Praktisk og lettstelt leilegheit - delvis oppussa siste åra. Parkering i carport.

Vis i kart
Hjellegata 2
Florø
Prisant. 2200000
Soverom 1
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Praktisk og lettstelt leilegheit - delvis oppussa siste åra. Parkering i carport.

Eigedom
Hjellegata 2, leilegheit nr. 5
6900 Florø
2. etasje
Om eiendommen
Fin sentrumsleilegheit på Evja. Frå bustaden er det kort gangavstand til det meste. I Hjellegata 2 er det lettvint og praktisk. Det er butikk og bakeri i første etasje, og det er heis og porttelefon i bygget. Sameige har eit stort uteareal mot aust over carportane.
Sameige har pr. idag minusmålar på straumen slik at straumutgiftene pr. seksjon vert gunstige.
Noverande eigar har pussa opp delar av bustaden siste åra. Dette gjeld m.a. nye baderomsplater og spotter på bad (2019), eikeparkett på golv i opphaldsrom (2014) samt oppgradering av kjøkkenventilator (2017) og reparasjon av varmekablar på golv med ny termostat og følar (2015).
Innhald
Leilegheita i andre etasje er romsleg og inneheld: gang, bod, bad/vaskerom, 1 soverom, 1 stort kontor/innreidd bruksrom, kjøkken, stove og hagestove med barløysing og skyvevindauge. Skyvedør mellom stove og hagestove.

Parkering i carport.
Standard
Fin sjølveigarleilegheit som er bygt i 2008. Nye baderomsplater og spotter på bad i 2019, samt parkett på golv i 2014.

Kjøkkeninnreiing frå Ikea, type Ståt. Kitchenboard over benkeplate. Vert seld med kvitevarer som på vising. Kjøkkenventilator er bygt om i 2017 med avkast ut.

Badet har flislagt golv, nye flisimiterte baderomsplater på veggar og spotter i himling i 2019. Baderomsinnreiing, wc, og bua dusjhjørne. 150 l varmtvannstank, røyr i røyr system. Varmekablar reparert etter lynnedslag i 2015, ny termostat og føler.

Elles i bustaden er det på golv: ny eikeparkett på golv i gang, stove og kjøkken i 2014. Fliser i vinterhage.

På veggar er det MDF plater, måla mur og måla panel.

I himling er det glava systemhimling og måla betong i hagestove.

Sikringsskåp med automatsikringar og jordfeilbrytar i mellomgang.
Innfelt belysning i gang, bad, stove og kjøkken.
Byggjemåte
Bygget er oppført i 1999 med forretningar i første etasje, burettslag i tredje etasje, og i 2008 blei det bygt 14 leilegheiter i andre etasje.

Ytterveggar har 150mm isolerte stenderverksveggar, utvendig kledd med gipsplater som vindsperre, lekter og plastbelagte stålplater. Innvendig diffusjonssperre og ferdigbehandlet Huntonitt fasadeplater. Målte betongveggar, uisolerte i hagestove.

Valma tak med prefabrikerte takstolar, sutaksplater, lekter og betongtakstein.

Vindauge med 2 - lags energiglass. Skyvefelt i hagestove.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 10.07.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 94 kvm, Bruksareal: 103 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: innvendig bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 96 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i carport.
Hefter/servituttar
Hefter, servitutter og grunndata som vil følgje eigedomen:

Hefter
Dagbok nr.: 3011 tinglyst: 01.07.1999
Erklæring /avtale
Føresegn om garasje /parkeringsplass

Dagbok nr.: 899026 tinglyst: 05.11.2008
Erklæring /avtale
- Bruksrett til fellesareal over carport
- Avtale om ventilasjon / kjøleanlegg

Grunndata
Dagbok nr 8990026 tinglyst: 05.11.2008
Resek / deling av seksjoner / fjerning av seksjon
Tomt
Areal: 6 101 kvm,
Eigarform: Fellestomt i sameige.

Leilegheitene i andre etasje har eksklusiv bruksrett til det store fellesarealet mot aust over carportane.
Regulering/offentleg godkjenning
Bustaden ligg i område som er regulert til bustad/forretning/kontor. Evjasenteret. Planid. 19980101.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Tilkomst til leilegheita anten frå vest, med trapp til andre etasje, eller frå aust der carport og heis/porttelefon er.
Oppvarming
Termostatstyrte varmekablar på bad/vaskerom. Elles elektrisk oppvarming.
Kommunale avgifter
Kr. 18 157 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Sjå felleskostnader.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 687 459 og
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 474 853 per 2017.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 13.06.2008. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Kr. 1 650 pr. mnd.

Felleskostnadar inkluderer straum fellesareal, forsikring på bygningen, drift/vedlikehald heis, ytre vedlikehald, vask fellesareal og rekneskap/revisjon.
Ilag med felleskostnadane vert det krevd inn kr 1.200,- a konto straum for eigen bustad. Det er minusmålar i sameige.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameige Hjellegata 2,
Orgnr.: 885975062
Snr. 9/lnr. 5
Sameigebrøk: 106 / 3897

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Solvens AS
Godkjenning/forkjøpsrett
Det er ikkje forkjøpsrett i sameige. Sal må meldast styre.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Utleige må meldast styre.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 94 m2
Bruksareal ? 103 m2
Byggeår 2008
Tomte­areal 6101 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Hjellegata 2
Florø
Prisant. 2200000
Soverom 1
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 94 m2
Bruksareal ? 103 m2
Byggeår 2008
Tomte­areal 6101 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet