Bu lettvint og praktisk i denne stilige og flotte 2-roms leilegheit med vinterhage. Parkeringsanlegg og mykje bodplass.

Vis i kart
Kringla 3 nr 208
Sogndal
Prisant. 2500000
Soverom 1
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Bu lettvint og praktisk i denne stilige og flotte 2-roms leilegheit med vinterhage. Parkeringsanlegg og mykje bodplass.

Eigedom
Kringla 3 nr 208
6856 Sogndal
2. etasje
Om eiendommen
Eigedomen ligg på ei solrik tomt sentralt i Sogndal med flott utsikt over heile bygda og fjorden. Frå eigedomen er det kort avstand til friområde med moglegheit for utfart heile året. Området har gangavstand til skule og utdanningsområdet på Fosshaugane og Sogndal sentrum som har dei fleste servicetilbod. Sogndal er regionsenter med variert arbeidsmarknad og variert utdanningstilbod. Det er flotte turmoglegheitar i området, solrikt og barnevenleg.
Innhald
Attraktiv 2-roms leilegheit med god planløysing og romsleg altan på 15 m2 med dels innglasa vinterhage. Ei flott og praktisk 2-roms leilegheit som passar til dei aller fleste
Leilegheita er på eitt plan og inneheld soverom, stove og kjøken i opa løysing med tilkomst til altan, heilflisa bad og teknisk bod.

I tillegg er det tilhøyrande sportsbod og parkeringsplass i felles garasjeanlegg, samt ei større felles bod.
Det er installert balansert ventilasjon, golvvarme med varmepumpe luft til vatn, porttelefon og fibernett i leilegheita.

Bygget har heis og porttelefon.

Velkommen på vising!
Standard
Bygget er oppført med tradisjonelt god bustadstandard under oppføring, TEK 07 er lagd til grunn som teknisk forskrift.
Leilegheita er normalt godt vedlikehalden, men noko bruksmerke må påreknast.

Leilegheita har romsleg entré med innebygd garderobeskåp av god størrelse med spegel. Like ved ligg ei innvendig teknisk bod der varmtvasstanken er plassert. God plass til oppbevaring. Badet er heilflisa og er innreia med dusjhjørne med innfellbare dører, servant med underskåp, spegel og toalett. På badet er det opplegg for vaskemaskin. Leilegheita har stove og kjøken i opa løysing. Kjøkendelen har kvite profilerte møbelfrontar og innebygde kvitevarer. På vegg mellom benk og overskåp er det laminatplater. Kjøkenbenken er forlenga med praktiske sitteplassar. Frå stova er det tilkomst til altan som er dels overbygd og dels innglasa som triveleg vinterhage. På soverom er det plass til dobbelseng og garderobeskåp.

Elles har leilegheita:
- Balansert ventilasjonsanlegg
- Golvvarme med varmepumpe luft til vatn
- Porttelefon
- Fibernett
- Parkering i garasje
- Skjult teknisk anlegg
- Røyr i røyr. Plast og soil avlaup.
Byggjemåte
Bygningen er fundamentert på massar ein naturleg finn i området. Plasstøypte betongfundament og grunnmur i plasstøypt betong. Del av fasade er av prefabrikkerte betongelement og taket består av flat takkonstruksjon tekka med folie.
Leilegheita har 2-lags vindauge i trekarm som er fabrikkmåla og kvite dører mot fellesareal samt til felles gangareal.
Utvendig er det pussa betong, betongelement og plater på fasade. Romsleg altan som er dels innglasa med vinterhage.

Innvendig er det nytta parkett på golv, trekte måla veggar og kvite himlingar. På baderom er det flis på golv og veggar. Belegg på golv på bod.
Fellesareal har belegg på golv, måla vegg og systemhimling.

Garasje:
Garasjen består av betongdekke med asfaltert dekke.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 03.07.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 44 kvm, Bruksareal: 47 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
2.Etasje: 47 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er eiga sportsbod og ein P-plass i felles garasjeanlegg.
Tomt
Areal: 4 957 kvm, Eierform: Fellestomt
Felles tomt som er opparbeida med parkeringsareal, felles uteområde og grøntanlegg med leikeplass.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Kvåle-Gurvin i Sogndal kommune er gjeldande for dette området.
Reguleringsplan i sin heilheit er tilgjengeleg for gjennomgåing på meklars kontor.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Lys grønn - Energikarakter B
Tilkomst
Tilkomst frå kommunal veg.
Leilegheita har tilkomst via trapp og heis.
Oppvarming
- Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning
- Golvvarme med varmepumpe luft til vatn
- Elektrisk oppvarming
Kommunale avgifter
Kr. 13 777 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Fellesutgifter til sameiget.
A-konto for kostnader ved vassboren varme. Det er montert eigen målar for å rekne ut faktiske utgifter for kvar enkelt seksjon.

Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 583 836 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 101 808 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Sogndal kommune datert 16.10.2014. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Felleskostnader
1 009 pr. mnd. Fellesutgiftene dekker byggforsikring, lys, varme og reingjering av fellesområde. Vedlikehald av uteområde sommar-og vinterstid.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameiget Kringla 1 og 3, Orgnr.: 912838722
Andel fellesformue: 14800, Total formue: 101658, Oppdatert pr: 31.12.2018
Forkjøpsrett: Nei

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Forretningsførar: Azets Insight AS.
Godkjenning/forkjøpsrett
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning, og det er kjøpar sitt ansvar å søkje om slik godkjenning samt at kjøpar ber risikoen for å få slik godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det. Dersom godkjenning vert nekta er det kjøpar sitt ansvar å prøve dette rettsleg. Kjøpar må uansett tiltre avtalen, men har ikkje rett til å ta bustaden i bruk før slik godkjenning ligg føre. Eventuelt vidaresal av eigedomen skjer for kjøpar si rekning og risiko.

Det er ikkje forkjøpsrett i sameige
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 44 m2
Bruksareal ? 47 m2
Byggeår 2013
Tomte­areal 4957 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
onsdag 21. august, 17:00 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Kringla 3 nr 208
Sogndal
Prisant. 2500000
Soverom 1
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 44 m2
Bruksareal ? 47 m2
Byggeår 2013
Tomte­areal 4957 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
onsdag 21. august, 17:00 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet