Einebustad med fin beliggenhet, flott hage og god utsikt til fjorden.

Vis i kart
Rindane
Stryn
Prisant. 2550000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad med fin beliggenhet, flott hage og god utsikt til fjorden.

Eigedom
Rindane, Olden
6783 Stryn
Om eiendommen
Eigedommen har ein flott hage og litt fint til i eit etablert byggjefelt i Rindane. Kort veg til Olden sentrum med både butikkar, barnehage og barne- og ungdomsskule.Tomta ligg vestvendt og har opparbeida tomt med blomster, busker og plen. Ved innkjørsle er det oppgrusa veg og tun. Bustaden har terrasse som er delvis overbygd og som vender mot sør og ein stor terrasse over garasjen påbygget og vender mot nord.
Innhald
Underetasje: Vindfang, trapperom, gang, 2 soverom, vaskerom, wc-rom.
Første etasje: Trapperom, gang, 2 soverom, bad, kjøkken og stove.
Enkel garasje.
Standard
Kjekk og innhaldsrik einebustad på to etasjar.
Ein kjem fyrst inn i eit vindfang i underetasjen. Deretter har ein gang med trapp opp til andre etasje, 2 gode soverom, eit praktisk vaskerom og eit wc-rom. Underetasjen har og 3 boder og inngang til garasjen. Når ein kjem opp trappa til 2. etasje, kjem ein direkte inn i ei stove som går i ein vinkel. Innafor stova har ein eit koseleg kjøkken med vindauge som vender mot vest og fjorden. Frå stova går ein så inn i soveromsgangen der ein har to soverom og eit bad.

Stova:
Stova er romsleg med store vindauge som vender ut mot terrassen og mot utsikta til fjorden. Frå stova er det dobbeldør ut til ein stor og fin, delvis overbygd terrasse. Terrassen går og videre og langs heile hovudfasaden på bustaden. På veggane er det tapet og på golvet er det trestavs eikeparkett. Stova har vedomn som varmer godt på kalde vinterkveldar.

Kjøkken:
Kjøkkenet har god plass til eit lite frokostbord. Her kan ein sitte å nyte morgonkaffien medan ein nyt utsikta til fjorden og fjella i nærleiken. Kjøkkeninnreiinga har laminat benkeplate, veggflis over benken. Her er ikkje integrert kvitevarer men det er opplegg for oppvaskmaskin. Kvitevarene på kjøkkenet følgjer ikkje med i salet.

Bad/vaskerom/wc:
Badet ligg i hovudetasjen og er av eldre dato. Her har ein måla takplater, belegg på veggar og golv.
Golvmontert toalett vask i skåpseksjon og spegel over skåpseksjonen. I dusjen er det laga til med ein glasvegg.
Vaskerommet i underetasjen er praktisk rom der det og er laga til med dusjkabinett. Her har ein og varmtvannstanken ståande og ein praktisk utslagsvask i plast. Måla takplater, veggar med tynnplater og noko måla plater. Det er belegg på golv. I tillegg har ein eit gjestetoalett med vask, som ligg i underetasjen.

Soverom:
Bustaden har fire gode soverom med plass god plass til skåp, på dei fleste. To av soveromma er i underetasjen medan dei to andre finn ein i hovudetasjen. Alle soveromma har belegg på golv og tapet på veggane.

Vindauga i stova og kjkkenet mot vest har solmarkise.
Mekanisk avtrekk med felles avtrekksvifte frå badet, vaskerommet og wc-rommet og med ventilator over steikjesoa på kjøkkenet.

Garasje:
Oppførd i 2004.
Fundamentert med såle og golv på grunn av betong.
Ytterveggar av betongblokk med utvendeg synleg måla betongpuss
Ledda manuell treport. Det er framlagt straumt til lys og el.kontaktar. Vasskrane (ikkje frostsikra).

Det vart skifta tak etter orkanen i 2009. Det vart då lagt ny taktekkin, pipiehatt, takrenner og nedløpsrør.Taket vart lagt av fagperson.
Montert ny kjøkkeninnreiing og legging av nytt golv i stova og kjøkkenet i 2009.
Nytt terrasserekkverk i 2018
Ny tofløya terrassedør i 2019
Garasjen med terrasse over vart oppførd som tilbygg i 2004.

Utvendeg er det noko mote på taket, meindre riss i betongpussa grunnmur, manglande topplist over synleg knotteplast og terrasserekkverket har opningar over gledande krav.

Innvendeg er alle vindauger frå byggjeår. Noko fuktskade i deler av takplater på nokre av romma i u.etg. Noko saltutslag i underkant vegg på eine boda. Badet har fuktskade i underkant av veggplanter i dusjen, dels utette beleggskjøtar og fuktoppsvulma takplater ved takventilen. Det er registrert noko kondensering på mørkeloftet.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 08.07.2019
Bustaden har i følge takst ukjend grunnforhold, suktsikring med synle knotteplast og antatt dreneringsrør.
Fundamentert såle av betong mot terreng, og elles lecamurar med betongpuss.Ytterveggar har 10 cm isolert bindingsverk med ytterkledning i hovudsak av ståande trekledning. Vindauge med 3-lags glasruter i trekarm.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 141 kvm, Bruksareal: 163 kvm, Bruttoareal: 178 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: 3 boder i underetasjen.

BRA pr. etasje:
U.Etasje: 78 kvm
1.Etasje: 85 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Enkel garasje.
Elles gode parkeringsmoglegheter på eiga tomt.
Tomt
Areal: 1 567 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Bustadområdet.
Eigedommen ligg i faresone en1/5000
Veg, vatn, avlaup
Adkomst frå kommunal veg med oppgrusa veg og tun.
Vatn frå Olden Vassverk, privat felles anlegg.
Avløp til felles septiktank med overløp tilknytta kommunalt avløpsnett.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst
Lett tilkomst. Det vert skilta til fellesvisning.
Oppvarming
Vedomn i stova, varmekablar på badet og ellers oppvarming basert på elektrisk.
Kommunale avgifter
Kr. 12 208 pr. år
Kloakkavgift kr.3272, feiing kr. 368, eigedomsskatt kr. 2929, renovasjon kr. 3742, vassavgift kr 1898 til Olden Vassverk. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Tv- og internett
Renovasjon
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 813 693 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 929 295 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg midlertidig brukstillatelse frå Stryn kommune datert 8/3-1982
Etter det er garasjen oppført.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 141 m2
Bruksareal ? 163 m2
Bruttoareal ? 178 m2
Byggeår 1982
Tomte­areal 1567 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
sundag 21. juli, 13:00 – 14:00
Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Rindane
Stryn
Prisant. 2550000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 141 m2
Bruksareal ? 163 m2
Bruttoareal ? 178 m2
Byggeår 1982
Tomte­areal 1567 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
sundag 21. juli, 13:00 – 14:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet