Koselig bustadeigedom - like ved fine naturområder langs sjøen.

Vis i kart
Brandsøyvegen 5
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Koselig bustadeigedom - like ved fine naturområder langs sjøen.

Eigedom
Brandsøyvegen 5
6908 Florø
Om eiendommen
Brandsøyvegen 5 er ein solrik og sjønær eigedom med gode kvalitetar. Her er det ein spennande hage med mange moglegheiter. Dei fine naturområdene med svaberg langs sjøen ligg like ved. Det er eit roleg rekreasjonsområde der det er fint å opphalde seg og bade om ein ønskjer det. Campingplassen ligg også like ved, og der er det badestrand og populære badeplasser på utsida av området. Kort gangavstand til Furuholmen båthamn, og det er ca 3 km til sentrum.
Innhald
Bustadhuset er på to plan + kjellar og loft.
Plan 1(hovudplan): vindfang, gang, stove med utgang til altan, kjøkken, 1 soverom, wc og kott.
Plan 2: gang, 3 soverom, vaskerom m/dusj, bad/wc og kott.
Kjellar har 3 kjellarrom og 3 boder. Kaldloft.
Standard
Forrige eigar oppgraderte delar av eigedomen i 2009/10. Noverande eiger har gjort ytterlegare oppgraderingar i delar av bustaden og bygt nytt vaskerom i 2016.
Gangen er pussa opp og trappa til loftsetasjen er slipt ned.
Den koselige stova har beliggenheit og utsikt både mot sjøen i sør og mot båthamna i vest. Det er utgang til altanen og vidare til hagen frå stova.
Stova har nytt luta heiltre furugolv og ny panel (måla) på veggar og tak i 2016.
Kjøkkenet er pussa opp i 2016. Det eksisterande eikekjøkkenet blei måla og det blei skifta vask, heiltre benkeplate og knotter.
Overflater kjøkken er nytt luta heiltre furugolv og ny panel (måla) på veggar og tak i 2016.
I loftsetasjen er det bad/wc med badekar, baderomsinnreiing og wc. Badet har flislagt golv og baderomspanel på veggar.
Det nylaga vaskerommet med dusj var tidlegare kjøkken. Rommet har flislagt golv, baderomsplater på 1 vegg og måla panel på 3 veggar. Dusjnisje med glassbyggestein, vask og stor garderobe.
Soveromma har på golv: flytande eikeparkett, flytande laminat og måla tregolv. På veggar er det mdf plater og måla panel. Ny panel i tak på 2 soverom.
Kjellaren har betonggolv og betong ytterveggar.

Diverse:
- Røyr i røyrsystem med fordelarskåp i kjellar
- Sikringsskåp med automatsikringar, jordfeilbrytar og overspenningsvern.
- Sentralstøvsugar, eit uttak i kvar etasje. Motor Flexit i bod i kjellar
- Mekanisk avtrekk frå våtrom og kjøkken. Motor på loft.
- Varmtvannstank 200 l i kjellar
Byggjemåte
Bustadhuset er oppført i 1957. Grunn og fundmement er betongsole på kultfylling til fjell. Golv på grunn er betong. Ytterveggar er i kjellar: 350 mm sparesteinsbetong, utvendig pussa og overflatebehandla over terreng. 1. og 2. etasje har 100 mm isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig kledning. Innvendig difusjonsperre og platekledning.
Iflg . tidlegare takst er utvendig kledning skifta og etterisolert i 2010.
Takkonstruksjonen er saltak med plassbygt tre-sperr, sutaksbord, papp, rekter, lekter og betongstein. Sydde matter med glassvatt mellom loftbjelker. Nokre variable årstal på vindauga. På nordsida er det vindauge frå 1978 og 1985, og dei andre i 2. etasje er frå -90 talet. Resten er frå 2009/10. Ve-lux vindauge på bad har knust innerglass.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 02.07.2019..

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 129 kvm, Bruksareal: 191 kvm, Bruttoareal: 207 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: kjellar, boder og kott

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 69 m2
2.Etasje: 53 m2
Kjellar: 61 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering ved Brandsøyvegen. Ny eigar bør opparbeide ny parkeringsplass og innkjørsel. Sjå punkt om veg, vatn og avlaup.
Tomt
Areal: 990 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt. Koselig hage med moglegheiter. Hagen er pr idag opparbeidd med plen, plantar og trær.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til bustad. Grense til campingplass i sør/vest.
PlanId: 20110101
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn via private stikkleidningar.
Eigedomen har pr. idag privat slamavskiller. Noverande eigar har fått pålegg om, og har betalt påkopling til offentleg avløpsanlegg. Røyrleggjar har sendt inn røyrleggjarmelding vedkomande arbeidet. Arbeidet er ikkje utført og ny eigar må kontakte røyrleggjar for å ferdigstille dette.
Noverande eigar hadde planar om å ferdigstille arbeidet ilag med opparbeiding av innkjørsel og parkeringsplass og har vært i kontakt med entreprenør vedkomande forskjellige alternativ. Det vert opptil ny eigar å ferdigstille dette.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg. Sjå punkt om veg, vatn og avlaup.
Oppvarming
Det er peisomn i stove (ny 2016). Isolasjon rundt pipe bør fjernast.
Termostatstyre varmekablar på bad og vaskerom i loftsetasjen.
Kommunale avgifter
Kr. 20 987 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 773 535 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 784 725 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 129 m2
Bruksareal ? 191 m2
Bruttoareal ? 207 m2
Byggeår 1957
Tomte­areal 990 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
torsdag 1. august, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Brandsøyvegen 5
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 129 m2
Bruksareal ? 191 m2
Bruttoareal ? 207 m2
Byggeår 1957
Tomte­areal 990 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
torsdag 1. august, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet