Nyoppført leilegheit i Loen med to soverom, stor overbygd terrasse og carport.

Vis i kart
Damgård
Loen
Prisant. 2980000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyoppført leilegheit i Loen med to soverom, stor overbygd terrasse og carport.

Eigedom
Damgård
6789 Loen
2. etasje
Om eiendommen
Leilegheita ligg i nyoppført tilbygg frå 2018. Lys og moderne leilegheit med stove og kjøkken i åpen løysing. Her er det god plass til både sofagruppe og spisebord, og frå stova er det utgang til ein stor overbygd terrasse på 38 m2. Kvit kjøkkeninnredning med alt av kvitevarer inkludert. Leilegheita har to soverom, bad med flis på golv og veggar, entrè og bod. I tillegg er det eigen carport og sportsbod i u.etg. Inngang frå baksida av bygget, med felles trappegang og heis. Vassbåren golvvarme i alle rom bortsett frå bod. Ønskjer du ei lettstelt og moderne leilegheit sentralt i Loen med gangavstand til alt Loen har å tilby er dette noko for deg!
Innhald
Stove/kjøkken i åpen løysing, to soverom, bad, entrè og bod. Terrasse på 38,1 m2. Eiga bod og carport i u.etg.
Standard
Opprinnelig bygg er frå 1962 iflg Stryn Kommune. Leilegheita ligg i tilbygg frå 2018. Lys og moderne leilegheit med trestavs eikeparkett på golv. På badet er det flis og på boda er det belegg. På veggar er det gips med måla strie, foutanom badet som har flis på veggar. Himlingar av slette måla gipsplater. Stor terrasse som har dekke av ubehandla betong og rekkverk av tre. Terrassen er overbygd med downlights i himling og det er framlagt stikkontakter til terrassen. Bod i u.etg har betong på golv, låsbar dør og framlagt lys og el.kontakter. Carport med veggar av betong og dekke av asfalt.
Byggjemåte
Leilegheita ligg i tilbygg oppført i 2018 og er oppført ihht TEK10. Utbyggjar er Drageset Eigedom AS, og entreprenør i prosjektet er HS Bygg AS.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 78 kvm, Bruksareal: 81 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

Viser til planteikning når det gjeld arealopplysing for leilegheita. Areal oppgitt i salsoppgåva er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse. Oppgjevne areal er basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme.

Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Ein carport i underetasje følg leilegheita. Ellers gjesteparkering på felles asfaltert parkeringsplass.
Hefter/servituttar
Hefter:
- 1930/900441-1/56 Utskifting 08.01.1930. Overutskiftning.
- 1958/2010-1/56 Jordskifte 23.12.1958 Grensegangssak. Tillegg til do., dbnr. 56, tgl. 09.01.60.
- 1958/2011-1/56 Jordskifte 23.12.1958 Grensegangssak.
- 1966/468-1/56 Jordskifte 10.03.1966.
- 1973/2145-1/56 Bestemmelse om vannrett 19.06.1973. Rettighetshaver:Knr:1449 Gnr:70 Bnr:2
- 1973/2586-1/56 Bestemmelse om bebyggelse 26.07.1973. Rettighetshaver: Selgerne. Rett å bygge vare/venterom på nærm. bet. Overført fra: 1449-70/101

Kjøpar aksepterer at ovannemnde hefter vert liggande på eigedommen sitt grunnboksblad.
Tomt
Areal: 3 076 kvm, Eierform: Fellestomt

Tomta er flat og består av asfaltert veg og parkeringsplassar. Fellestomt for både bustad- og næringsseksjonen (sjå vedtekter).
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er regulert til forretning/kontor/service. Det er gitt dispensasjon frå plan til oppføring av bustader.

Ny reguleringsplan for området er under utarbeiding.
Veg, vatn, avlaup
Enkel tilkomst frå offentleg veg. Vatn og kloakk tilknytta kommunalt anlegg via felles private stikkledningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter A
Tilkomst
Frå kommunal veg er det tilkomst over felles asfaltert parkerinsplass/trafikkareal. Felles trappegang og heis til alle etasjar med ny inngang frå baksida på bygget.
Oppvarming
Vassbåren golvvarme i alle rom med unntak av bod. Felles varmtvannstank for vassbåren golvvarme og forbruksvatn, seksjonane betaler etter målar/forbruk. Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
Kommunale avgifter
Kr. 2 757 pr. år
(inkluderer: vassavgift kr 1649 og kloakkavgift kr 1108. Felles vassmålar). Eigedomskatt kjem i tillegg men er ikkje fastsatt endå.
Faste kostnader
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Fellesutgifter til sameiget
- Tv/Internet etter eigne abbonement
Formueverdi
Likningsverdi er ikkje fastsatt då leilegheita er nyetablert. Likningsverdi som primærbustad ligg normalt på 20-30% av markedsverdi, og for sekundærbustad på ca 90% av markedsverdi.
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune datert 21.05.2019.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameiget sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostnader ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje felles forsikring på bygget, renovasjon, oppvarming av varmevatn til vassbåren golvvarme og forbruksvatn, og generell drift og vedlikehald av heis og fellesareal. Desse er stipulert til å liggje på mellom kr. 1000 -1500,- pr. mnd.

Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Damgård Sameige

Det er totalt 12 seksjonar i sameiget fordelt på 11 bustadseksjonar og 1 næringsseksjon.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.

NB: Seljar har planlagt eit parkeringshus på bakre del av tomta mot nordvest. Eigedommen skal reseksjonerast etter at planlagt parkeringshus er byggjemeldt og skal inngå i næringsseksjonen. Dette parkeringshuset skal også kun nyttast av næringsseksjonen. Kjøpar kan ikkje motsetje seg dette og plikter å medvirke med nødvendig signatur.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i vedtekter. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter, herunder forbud mot husdyrhald.

Det vart oppført tilbygg i 2018 med 6 nye leilegheiter. Sameiget er ikkje stifta endå, og det føreligg difor ikkje rekneskap eller budsjett endå og vi kan difor ikkje kommentere slike forhold.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Det er forbud mot husdyrhald i sameiget, jamfør vedtekter.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameiget og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i salsoppgåva før bodgjeving/kjøp.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 81 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 3076 m2
Energi­merking ? A
Vising
torsdag 19. september, 18:00 – 18:45
Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Damgård
Loen
Prisant. 2980000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 81 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 3076 m2
Energi­merking ? A
Vising
torsdag 19. september, 18:00 – 18:45
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet