Kjekk endeleilegheit med carport

Vis i kart
Kringomvegen 22
Svelgen
Prisant. 875000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel

Kjekk endeleilegheit med carport

Eigedom
Kringomvegen 22
6723 Svelgen
Om eiendommen
Eigedomen ligg ca 3 km frå Svelgen sentrum i retning Florø. Dette er ei endeleilegheit og har det ope og fint rundt bustaden. Svelgen er kommunesenteret i Bremanger og ligg ca 45 min nord for Florø. Områda rundt Svelgen har flotte forhold for fiske - både i sjø, fjord og ferskvatn.
Du kan nå mange velkjente turmål herfrå. Den største bedrifta i Svelgen er Elkem AS Bremanger, eit moderne smelteverk.
Innhald
Bustaden er på to plan og har i hovudetasjen , kjøkken og stova i open løysing med utgang til altan med bod.
Underetasjen har vindfang, hall med trapp, kontor, bad / wc, vaskerom og eit soverom.
Standard
Innvendige veggar har overflater av i 1.etg. : - fabrikkmalte MDF plater i vindfang. Tapet m/brystningspanel av "Villmarkspanel" i hall m/trapp. Tapet m/malt brystningspanel på soverom. Panel på kontor. Fliaer på bad/wc. Malte plater på bod 1 og vaskerom. Panel, malt panel , malte plater og sponplater i bod 2.
2.etg. : Synlige stendere og papp i utvendig bod. Malt glassfiberstrie på kjøkken og soverom 1. Tapet på stue og soverom 2.
Tapet med fliser i dusjhjørne på bad/wc.

Himlingar har overflater av : 1.etg. : Malte plater på soverom og vaskerom. Panel på resten.
2. etg. : Synlige bjelker og sutaksbord i utvendig bod. Panel på stue og kjøkken. Malte plater resten

Golva har overflater av : 1.etg. : Vinylbelegg i vindfang. Malt betong i bod 1, bod 2 og vaskerom. Flisar på bad/wc. Flytande laminatgolv på resten.
2.etg. : Terrassebord i utvendig bod. Flisar på bad/wc. Flytande laminatgolv på resten.

Innlagt fiberkabel
Innlagt brannalarm for heile burettslaget med utvendig sirene.
Byggjemåte
Borettslag bygget for 48 år siden, bestående av 22 leiligheter, bygget som vertkaldelte rekkehus med flate tak og forventet
bygget etter datidens byggemetoder og forskrifter.

Grunn og fundamenter av betongsåle på kult fylling til fjell.

Yttervegger av 100 mm isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig kledning. Innvendig difusjonssperre og platekledning.

Takkonstruksjoner av Isolert bjelkelag, flatt tak, sutaksbord, tekket med Papp og singel oppå.
Overlyskuppel over kjøkken. (den er tettet igjen i denne andelen). I henhold til rekvirent er det flate taket etterisolert i 2012/13.

2-lags isoler-vindu fra byggeår i 1.etg. og nyere fra 2004 i 2.etg. 1 stk. vindu med defekt glass.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 27.05.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 149 kvm, Bruksareal: 163 kvm, Bruttoareal: 169 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 80 kvm
2.Etasje: 83 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
I carport eller på asfaltert innkjørsel og oppstillingsplass fremfor Carport.
Tomt
Fellestomt som her er opparbeidd med grøntareal, litt beplantning og hekk mot nord.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg
Oppvarming
Jøtul vedovn i hall og Dovre vedovn i stova.
Luft til luft varmepumpe i hall.
Termostatstyrte varmekablar på bad/wc i 1.etg og bad/wc andre etg.
Faste kostnader
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 489 184 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 761 062 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Bremanger kommune.
Det har vore tidlegare bygd til ei utebod for å kompensere at ein tok boda inne i lag med kontoret. Ein kan ikkje sjå at dette er byggemeldt.
Bremanger kommune har ikkje opprinnelege teikningar og meklar får ikkje sjekka bustaden opp mot dei i forhold til slik den er i dag. Og kan difor heller ikkje sei om det har vorte endra bruk av opprinnelege rom.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Langeneset IV Borettslag, Orgnr.: 966694513
Andelsnr.: 1
Andel fellesgjeld: 9090, Total gjeld: 200000

Lånebetingelser fellesgjeld:
Låne nr.: Elkem AS, Bremanger smelteverk
Serielån, reel fast termin
Saldo per 06.06.2019: 200 000,-
Andel av saldo: 9091
Manglar informasjon for terminberegning.
Rentefritt.
Felleskostnader
2 940 pr. mnd.
Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 0
Avdrag: kr. 29,-
Drift og vedlikehald: kr. 970,-
Kommunale avgifter: kr. 1675,-


Det er starta ein prosess med innhenting av anbod vedrørande maling av leilegheitene. Styreleiar opplyser at denne kan medføre noke auke i felleskostnadane men burettslaget har litt pengar så foreløpig er det ikkje vedtatt.
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Langeneset IV Borettslag er frittståande burettslag med BOB som forretningsførar.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. (ta det vekk om det ikkje stemmer)
Godkjenning
Kjøpar skal godkjennast av styret i burettslaget. Dette kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Kjøpar pliktar å gjennomføre handelen uavhengig av om kjøpar på overtakingstidspunktet er godkjent av burettslaget som ny eigar av andelen. Risikoen for å bli godkjent som ny eigar av andelen kviler på kjøpar. Dersom kjøpar på overtakingstidspunktet ikkje er godkjent som ny andelseigar, har kjøpar ikkje rett til å ta eigedomen i bruk, jf. burettslagslova § 4-5 (2). Blir kjøpar ikkje godkjent som ny eigar må kjøpar syte for vidaresal av andelen. Heimel vert overført til kjøpar og oppgjer vert utbetalt til seljar.
Sikringsfond/legalpant
Selskapet er knytt til ei sikringsordning som gir ei sikkerheit for manglande innbetaling av felleskostnader. Tilbydar av sikringsordninga er: Boligbyggelagenes Finansieringsforetak (BBL Finans)

Vi gjer merksamt på at burettslaget har legalpant for forfalle felleskostnader. Pantet er avgrensa oppad til 2G (G er Folketrygda sitt Grunnbeløp)
Utleige
Det vert vist til brl§ 5-3 der det går fram at eigar av ein andel ikkje utan samtykke frå styret kan overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av brl.§ 5-4 til 5-6. Det vert elles vis til vedtektene i burettslaget.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Snarast
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 149 m2
Bruksareal ? 163 m2
Bruttoareal ? 169 m2
Byggeår 1971
Tomte­areal 3328 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
onsdag 17. juli, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kringomvegen 22
Svelgen
Prisant. 875000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 149 m2
Bruksareal ? 163 m2
Bruttoareal ? 169 m2
Byggeår 1971
Tomte­areal 3328 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
onsdag 17. juli, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet