Stor einebustad med garasje i Holvik. VISNING TORSDAG 19.9 kl 16.30-17.30

Vis i kart
Furutoppvegen 72
Måløy
Prisant. 4500000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Stor einebustad med garasje i Holvik. VISNING TORSDAG 19.9 kl 16.30-17.30

Eigedom
Furutoppvegen 72
6700 Måløy
Om eiendommen
Eigedommen ligg flott til i Holvik, ca 5 minutt frå Måløy sentrum med alt av fasilitetar. Det er eigen barnehage og daglegvarebutikk i bygda, den er også søndagsopen.
Det er flott turterreng i området, nydelig utsikt og gode solforhold i bygda.
Innhald
Husvær over to etasjar inneheld:
1.etasje: Stue, kjøkken, hall med trapperom, vaskerom, bod og kjølerom
2.etasje: fire soverom, loftstove, trapperom, bad og bad.

Garasje
Standard
Husværet har gjennomgåande god standard. Her er mange gjennomtenkte og praktiske løysingar. Kjøkken med store flater, mykje benk- og skapplass. I kjøkkenøya finn ein, i tillegg til koketopp, også to gassbluss - perfekt for kokken i heimen!
Stort, godt baderom med både badekar og dusj finn ein på loftet der også alle soverom er plassert.
Vaskerommet er av meget god storleik, her er eigen inngang som utvilsomt er ein fordel når ein våt og skitten skal inn i hus, eller når eiin rett og slett skal henge klesvasken ut til tørk! Ein har også mulighet for å gå inn i bod både frå vaskerom og utanfrå.
Det er varmekablar på baderon, kjøkken, gang og på vaskerom. Alle soverom har integrerte insektnetting.

Kjøkken:
Fliser på golv og malt panel på veggar. Innreiing med heiltrefrontar og benkeplate i polert stein. Koketopp og gassbluss er nedfelt og det er takhengs ventilator.

Baderom hovudetasje:
Fliser på golv og i dusjsone, veggar elles er malt strie. Golvståande toalett og heiltre innreiing med overskap.

Vaskerom:
Fliser på golv, våtromsplater på vegg. Her finn ein koplingsskap for røropplegg, sentralstøvsugar, varmtvannstank og ein praktisk utslagsvask. I tillegg er det sjølvsagt opplegg for vaskemaskin og eigen inngang.

Baderom loftetasje:
Flislagt gulv, flislagt i dusjsone. Veggar elles er også flislagt. Elles på baderom er det golvståande toalett, dusjnisje, badekar og ei flott innreiing med to servantar og godt med lys.

Overflater generelt:
Vegger:Panel, malt panel, malte flater, tapeter, flis.
Gulv: Parkett, heltregulv og flis.
Himling: Himlingsplater, malt panel.
Byggjemåte
Fundamenter av betong på antatt fylling og utsprengt tomt.
Ringmur i plasstøpt betong.
Boligen er oppført i 6" bindingsverk, 36*148mm noe som er synlig innvendig på kaldtloftet på gavl.
Utvendig malt trekledning. Lufting med museband og asfaltplater som vindtetting.
Betoingtakstein på lekter. Takrenner og nedløpsrør fra byggeår ført til rør i grunnen. Grøvik aluminium hvitlakkert.
uteområdet bak boligen og på sørsiden er oppgradert i 2013/2014 med murer og treplattinger av type Møre Royal.
Belegningstein i betong i innkjøring bak boligen og asfalt i innkjøringen forran garasjen.
Elementpipe av lettklinker. Toppen av pipen er det brukt element med teglsteinsforblending. Elementpeis med lukket ildsted fra byggeår.
Tradisjonelle bjelkelagskonstruksjoner med underliggende himlinger. Mindre gulvknirk og kan forekomme.
Ny ytterdør/hovudinngangsdør i 2018

Garasje: Støpt plate på grunn med forskalingsblokk som ringmur. 4" bindingsverk med asfaltplate og luftet kledning. Port og dør er opplyst skiftet i
2016. Garasje har A-takstoler med loft på, sponplategulv på loft.
Bod: Element bod i 1"x2" reisverk med kledning på.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Nordfjord Takst og Consulting AS, datert 2.9.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 225 kvm, Bruksareal: 232 kvm, Bruttoareal: 247 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod, kjølerom

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 127 m2
2.Etasje: 105 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Det er parkering i garasje, elles på eiga tomt
Hefter/servituttar
1993/4975-1/56 Bestemmelse om bebyggelse
18.10.1993
Rettighetshaver: Knr:1439 Gnr:138 Bnr:194
Byggetillatelse gitt etter dispensasjon i henhold
til Bygningsloven
Overført fra: 1439-138/196
Gjelder denne registerenheten med flere

Grunndata
1999/1537-1/56 Registrering av grunn
19.05.1999
Denne matrikkelenhet opprettet fra:Knr:1439 Gnr:138 Bnr:196

2003/3954-1/56 Grensejustering
10.11.2003
Gjelder denne registerenheten med flere
Tomt
Areal: 849 kvm, Eierform: Eiet tomt
Regulering/offentleg godkjenning
Planident198906
Lovreferanse: Plan- og bygningsloven av 1985 eller før
Plannavn: Reguleringsplan for Furutoppen
Type: Eldre reguleringsplan
Status: Endelig vedtatt arealplan
Ikrafttredelsesdato: 19.12.1989
Vertikalnivå: På grunnen/vannoverflaten
Bestemmelser: Planbestemmelser både på kart og som egen tekst
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen er tilkopla kommunalt vatn og avlaup via private stikkledningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Tilkomst
Det er lett tilkomst til eigedommen frå offentleg veg. Det vil bli skilta ved fellesvisningar.
Oppvarming
Det er to luft-til-luft varmepumper, vedomn og varmekablar på baderom, vaskerom, kjøkken og gang.
Kommunale avgifter
Kr. 16 000 pr. år
Renovasjonsavgift til NoMil kjem i tillegg og er på ca 4.000 per år. inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk, noverande eigar har med tre barn lagt på ca 20.000-25.000kWh per år.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 792 094 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 851 539 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg bruksløyve frå Vågsøy kommune datert 28.7.99. Denne ligg vedlagt. Merknad på kott/tak på loft som må luftast, hovudtrapp manglar eitt opptrinn og to fløyet dør har dårleg stengemulighet. Det er uvisst om dette er gjort noko med. Det er ikkje opplyst at det er søkt om ferdigattest.

Det er godkjende teikningar på garasje.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 225 m2
Bruksareal ? 232 m2
Bruttoareal ? 247 m2
Byggeår 1999
Tomte­areal 849 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
torsdag 19. september, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Furutoppvegen 72
Måløy
Prisant. 4500000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 225 m2
Bruksareal ? 232 m2
Bruttoareal ? 247 m2
Byggeår 1999
Tomte­areal 849 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
torsdag 19. september, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet