjen brukar .

Garasjen har eit BTA på 25m2 og er i lag med bustaden, Automatisk portopnar.

Utebod på 8m2
Standard
Bustaden har vore modernisert i fleire omgangar med nytt bad m.m i 1997, nytt kjøkken og modernisering av stove m.m. i 2006.
Innvendige har veggar overflater av flisar på badet i hovudetasjen, panel i badstove og målte flater elles. Himlingar har målte flater. Golva har flisar , betonggolv, parkett og vinylbelegg.
Byggjemåte
Bustaden er sett opp med betongfundament og ytterveggar av betong i bakkant samt front og sider. Værhud av målt panel. Yttertak
med stein og sperr samt skorstein. Nye vindauge på delar av bustaden. Edeltre ytterdør. Etasjeskilje i
tre.
Isolasjon etter byggeåret sine reglar. Sperretak med taktekking.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Per Gunnar Bjørkaas, datert 17052019 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 164 kvm, Bruksareal: 176 kvm, Bruttoareal: 190 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 86 m2
2.Etasje: 90 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Særs god parkering her, stor garasje og mykje plass på sjølve eigedomen
Tomt
Nydeleg utsiktstomt som er fint opparbeidd med grøntareal og beplantning. Her kan du og plukke blåbær til sommervaflane. Asfaltert innkøyring med god plass til mange bilar. Beleggingsstein mot inngangspartiet.
Vegen ligg inne på delar av eigedomen slik at reelt tomteareal er mindre enn oppgjeveareal. Dette vil likevel ikkje utgjere noko mangel på eigedomen.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Offentleg veg til eigedomen
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
God tilkomst frå hovudvegen med stor parkeringsplass og godt med snuplass.
Oppvarming
Set inn tekst-tekst manglar
Eswa i stove og kjøkken. Peisovn i stova. Varmekablar på bad i hovudetasjen.
Varmekablane på badet i underetasjen virkar ikkje.
Kommunale avgifter
Kr. 25 926 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 805 217 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 898 780 per
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 140776. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 164 m2
Bruksareal ? 176 m2
Bruttoareal ? 190 m2
Byggeår 1976
Tomte­areal 1008 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Eikedalen 10
Florø
Prisant. 4400000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 164 m2
Bruksareal ? 176 m2
Bruttoareal ? 190 m2
Byggeår 1976
Tomte­areal 1008 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet