Særeigen einebustad med utleigemuligheit på Gotteberg! VISNING ONSDAG 28.8 kl 16.30 - 17.30

Vis i kart
Gate 1 255
Måløy
Prisant. 2100000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Særeigen einebustad med utleigemuligheit på Gotteberg! VISNING ONSDAG 28.8 kl 16.30 - 17.30

Eigedom
Gate 1 255
6700 Måløy
Om eiendommen
Ein særeigen og god eigedom med mulighet for utleige. LIgg godt til på Gotteberg med kort avstand til sentrum med det av fasilitetar ein finn der.
Innhald
Husvær over 2 etasjar:
1.etasje: Grovkjøkken/vaskerom, gang, kjøkken, stue, 2 soverom, bad, trappegang.
Underetasjen: 2 soverom, kjellerstue, kjøkkenkrok, bad, gang, vaskerom og bod
Standard
Husværet er jamnleg vedlikeholdt.

Kjøkken i hovudetasje har eikeparkett på golv. Innreiing med malte frontar, frittståande kvitevarer.
I underetasjen er det eit mindre hybelkjøkken også med frittståande kvitevarer. Her er det laminatgolv og malte panelplater på vegg.

Baderom i underetasjen har fliser på golv og veggar. Det er varmekablar på golv. Praktisk med dusjkabinett og golvmontert toalett.
I hovudetasjen har også baderommet varmekablar på flislagt golv. Dette vart renovert i ca 2010. Her er det også dusjkabinett og golvmontert toalett.
Vaskerom i underetasjen er eit grovt rom med pussa og malte veggar og malt betong på golv og i tak.

Overflater generelt:
Gang og VF med fliser.
Parkett og malte vegger i stue og kjøkken.
Gulvbelegg på en del gulv, laminat og flis.
Vegger er mye malte flater, noen rom med malte panelplater og malt panel.
Utleiedel har malte panelplater i det meste av rommene, et soverom med tapet.

Det er tinga på fiber til eigedommen, dette vil ny eigar overta.
Byggjemåte
Betongfundamenter på antatt fast grunn. Grunnmur av betongmurstein, utført trolig med to sjikt som engelskhulsteinsmur, utvendig er det pusset og malt overflate, en del innvendige innforede vegger i underetasjen, vaskerom er det pusset. Gulv med påstøp på antatt kult/grus/pukk, antatt ingen eller lite isolering og dampsperre mot grunnen med tanke på bygge-og ombyggingsår. Oppforet gulv med laminatoverflater på innredet rom.
Drenering og fuktsikring av grunnmur antas å være fra byggeåret. Boligen er oppført i antatt 4" reisverk, tilbygg på baksiden er antatt 6" reisverk.
Utvendig malt trekledning.
Takkonstruksjon av antatt sperretak og trod, ingen inspeksjonsmulighet av undertaket. Utvendig folietekking med avslutning mot vindsiker med baslag.
Folietekking, antatt follietekking på hele taket, litt manglene tilkomst for inspeksjon på fremste delen.
Svarte aluminiumstakrenner og nedløp. Nedløp går til terreng.
Antatt teglsteinspipe med tanke på byggeår, dobbel pipe, to røykløp.
Store deler av kjelleren er innredet. Kjellergulvet er oppfôret og isolert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Nordfjor Takst og Consulting AS, datert 31.5.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 196 kvm, Bruksareal: 208 kvm, Bruttoareal: 229 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje:119 m2
Underetasje: 89 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Offentleg parkering i Gate 1
Tomt
Areal: 440 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er noko bratt, men opparbeida med plen, bed, hekk og beplantning. Trapper, støttemurer og tun av betong.
Regulering/offentleg godkjenning
Området er regulert til boligformål.
Planident: 196601
Lovreferanse: Plan- og bygningsloven av 1985 eller før
Plannavn: Reguleringsplan for Måløy
Type: Eldre reguleringsplan
Status: Endelig vedtatt arealplan
Ikrafttredelsesdato: 21.04.1966
Bestemmelser: Planbestemmelser både på kart og som egen tekst
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilknytt offentleg vatn og avlaup via private stikkledningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Det er lett tilkomst til eigedommen
Oppvarming
Liten vedovn i kjeller. Oljefyr i hovedetasjen og åpen peis i hovedetasjen. Varmekablar på bad. Elles basert på elektrisk oppvarming.
Kommunale avgifter
Kr. 14 500 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil ca 4.000,- per år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.

Eigedommen har vert utleigd i lang periode.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 575 478 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 071 719 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Vågsøy kommune datert 12.11.1980 Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 196 m2
Bruksareal ? 208 m2
Bruttoareal ? 229 m2
Byggeår 1959
Tomte­areal 440 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
onsdag 28. august, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Gate 1 255
Måløy
Prisant. 2100000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 196 m2
Bruksareal ? 208 m2
Bruttoareal ? 229 m2
Byggeår 1959
Tomte­areal 440 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
onsdag 28. august, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet