Oppussa rekkehus med lune og solrike uteplasser.

Vis i kart
Kinnvegen 66
Florø
Prisant. 2100000
Soverom 2
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel

Oppussa rekkehus med lune og solrike uteplasser.

Eigedom
Kinnvegen 66
6906 Florø
Om eiendommen
Sørvendt og solrik bustad i Thor Solbergveg burettslag. Fine uteplasser med altan i andre etasje, terrrasse og ein liten hage i første etasje.
Store deler av bustaden er pussa opp dei seinare åra.
Eigedomen ligg lunt og fint til i barnevennleg område med kort gangavstand til det flotte friluftsområde med badestrand på Sørstrand og til turstiane i Storåsen. Det er 600 m til flyplassen og ca 2,1 km til sentrum.
Innhald
Bustaden er på 2 plan og inneheld:

Plan 1: vindfang, vaskerom, gang, bad/wc, vindfang til hage, bod med vindauge og 2 soverom.

Plan 2: stove med utgang til sørvendt altan, kjøkken og disp.rom/leikerom/bod med vindauge.

Frittståande bod ved inngangsparti.
Standard
Store deler av bustaden er pussa opp frå 2013-2014.

Frå den lyse stove er det utgang til terrasse og det er vindauge langs heile sørveggen. Overflater i stova er laminat på golv (nytt 2013/14), på veggar er det mdf plate (nye 2013/2014) og i himling er det takessplater.

Romsleg og praktisk Ikea kjøkkeninnreiing som er frå 2013/14. Innreiinga er grå med mdf frontar, takhøg, med integrerte kvitevarer. Overflater på kjøkken er laminat på golv (nytt 2013/14), på veggar er det mdf plater og kitchenboard over benkeplate (nye 2013/14). I himling er det takessplater.

Badet har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Badet har baderomsinnreiing, dusjkabinett og wc.

Vaskerom har ny varmtvannstank i 2013, røyr i røyr frå vv's tank til kjøkken. Nedfelt stålvask på vaskerom. Overflater på vaskerom er lause plastfliser på golv, mdf plater på veggar (nye 2013) og takess i himling.

I gangen og på soveromma er det også nyare laminatgolv. Veggar har mdf plater og måla plater. I himling er det takess.

Diverse:
- Det er innlagt fiberkabel (utgifter er inludert i fellesutgiftene)
- Nytt sikringsskåp, nye kablar, nye stikkontakter og koplingsboksar i 2013
- Varmepumpe, kontroll og service 2019
- Ny varmtvannstank i 2013 samt nye røyr i røyr til varmt-vannstank, vask på vaskerom, dusj på bad og vask på kjøkken.
Byggjemåte
Burettslaget er oppført i 1980.

Ytterveggar i tradisjonelt reisverk, med utvendig ståande kledning, vindtette huntonittplater og isolasjon etter dåtidas krav. Innvendig diffusjonssperre og plater.

Takkonstruksjon er saltak med prefabrikkerte W-takstolar, sutaksplater, papp, rekter, lekter og Decra stålplatetak. (nytt 2012). Murte Lecablokker i skille mot andelen i aust og gipsplater i skille mot andelen i vest på loftet.

Vindauga er 2-lags isolervindauge frå byggjeår. På stove mot sør er det nye energivindauge. Ny terrassedør i stove mot sør.

Frittståande bod på 16 m2 oppført i 2008.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 13.06.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 98 kvm, Bruksareal: 102 kvm Bruttoareal: 102 kvm

Alle rom er P-rom unnateke: stor bod med vindauge i første etg.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 51 m2
2.Etasje: 51 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering ved inngangsparti.
Tomt
Areal: 7 590 kvm totalt i burettslaget,
Eigarform: Fellestomt.

Bustaden har ein sørvendt terrasse med trapp til hage. Hagen mot sør er opparbeidd med grøntareal. Ved inngangspartiet er det asfaltert innkjørsel. Beleggstein framfor inngang.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som er regulert til bustad.
Plan Storåsen Sør. Planid: 19810104
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Tilkomst frå Kinnvegen, offfentleg veg. Interne vegar i burettslaget.
Oppvarming
Det er installert luft til luft varmepumpe i gang.
Det er varmekablar på golv på bad og vaskerom.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 606 131 og
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 182 070 per 2017
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 17.04.1980. Denne ligg vedlagt.
Opplysningar om burettslaget
Borettslag: Thor Solbergveg borettslag,
Orgnr.: 951097268.
Det er totalt 20 andelar i burettslaget.
Leilighetsnr.: 1347, Andelsnr.: 1347
Andel fellesgjeld: kr. 38.000,-. Total gjeld: kr. 683.424,-

Lånevilkår fellesgjeld Thor Solbergveg brl:
Obos-banken, saldo pr. 01.08.2019 kr. 683.424,-
Rentesats:. 2.60 % pa. Siste termin 2032
Felleskostnader
kr. 3 905 pr. mnd.
Felleskostnadane inkluderar rente og avdrag på andelen sin del av fellesgjeld. Forsikring, fiber med abonement og datapakke, kommunale avgifter, honorar, eigedomsskatt og ytre vedlikehald.

Månadlege felleskostnadar fordelar seg slik:
Fiber: 468,-
Rente: kr. 77,-
Avdrag: kr. 239,-
Drift, vedlikehald, kom.avg.: kr. 3.121,-
Årsmelding/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar
Burettslaget er tilknytta BOB, OBOS er forretningsførar.
Forkjøpsrett
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Godkjenning
Kjøpar skal godkjennast av styret i burettslaget. Dette kan ikkje nektast utan sakleg grunn. Kjøpar pliktar å gjennomføre handelen uavhengig av om kjøpar på overtakingstidspunktet er godkjent av burettslaget som ny eigar av andelen. Risikoen for å bli godkjent som ny eigar av andelen kviler på kjøpar. Dersom kjøpar på overtakingstidspunktet ikkje er godkjent som ny andelseigar, har kjøpar ikkje rett til å ta eigedomen i bruk, jf. burettslagslova § 4-5 (2). Blir kjøpar ikkje godkjent som ny eigar må kjøpar syte for vidaresal av andelen. Heimel vert overført til kjøpar og oppgjer vert utbetalt til seljar.
Sikringsfond/legalpant
Selskapet er ikkje knytt til sikringsordning som gir sikkerheit for manglande innbetaling av felleskostnader. Vi gjer merksam på at burettslaget har legalpant for forfalte felleskostnader. Pantet er avgrensa oppad til 2G (G er Folketrygda sitt Grunnbeløp)
Utleige
Det vert vist til brl§ 5-3 der det går fram at eigar av ein andel ikkje utan samtykke frå styret kan overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av brl.§ 5-4 til 5-6. Det vert elles vis til vedtektene i burettslaget.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 98 m2
Bruksareal ? 102 m2
Bruttoareal ? 102 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 7590 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 27. august, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kinnvegen 66
Florø
Prisant. 2100000
Soverom 2
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 98 m2
Bruksareal ? 102 m2
Bruttoareal ? 102 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 7590 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 27. august, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet