Arkitektteikna husvær med garasje!

Vis i kart
Austrheimsbakken 28
Sandane
Prisant. 5080000
Soverom 6
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Arkitektteikna husvær med garasje!

Eigedom
Austrheimsbakken 28
6823 Sandane
Om eiendommen
Eigedommen ligg fint til med gangavstand til skule, butikkar, Trivselshagen og elles alt av offentlege funskjonar. Det er flott turområde rett i nærleiken. Gode solforhold og utsikt mot sentrum.
Innhald
Underetasje: Trapperom, kjøkken/gang, bad, stove/soverom, badstue, teknisk rom/vaskerom, bod
1. etasje: 2 trapperom, kjøkken, 3 stover, kontor, bad, vaskerom, soverom, wc og garderobe
Loft: Trapperom, 4 soverom, bad, bod
Standard
Husværet har gjennomgåande flott og god standard.
Kjøkken med godt utbygd innreiing frå HTH, integrerte kvitevarer
Overflater generelt:
Himlingsbekledning; I hovedsak måla gipsplater, elles panel og noko folierte takplater. Himling mot yttertaket på loftet og for deler 1.etg.
Veggbekledning; I hovedsak måla gipsplater, elles målingsstrie og måla betongpuss og måla slemma murstein, elles noko panel.
Golvbekledning; I hovedsak golvflis og 3-stavs kirsebærparkett, laminatgolv i stove/soverom i u.etg.
Bad u.etg.; Folierte takplater, veggflis og golvflis.
Teknisk rom/vaskerom; Ubehandla betongdekke, veggar som ubehandla betongveggar, sponplater og gipsplater, golvflis.
Bad 1.etg.; Himling med panel, veggflis og golvflis.
Vaskerom; Himling med måla gipsplater, måla veggplater og golvflis.
Bad loft; Himling med panel, veggar med flis og noko mosaikkflis, mosaikk golvflis.

Utleigedel.
Baderom med golvmontert klosett, dusjkabinett og heilstøypt vask i innredning.
Kjøkken: kjøkkeninnredning i u.etg. med kvitt skrog, lakkerte heiltre frontar, eik benkeplate og med veggflis over benk, integrert komfyr og 60 cm topp m/4 plater.

Eigedommen har saman med naboar tilgang til felles tomt nedom denne eigedommen. Her er det plen som slåast og stellast på omgang.
Byggjemåte
Grunnforhold av leire.
Fuktsikring med knotteplast og dreneringsrør.
Fundamentert med såle og ringmur av betong.
Golv på grunn av betong over ca 20 cm isopor.
Grunnmur av betong med innvendige framforingar, utvendig 10 cm isolasjon og med pussa tegl forsynleg vegg.
Ytterveggar i hovedsak oppført som dobbel teglsteinsveggar med 20 cm isolasjon i midten og innvendig og utvendig måla
betongpuss.
Ytterveggar elles som 15 cm isolert bindingsverk med utvendig liggande dobbeltfalsa trekledning.
Plassbygde saltaktakkonstruksjonar med bærande mønebjelke og bærande taksperrer og med takoppløft mot vest, 30 cm isolasjon mot underliggande rom.
Taktekking av betongtakstein med snøfangarar og med alu. takrenner og nedløpsrør.
Etasjeskillere av betong med påstøyp av betong over 10 cm isopor.
Vindauger med 2-lags ruter i trekarm, takvindauger på kjøkkenet samt på eine soverommet på loftet. Vindauger til møne for tre av gavlveggane.

Garasje:
Fundamentert med såle og ringmur av betong.
Ytterveggar av bindingsverk med ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trykkimpregnert trekledning.
Saltakkonstruksjon og skråtak med bærande sperrer, taktekking av betongtakstein og alu. takrenner og nedløpsrør.
Etasjeskille av bjelkelag med golvplater på loftet.
El.styrt ledda alu.port.
Garasjerommet har veggbekledning med kryssfiner og noko rupanel, plassbygd arbeidsbenk og plassbygd hengsla rettløpstrapp til loftet.
Lys og el.kontakter, straumtilførsel med skjøteledning.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 30.8.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 237 kvm, Bruksareal: 258 kvm, Bruttoareal: 295 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: teknisk rom, boder

BRA pr. etasje:
Underetasje: 50 m2
1.Etasje: 148 m2
Loft: 60 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering i garasje og elles på eiga tomt.
Hefter/servituttar
Grunndata
2004/707-1/56 Registrering av grunn
27.02.2004
Denne matrikkelenhet opprettet fra:Knr:1445 Gnr:69 Bnr:5
Tomt
Areal: 1 003 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er godt opparbeida med forstøtningsmurar, plen, beplating og flotte uteplassar. Det er ei flat tomt som er enkel å få full nytte av.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadformål. med utnyttingsgrad BYA=25,00 %.
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilkopla offentleg vatn og avlaup via private stikkledningar. Adkomst frå offentleg veg med privat felles asfaltert veg og deretter oppgrusa veg og tun.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter B
Tilkomst
Det er svært lett tilkomst til eigedommen frå offentleg veg. Det vil bli skilta ved fellesvising.
Oppvarming
Varmepumpe vatn-til-vatn tilknytta borehol samt med gjenvinnar frå ventilasjonsanlegget med vannboren golvvarme for dei fleste rom i huset.
I midtstova er her plassmurt flislagt teglsteinspeis med innsats, dobbel vegg som varmemagasin, elles er oppvarming basert på elektrikstet.
Kommunale avgifter
Kr. 16 500 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil vil komme i tillegg og er på ca 4.000 pr år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 973 957 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 3 506 244 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Gloppen kommune datert 23.8.2019 Denne ligg vedlagt.
Sidan utleigeleilegheit i underetasjen ikkje er med på byggemeldingsteikningar er den ikkje omfatta av ferdigattest.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Det gjeras merksam på at utleigeleilegheit ikkje er byggemeldt og dermed ikkje godkjent.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend seljar si eigenerklæring før bodgjeving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 237 m2
Bruksareal ? 258 m2
Bruttoareal ? 295 m2
Byggeår 2006
Tomte­areal 1003 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Austrheimsbakken 28
Sandane
Prisant. 5080000
Soverom 6
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 237 m2
Bruksareal ? 258 m2
Bruttoareal ? 295 m2
Byggeår 2006
Tomte­areal 1003 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet