Eigedom med behov for oppgradering, landleg og fin beliggenhet på Alsaker!

Vis i kart
Nordfjordvegen 4343
Nordfjordeid
Prisant. 980000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Eigedom med behov for oppgradering, landleg og fin beliggenhet på Alsaker!

Eigedom
Nordfjordvegen 4343
6774 Nordfjordeid
Om eiendommen
Det er landleg og fint i området, og med gang- og sykkelveg er det åpna
Innhald
Husvær over tre etasjar og mørkeloft inneheld:
Kjeller: trapperom, vaskekjellar, 3 boder.
1. etasje: trapperom, kjøkken, 2 stover, bad.
Loft: trapperom, 3 soverom 2 boder.
Standard
Standard i husvær er stort sett frå byggeår. Noko modernisering er gjort. Blant anna er det satt inn dusjkabinett og gjort diverse maling og fornying.

Overflater generelt:
Himlingsbekledning; I hovedsak måla papp og måla takplater, målingsstrie på kjøkkenet, i hovedsak måla rupanel i kjellaren.
Veggbekledning; I hovedsak målingsstrie, noko måla plater/måla papp, i kjellaren er her i hovedsak måla betongpuss og elles tynnplater i tilbygget.
Golvbekledning; I hovedsak golvbelegg og elles lakkert og måla tregolv, i kjellaren er her i hovedsak ubehandla betonggolv og elles golvbelegg i tilbygget.
Bad; Måla takplater, baderomsplater på veggane og golvflis.
Vaskekjellar; Himling med måla rupanel, veggar med måla betongpuss og ubehandla betonggolv.

PRIVAT SKIFTE:
Det vert gjort særskilt merksamt på at bustaden seljast for et dødsbu. Arvingane (seljarane) har ikkje bebudd eigedomen og har ingen kunnskap vedrørande eigedomen utover det som her går fram av prospektet. Kjøpar vert oppmoda til å gjere ei særs grundig synfaring, gjerne med bistand frå teknisk sakkyndig.
Byggjemåte
Grunnforhold av myrterreng. Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Grunnmur som engelsk holmur med utvendig synleg betongpuss og grunnmur av betong med innvendige framforingar i tilbygget. Ytterveggar av reisverk som sansynlegvis er enkelt isolert og som 10 cm isolert bindingsverk i tilbygget, ytterkledning av liggande enkeltfalsa trekledning. Åstakkonstruksjon med bærande åsar og sperrer og undertak med taktrod kant-i-kant og papp, ca 10 cm isolasjon mot mindre del av loftsrom. Skråtak over tilbygget med bærande sperrer og antatt ca 10 cm isolasjon mot underliggande rom. Taktekking på hovedtaket med lappskifer, snøfangararkrokar og med måla sink takrenner og nedløpsrør. Taktekking på tilbygget med lakkert alu.plater og plast takrenner og nedløpsrør. Etasjeskillere av trebjelkelag isolert med sydde isolasjonsmatter som er synleg i kjellar, ukjent isolasjonsomfang og antatt isolert med 10-15 cm isolasjon i tilbygget. Vindauger i hovedsak med 2-lags glasruter i trekarm med monteringsår 1979, elles 1-lags vindauger frå byggjeår.
Fasade sør; Betongtrapp til 1.etg. og kjellaren og med overbygt inngongsparti. Ytterdører som måla tredører og som finert enkel dør til kjellaren under tilbygget. Fasade vest; Veggmontert rømningsstige.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 14.5.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 110 kvm, Bruksareal: 176 kvm, Bruttoareal: 193 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Kjeller: 60 m2
1.Etasje: 67 m2
Loft: 49 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er godt med parkering på eiga tomt.
Tomt
Areal: 1 484 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Set inn tekst-tekst manglar
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilknytt offentleg vatn via private stikkledningar. Elles er det septiktank og eigedommen ligg ved offentleg veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Det er svært lett tilkomst til eigedommen. Det vil bli skilta ved fellesvisning.
Oppvarming
Vedaomn i eine stova samt eldre rusta vedaomn i vaskeskjellaren og på eine soverommet, elles er oppvarming basert på elektrisitet.
Kommunale avgifter
Kr. 10 655 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil kjem i tillegg og er på ca 4.000,- per år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.

Noverande eigar har aldri bebudd eigedommen og difor er det ingen kostnader å vise til.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 431 953 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 555 032 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest på rehebilitering av pipe frå Eid kommune datert 24.3.1998 Denne ligg vedlagt.
Det er også løyve til påbygg frå 1977. Dette er ikkje oversendt til Meklar, og difor ikkje kontrollert. Kommunen opplyser også at det ikkje ligg ved teikningar eller ferdigattest på dette tilbygget.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Det er ikkje kontrollert teikningar opp mot dagens planskisse då teikningar ikkje føreligg.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar. Eigedommen er ledig for kjøpar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 110 m2
Bruksareal ? 176 m2
Bruttoareal ? 193 m2
Byggeår 1954
Tomte­areal 1484 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Nordfjordvegen 4343
Nordfjordeid
Prisant. 980000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 110 m2
Bruksareal ? 176 m2
Bruttoareal ? 193 m2
Byggeår 1954
Tomte­areal 1484 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet