Flott og velhalden einebustad med fin utsikt og gode solforhold.

Vis i kart
Røslebakkane 75
Gaupne
Prisant. 3250000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott og velhalden einebustad med fin utsikt og gode solforhold.

Eigedom
Røslebakkane 75
6868 Gaupne
Om eiendommen
Eigedomen ligg i Røslebakkane bustadfelt med gå-avstand til Gaupne sentrum med butikkar, barnehage, grunnskule, idrettshall og
badeanlegg mm. Det er 30 km til regionsenteret Sogndal og kort veg til turområde både sommar og vinter. Det er om lag 15 min
køyring til skianlegg og 1 time køyring til Sognefjellet og Jotunheimen. Eigedomen som ligg mot sør er solrik og har fin utsikt over Gaupne, indre deler av fjorden og mot Molden.
Innhald
Innhaldsrik og romsleg einebustad med flott opparbeida hage.
Einebustaden er på 2.etg. og inneheld:
Sokkeletasje: Vindfang, entré, soverom, kjellarstove/hobbyrom, bad og vaskerom. Garasje og boder.
1.etg: Trapp, gang, stove, kjøken, kontor, 3 soverom og bad/wc.
Standard
Bustaden er oppført i 1980 med den tids tekniske standard. Det er gjort fleire oppgraderingar og utvidingar i etter tid. Sjå meir utfyllande oversikt vedlagt i salsoppgåva.

Sokkeletg:
Etasjen inneheld 4 boder med gode oppbevaringsmulegheiter og garasje. Badet blei renovert og utvida i 2007 med flis på golv og veggar. Badet er innreia med lyse profilerte frontar, heilstøypt benkeplate med servant, overskåp med speil og lys. Installasjonar med dusj skjerma med vegg av glassbyggerstein og toalett. Avtrekksvifte i himling. Vaskerom er frå byggjeår med belegg på golv og måla plater/våtromsplater på veggar. Rommet er innreidd med benkeplate og overskåp. Installasjon med beredar for varmtvatn og kum. Soverommet er av god størrelse og er innreia med garderobeskåp. I kjellarstove/hobbyrom er det montert vedomn og tilkomst til bod. Romsleg gangareal innreia med garderobeskåp, innebygd garderobe og trapp opp til 1.etg.

1.etg:
Romsleg og luftig stove med god takhøgd og store vindaugsflater. I stova er det plass til fleire sitjegrupper og montert vedomn. Tilkomst til stor veranda med flott utsikt mot Gaupne og fjorden. Kjøkenet ligg i 1.etg. er rikeleg innreda med skåpplass og benkeflate. Innreiinga har god standard frå 2007 med frontar i profilert heiltre eik og benkeplate i laminat. Overskåp delvis med ruter/glasfelt. Integrerte kvitevarer utanom oppvaskmaskin og kombiskåp. Kjøkenet har flisar på golv med golvvarme.
Badet har belegg på golv og veggar med brystningspanel/tapet. Bak trepanel ligg fuktbestandige plater, strie og måling - våtrom system. Badet er innreia med benkeskåp med profilerte frontar i heiltre, heilstøypte benkeplate med servant, overskåp, spegel, toalett og dusj.
Etasjen inneheld 3 soverom av ulik størrelse innreia med garderobeskåp og eit kontor. Like ved er det tilkomst til romsleg veranda.

Elles har bustaden:
- Elektrisk anlegg med normal standard frå byggjeår.
- Tavle med automatsikringar. Ny installasjon i kjøken og baderom sokkeletasje. Utvida med 3-fas til garasje.
- Eswa golvvarme i soverom over garasje.
- Sentralstøvsugar
- Vassleidningar med røyr i røyr til kjøken og baderom sokkeletasje.
- Koparrøyr med alder som bygning til baderom 1.etg.
- Avløpsleidningar med plast/pce frå byggjeår.
- Avtrekksvifter på baderom sokkeletasje og kjøken. Elles naturleg ventilasjon med ventilar i vegg og/eller spalteventilar i vindauge.
Byggjemåte
Bustaden har grunnmur og isolert betonggolv mot grunnen. Over grunnmur er det isolert bindingsverk med utvendig trepanel og etasjeskilje med isolert trebjelkelag. Sørvendt er det delvis overbygd terrasse og terrasse med utgang frå soverom.
Ytterdører er oppgraderte. I 1999 vart det skift inngangsdør med dørblad utvendig og profilert teak med glasfelt.
Terrassedører frå soverom er i frå 1990 og terrassedør frå stove med skyvefelt blei montert i 2007. Innvendige dører er frå byggjeår og har
dørblad i heiltre furu og transperant behandling. En del nyare dører frå ca. 2007 med profilerte måla dørblad. Vindauge består av isolerglas og alder som bustad. Vindauge og dører i god stand og er halden godt ved like.
Taket består av isolert sperrekonstruksjon og tekking med decra panner. Bustaden har standard element pipe.

Innvendige overflater:
Golv: Parkett, laminat, belegg, teppe og flis.
Vegger: Trepanel, tapet, måla strie og flis.
Himlingar: Trepanel.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Arne Øyen, datert 24.06.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 161 kvm, Bruksareal: 213 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder og garasje

BRA pr. etasje:
Sokkeletasje: 105 kvm
1.Etasje: 108 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje i sokkeletg. Elles godt med parkeringsplassar i tunet.
Tomt
Areal: 1 120 kvm, Eierform: Eiet tomt
Stor tomt opparbeidd med hageanlegg og støttemurar. Inngangsparti/trafikkareal med flott beleggningstein.
Vegen ligg inne på delar av eigedomen slik at reelt tomteareal er mindre enn oppgjeveareal. Dette vil likevel ikkje utgjere noko mangel på eigedomen.
Det er registrert litt riss/sprekker i støttemurar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsføresegner for Røslebakkane Nedre i Gaupne er gjeldande for område. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Veg, vatn, avlaup
Tilknytt offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Avkøyring frå kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Tilkomst
Avkøyring frå kommunal veg.
Oppvarming
- Varmepumpe luft til luft
- Eswa golvvarme i soverom over garasje
- Varmekablar
- Vedomn i stove i 1.etg. og kjellarstove/hobbyrom i sokkeletg.
- Elektrisk oppvarming.






 
Kommunale avgifter
Kr. 17 658 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Innbuforsikring.
Husforsikring.
Frivillig innbetaling til velforeining.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 599 537 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 158 331 per 31.12.17
Ferdigattest
Mellombels bruksløyve frå Luster kommune datert 20.11.1980.
Godkjent byggjeløyve for tilbygg frå Luster Kommune datert 21.05.1990.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 161 m2
Bruksareal ? 213 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 1120 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Røslebakkane 75
Gaupne
Prisant. 3250000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 161 m2
Bruksareal ? 213 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 1120 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet