Idyllisk fritidseigedom med gode kvalitetar og storslagent panoramutsyn over fjorden | VISING UTSETT, SJÅ NY DATO!

Vis i kart
Kvamsøy 60
Balestrand
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Idyllisk fritidseigedom med gode kvalitetar og storslagent panoramutsyn over fjorden | VISING UTSETT, SJÅ NY DATO!

Eigedom
Kvamsøy 60
6899 Balestrand
Om eiendommen
Eigedommen ligg like vest for Kvamsøya, i Balestrand kommune.
Området ligg fritt og fint til på nordsida av Sognefjorden med storslagent utsyn over fjorden og gode soltilhøve.
Her kan du køyre heilt til hytta, som kan brukast både sommar og vinter.
Eigedomen har tinglyst rett til båtfeste.
Innhald
Fritidsbustaden går over to plan med følgande innhald:
1. etasje: Gang, kombinert stove og kjøkken, to soverom, wc og bod.
Underetasje: Gang, soverom og bad.

I tillegg har hytta aneks som i dag er nytta til oppbevaring.
Hytta har store terrassar, flott hage og tinglyst rett til båtfeste.
Standard
Eigedomen har svært flott beliggeneheit, heilt for seg sjølv, fremst på eit høgdeplatå på nordsida av fjorden.
Frå fylkesvegen ledar privat grusveg ned til hyttefeltet som består av 5 hytter.
Her kan du køyre til di eiga hytte, med god plass til parkering på eiga tomt.
Tomta er fint opparbeida med store plenar, hekkar, prydbusker, tre, grusveg og terrassar.
Like ved inngangspartiet er det oppført eit flott aneks med god plass til oppbevaring.
Hytta har overbygd inngangsparti som ledar inn til triveleg entrè og praktisk oppbevaringsbod, like ved inngangsdøra.
Alle opphaldsrom i hytta har flott furugolv, panel på veggane og i himlingar.
På venstre hand ligg to fine soverom, i enden eit praktisk wc-rom.
Frå entrèen ledar stigetrapp opp til hems med utsyn over stova.
På høgre hand kjem du inn til stova og kjøkkenet som ligg i opa løysing

Hytta har fin og luftig stove med ekstra god takhøgd og store vindauge med utsyn til fjorden.
Her er det flotte furugolv, panel på veggar og i himling. Vedomn syt før god varme og stemning i sofakroken.
Frå stova ledar glasdør ut til overbygd terrasse med fantastisk utsyn til fjorden. Det er innfelt downlights i terrassehimlinga.

Flott kjøkken med moderne kvalitetar. Her er det integrert steikeomn, platetopp, oppvaskmaskin og kjøl-/fryseskåp.
Kjøkkenet har god takthøgd, flott furugolv og fin spisestove med fjordutsikt.
Frå kjøkkenet er det utgang til terrasse og hagen.

Frå kjøkkenet ledar trapp ned til underetasjen.
Her kjem du til gang med dører inn til flott bad og romsleg soverom.
Badet er heiflisa med varmekablar i golvet.
Innreiinga består av dusj med innfellbare dører, vegg hengd wc, servant med skyffer, spegel med lys og opplegg for vaskemaskin.
Panel og downlights i himling.

Soverommet har god plass til dobbeltseng og to vindauge med flott fjordutsyn.

Hytta har røyr i røyr, vassforsyning med elvestadrøyr og dels skjult el. anlegg.

Svært flott eigedom, med idyllisk beliggenheit!
Byggjemåte
Bygningen er fundamentert på fjell. Det er dels nytta mur av forskalingsblokk og dels pålar av leca U-blokk. Styrke på U-blokk er ikkje vurdert.
I underetasjen er det golv på grunn med oppfora bjelkelag.
Over søyler ligg det bjelkelag i tre. Plassbygd bindingsverk, dels 4" og dels 6".
Utvendig værhud av trekledning.
2 lags vindauge i trekarm, dels frå opprinneleg byggjeår og dels frå 2009.
Saltakkonstruksjon tekka med pappshingel.

Tilbygd altan ved stove, i tillegg er det tram ved inngang (noko redusert etg. høgde ved inngang) og altanar rundt hytta.

Dels skjult el. anlegg. Røyr i røyr på tappevatn og plast avlaup.
Vassforsyning med elvestadrøyr. Ventilator på kjøkken, vifte på bad, ellers naturleg ventilasjon

Anekset med eit bruttoareal på 11 m2, har isolert trekonstruksjon med tekking av Decra panner. Anekset blir pr. i dag brukt som bod.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 27.08.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 81 kvm, Bruksareal: 85 kvm, Bruttoareal: 94 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod.

BRA pr. etasje:
1. etasje: 72 m2
Underetasje: 19 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940.
Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
På eigedomen.
Eigedomen har tinlyst rett til båtfeste.
Hefter/servituttar
Heftelser

1972/746-1/54 Kjøpekontrakt
21.04.1972
RETTIGHETSHAVER: JOHNSEN INGER RANDI
Overført fra: 1418-90/3
Gjelder denne registerenheten med flere

Grunndata

2002/1341-1/54 Registrering av grunn
16.08.2002
Denne matrikkelenhet opprettet fra:Knr:1418 Gnr:90 Bnr:3

Rettigheter på andre eiendommer
Rettigheter på 1418-90/3, 1418-90/16, 1418-90/19
Rettigheter i eiendomsrett

2002/1590-2/54 Bestemmelse om veg
16.09.2002
rettighetshaver:Knr:1418 Gnr:90 Bnr:17
Føresegn om vassrett
Føresegn om kloakkleidning
Føresegn om båt-/bryggjeplass
Med fleire føresegner
Gjelder denne registerenheten med flere
Tomt
Areal: 1 900 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er dels opparbeida med plen og fine uteområder, og del naturtomt.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til fritidsføremål jmf. Balestrand kommune.
Veg, vatn, avlaup
Felles tilkomstveg frå fylkesvegen.
Felles vassforsyning saman med 5 andre hytter, tilkopla same borehol.
Eige avlaupssystem. Septiktank med ukjent løysing angåande avrenning.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Tilkomst
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Meklar syt for skilting ved fellesvising.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Golvvarme bad bad i underetasje.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 2 532 pr. år
Kommunal feieavgift + renovasjon og tømming av septiktank frå Simas
Faste kostnader
Eigarane hadde eit straumforbruk på 6 600 kwh. i 2018.
Straum og nettleige etter eige forbruk.

Forsikring kr. 2 340 per år.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 328 182 per
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Balestrand kommune.
Meklar har hatt dialog med Balestrand kommune som stadfestar at hytta er godkjent for bruk.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad. Det er ikkje gjennomført radonmåling på denne eigedomen.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 81 m2
Bruksareal ? 85 m2
Bruttoareal ? 94 m2
Rom 4
Byggeår 1995
Tomte­areal 1900 m2
Energi­merking ? E
Vising
sundag 22. september, 15:00 – 16:00
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Kvamsøy 60
Balestrand
Prisant. 2400000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 81 m2
Bruksareal ? 85 m2
Bruttoareal ? 94 m2
Rom 4
Byggeår 1995
Tomte­areal 1900 m2
Energi­merking ? E
Vising
sundag 22. september, 15:00 – 16:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet