VIEBØEN | Innhaldsrikt 5- roms rekkjehus med stor terrasse, påbygd veranda og integrert garasje

Vis i kart
Bakketunet 10
Førde
Prisant. 3650000
Soverom 4
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

VIEBØEN | Innhaldsrikt 5- roms rekkjehus med stor terrasse, påbygd veranda og integrert garasje

Eigedom
Bakketunet 10
6812 Førde
Om eiendommen
På solrike Viebøen ligg alt til rette for aktivitet med tilbod som leikeplass, ballbinge, balansepark og tennisbane.
Frå eigedomen er det gangavstand til barnehagar, barneskule, Høgskule, sjukehuset og butikkar.
Til Førde sentrum er det omlag 3km. Strekninga har god bussdekning og fine gangvegar.

Bakketunet 10 er eit flott rekkjehus med integrert garasje og steinlagd tun med plass til parkering.
Eigedomen ligg sørvestvendt med gode soltilhøve, store terrasse og stor veranda.
Innhald
Bustaden går over to plan med følgjande innhald:
1. etasje: Hall med trapperom, to soverom, bad, vaskerom og garasjerom.
2. etasje: Trapperom, stove, kjøkken og to soverom.

I tillegg har bustaden integrert garasje med plass til parkering på tunet.
Bustaden har stor terrasse og nyleg påbygd veranda.
Standard
Bakketunet 10 er eit innhaldsrikt rekkjehus med god planløysing, fine uteområder og garasje like ved inngangsdøra.
Steinlagd tun ledar fram til overbygd inngangsparti med ekstra dør, inn til garasjen.
Bustaden har luftig entrè med flislagd golv, varmekablar og varmepumpe.
På høgre hand er det innsett ein romsleg skyvedørsgarderobe.
På venstra hand ligg vaskerommet.
Her er det plass til både vaskemaskin og tørkerommel, skåp og skuffer med oppbevaringsplass og praktisk utslagsvask.
Vidare kjem ein til badet på høgre hand.
Badet er heilflisa med varmekablar i golvet og downlights i himlinga.
Her er det tidlause overflater og moderne kvalitetar.
Innreiinga består av servant med skåp, spegel med lys, romsleg dusjnisje, vegghengd wc, høgskåp og handdusj.

I enden av gangen ligg to soverom.
Det eine er svært romsleg, det andre har flislagd golv og utgang til terrassen.
Terrassen er heile 42 m2 og er dels overbygd med downlights i himlinga.
Her er det svært god plass og gode soltilhøve.

Tilbake ved inngangen ledar trapp opp til 2.etasje.
Her ligg det eit soverom på kvar side av trappa.
Begge soveromma har laminatgolv og profilerte plater på veggane. Det største har skyvedørsgarderobe med speglfrontar og plasbygd skåp.

Stova er romsleg med store sørvestvendte vindauge som gir fint lysinnslepp i rommet.
Her er det fint laminatgolv og elles lyse overflater. Stova har vedomn og har plass til både sitte- og spisegruppe.
I enden ledar glasdør ut til ein romsleg og dels overbygd veranda.
Verandaen er sørvestvendt med gode soltilhøve.

Tilbake i stova ledar glasdør inn til kjøkkenet.

Kjøkkenet er romsleg med fin innreiing frå Sigdal.
Innreiinga har profilerte frontar og laminert benkeplate.
Her er det integrert steike-/dampomn og platetopp.
Kjøkkenet har fint laminatgolv og downlights i himlinga.
Fin plass til stor spisegruppe ved vindauge.

Bustaden har røyr i røyr, sentralstøvsugar, fiberkabel, el. anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar.
Byggjemåte
Bygningen står på ringmur av betong.
Golv i bustadarealet i 1.etasje av isolert betongplate på grunn.
Etasjeskilje av isolert trebjelkelag.
Ytterveggar av 6" isolert bindingsverk med utvendig kledning av ventilert liggande trepanel.
Skiljeveggar mellom seksjonane av bindingsverk, utført som lyd- og branncellekonstruksjon.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av A-takstolar med god lagerplass i kaldloftet. Mot kaldloftet er det isolert med 30 cm matter.
Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vindauge med måla trekarmar og 2-lags glas.
Ytterdør i treverk med teakfinert overflate og 2-lags glas.
Altan- og terrassedør i treverk med kvitmåla overflater og 2-lags glas.
Garasje med ledda stålport med el.drift og ytterdør med teakfinert overflate.

Ved hovudinngangen er det overbygd flislagt betongplatting.
I fasade sørvest er det ca. 42 m2 treterrasse.
Frå stova i 2.etasje er det utgang til 14 m2 ny altan i fasade sørvest med plateinnlegg for regntett
dekke og underkledning av spaltepanel.

Ventilasjonen er basert på mekanisk avtrekk. Det er utlagt kanalar for eventuell oppgradering til balansert ventilasjon.
Sanitæranlegg med rør-i-rør system og avløpsrør av plast.
200L varmtvasstank.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar. Downlight`s i nokrerom.
Fiberkabel er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 26.08.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 105 kvm, Bruksareal: 127 kvm, Bruttoareal: 137 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Garasjerom.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 64 m2
2.Etasje: 63 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje og på tunet.
Felles gjesteparkering på enden av rekkja.
Hefter/servituttar
2004/4208-2/55 Erklæring/avtale
08.09.2004
Denne seksjon har tilleggsdel - areal.
Gjelder denne registerenheten med flere

2004/4208-1/55 Seksjonering
08.09.2004
opprettet seksjoner:
snr: 12
formål: Bolig
sameiebrøk: 270/11064
Avjerd om tilleggsdel, sjå under servituttar.
Gjeld seksjon fra og med nr.1 til og med nr.39
For øvrige opplysninger om grunndata, se den seksjonerte matrikkelenheten.
Tomt
Areal: 14 971 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomtearealet som ligg til seksjonen er opparbeidd med sørvestvendt treterrasse, og tun og innkøyrsle mot nordaust med belegningsstein.
Sameiget sitt fellesareal er opparbeidd med grøntareal, leikeplass, asfalterte parkeringsplassar, gang- og trafikkareal.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i regulert tett utbygd bustadområde.
For utfyllande opplysingar syner ein til reguleringsplanen.
Link til reguleringsplanen: http://webhotel3.gisline.no/WebInnsyn_Fjordkart/Klient/Vis/WebInnsyn_Fjordkart
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen ligg med lett tilkokmst frå kommunal veg og frå sameiget sitt fellesareal.
Kommunalt vass- og avløpsanlegg via sameiget sine private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
Meklar vil syte for skilting ved fellesvising.
Oppvarming
- Vedomn i stova.
- Luft til luft varmepumpe.
- Varmekablar i golvet i store delar av 1. etasje.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 16 243 pr. år
Faste kostnader
Noverande eigar hadde eit straumforbruk på 11 325 kWh. i 2018.
Straum og nettleige etter eige forbruk.

Eigedomen er i dag fullverdiforsikra i Gjenside, avtalenummer: 74445241
Årleg premie: 5 111,-

Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 738 903 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 660 052 per 31.12.17
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 15.05.2007.Attesten ligg vedlagt salsoppgåva.
Felleskostnader
150 pr. mnd. Inkluderar: straum fellesanlegg, brøyting og sanding, drift og vedlikehald av fellesanlegg og revisorkostnader.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Bakketunet Og Moldreina Sameige, Orgnr.: 888550682
Andel fellesformue: 4123, Total formue: 169039, Oppdatert pr: 01.01.2019

Sameiget er utbygd med 41 bustadseksjonar som er fordelt på fleire rekkjehus med integrerte garasjar og rekkjehus med frittståande felles carportar.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Vedtekter ligg vedlagt salsoppgåva. Rekneskap kan utleverast ved henvending til meklarforetaket.
Forretningsførar/rekneskapsførar
Revisorgruppen Fjordane AS
Godkjenning/forkjøpsrett
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning.
Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
Det er observert skjeggkre i nabohuset. Skjeggkre er eit insekt som er i slekt med sølvkre.
Skjeggkre er observert i bygg over heile landet, og mange av funna er frå nyare og moderne bustader.
Det finns tiltak som kan redusere antall skjeggkre betydeleg.
Tilrådde tiltak er mellom anna bruk av limfeller og hyppig renhald for å fjerne tilgangen til næring.
Skjeggkre gjer lite skade, men kan virke sjenerande.
Forsikring
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 105 m2
Bruksareal ? 127 m2
Bruttoareal ? 137 m2
Rom 5
Byggeår 2005
Tomte­areal 14971 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Bakketunet 10
Førde
Prisant. 3650000
Soverom 4
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 105 m2
Bruksareal ? 127 m2
Bruttoareal ? 137 m2
Rom 5
Byggeår 2005
Tomte­areal 14971 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet