Einebustad på stor tomt med fin opparbeidd hage og fleire uteplassar - Anneks i hage - Strandlinje med fiskerett!

Vis i kart
Skjervane 11
Vassenden
Prisant. 2950000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad på stor tomt med fin opparbeidd hage og fleire uteplassar - Anneks i hage - Strandlinje med fiskerett!

Eigedom
Skjervane 11
6847 Vassenden
Om eiendommen
Romsleg og innhaldsrik einebustad med 5 soverom og fiskerett i Jølstravatnet. Stor tomt med fint opparbeidd hage og fleire uteplassar. Frå bustaden har ein flott utsyn til Jølstravatnet der det følgjer med to parsellar på 88 og 104 kvm, som ligg ved vatnet. Her har ein strandlinje med fiskerett samt steinbrygge med tilflot for mindre båtar.

Flott anneks i hagen som vart flytta til eigedommen i 1968. Annekset vart restaurert og brukast i dag som gjestehus. Annekset har mykje historie i seg som kjem fram i både utsjåande og inventar.

Eigedomen ligg i vakre naturomgivnader med tur- og rekreasjonsområder rett utom døra på Ålhus i Jølster. Det er fine turstiar både sommar og vinter, og noko for ein kvar smak; lette turløyper til fots og tyngre toppturar for dei som likar det. Tettstaden Vassenden ligg om lag 10 km frå Ålhus og det er 30 km til Førde. På Vassenden har ein servicetilbod som ein treng; Jølstraholmen med daglegvare og søndagsope, Kafé og bensinstasjon. Like ved ligg Sunnfjord Golfklubb og det populære alpinanlegget Bjørkelia.
Buss har av- og på stiging like ved eigedomen. Ålhus barnehage ligg innan rimeleg gang avstand frå eigedomen, med gang- og sykkelveg.
Innhald
Bustadhus:
Kjellar - Musikkrom, gang og tre boder.
Hovudetasje - Vindfang, gang, hall, stove, kjøkken, fem soverom, bad, vaskerom, to toalett, dusjrom, kjølerom, bod i del av vaskerom og garasjerom.
Hems - Fløy mot aust med open hems mot stove og med eit avdelt hemserom.
Uinnreidd hems over fløy mot vest.

Sperrestove/anneks:
Hovudetasje - Gang m/kjøkkenkrok og trapp til loft, soverom og stove.
Loft - Gang/soveplass.
Standard
Einebustaden på Hegrenes i Jølster er både romsleg og innhaldsrik. Bustaden er opprineleg frå 1975 men blei påbygd frå 1981. I tillegg vart det flytta eit anneks til eigedomen i 1968.

Einebustaden har innvendige veggar med tapet, strie og trepanel. Måla murpuss i kjellar.
Golva har parkett, belegg og tepper. På hems er det tregolv.
Himlingane har malte plater og trekvit samt beisa trepanel.

Inngangspartiet er inntrekt med takoverbygg og har fine detaljar. Her er det tilkomst til både vaskerom, garasje og vindfang/hall. Vindfanget har god plass til mellom anna klede og sko. Gode muligheiter for garderobeløysing og anna innreiing/oppbevaring. Fleire vindaugsflater som gir naturleg lysinnslepp. Vindfang/ hallen er også skille mellom den opprinnelege bustaden og tilbygget frå 1981.
Bustaden har totalt 5 soverom.
Godt utnytta kjøkken med plass til spisebord. Kjøkkeninnreiing med frontar av Mahogni og laminat benkeplate. Integrerte kvitevarer består av platetopp, steikeomn og oppvaskmaskin. Verdt og nemne at bustaden også har kjølerom med god plass.
Romsleg heilflisa baderom som vart overflatemodernisert i 2010 og inneheld badekar, bide, skap med servant og dusj. Vegg i vegg ligg toalettrom med toalett og servant. I tillegg er det eige dusj-rom med veggmontert dusj og skap med servant i tillegg til ekstra toalett rom, som ligg i tilbygget. Praktisk vaskerom/bod kor det er god plass til diverse oppbevaring og handtering av skrottar frå slakt om ein ønskjer å ta dette inn. Rommet har i dag ei eldre kjøkkeninnreiing og anna skap og hylleordning. I tillegg er det opplegg for vaskemaskin.
Innhaldsrik stove med særs stor plass til fleire sittegrupper som kan "delas" inn i ulike seksjonar. Langs sidene og i front av stova har ein gjennomgåande og store vindaugsflater. Dette gir mykje naturleg lysinnslepp samt ei triveleg atmosfære. Frå stova er det utgang til overbygd terrasse med flott utsikt til Jølstravatnet.
Det er open hems i stova og eit avdelt hemsrom med golvareal på 22 kvm og mønehøgde på 1,25 meter med tilkomst frå hall. I tillegg er det uinnreidd hems over fløy mot vest.

Kjellaren består av musikkrom, tre boder og gang.
Musikkrom er innreiia med fullverdig bar med benkeplate og servant. Fleire hyller og skap for oppbevaring av glass og diverse samt integrert høgtalar-anlegg. Rommet er i tillegg lydisolert.
Ei av bodene fremstår som eit hobby-rom med høvlebenk.

I hagen står det eit anneks som truleg er frå 1800-talet. Dette vart flytta til eigedomen i 1968. Annekset inneheld sperrestove og soverom med tregolv, lafta tømmerveggar, og himlingar med synlege takbjelkar.
Gang m/kjøkkenkrok med tregolv, veggar med lafta tømmerplank og trepanel, og himling med
synlege takbjelkar.
Loftsrom med tregolv, trepanel på veggane, og skråtak med synlege sperr og rupanel.
Bygningen er naturleg prega av elde, men er med omsyn til alderen i god stand.
Byggjemåte
Bustad:
Grunnmuren, i del av bygningen som har kjellar, er av betongholstein med pussa overflater utvendig og innvendig med utlekta plater/panel på det meste av arealet. Bygningen står elles på punktfundament av betong og ringmurar. Golv i kjellaren av betong.
Etasjeskilje av trebjelkelag. Golv over ventilert kryprom av isolert trebjelkelag med underkledning
av trepanel. Golv i tilbygget frå 1981 med isolert betongplate.
Ytterveggar av søyler og isolerte prefabrikkerte element med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av limtredragarar og isolerte prefabrikkerte element.
Taktekking og takrenner av impregnert trepanel.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas. Ytterdører i treverk med beisa overflater.
Terrassedører i treverk med beisa overflater og 2-lags glas.
Garasje med vippeport, golv av betong, veggar av betong og lettklinkermur.

Anneks:
Grunnmur av naturstein, med delvis open jordkjellar.
Golv av trebjelkelag med stubbegolv.
Ytterveggar av lafta tømmerplank og stavar, utvendig med kledning av trepanel.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av sperr.
Taktekking av skiferheller.
Vindauge med trekarmar og enkle glas.
Labankdører.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Førde Takstkontor AS v/ Bjarte Roska, datert 02.08.2019.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Oljetank: Det er ein oljetank på eigedomen. Etter forureiningsforskrifta § 1-9 pliktar ein å melde skriftleg til kommunen dersom oljetank vert teken ut av bruk. Etter forureiningsforskrifta § 1-8 skal tankar som vert teken ut av bruk permanent, tømmast og gravast opp. Sjå www.enova.no for meir informasjon.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 180 kvm, Bruksareal: 252 kvm, Bruttoareal: 274 kvm
Bustadhus:
Alle rom er P-rom unnateke:
Tre boder, gang, musikkrom, kjølerom, bod i del av vaskerom, garasjerom og bod.

BRA pr. etasje:
Kjeller: 38 kvm.
1.Etasje: 209 kvm.
Loft: 5 kvm.

Sperrestove/anneks:
Annekset har ikkje wc/bad og er derfor ikkje ein fullverdig bustad, men vert brukt som gjestehus og er difor definert som P-areal.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 51 kvm.
Loft: 29 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje. Ellers plass til fleire bilar på eiga tomt.
Hefter/servituttar
Heflelser:

1857/900052-1/55 Erklæring/avtale
03.11.1857
Bestemmelse om veg
Bestemmelse om beiterett
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1863/900067-1/55 Utskifting
10.01.1863
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1883/900117-1/55 Rettsbok
18.08.1883
Grensegangssak
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1902/900145-1/55 Utskifting
13.01.1902
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1903/900307-1/55 Utskifting
12.01.1903
Overutskifting
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1910/900078-1/55 Erklæring/avtale
26.09.1910
BRUKSRETT OG / ELLER DISPOSISJONSRETT
RETTIGHETSHAVER: ÅLHUS SKYTTERLAG
TIL EN SKYTEBANE
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1910/900083-1/55 Erklæring/avtale
26.09.1910
BRUKSRETT OG / ELLER DISPOSISJONSRETT
RETTIGHETSHAVER: AALHUS SKYTTERLAG
TIL EN SKYTEBANE I HEGRENES FELLES UTMARK
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1911/900182-1/55 Skjønn
31.07.1911
Bestemmelse om gjerde
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1911/900183-1/55 Rettsbok
18.10.1911
Bestemmelse om beiterett
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1927/900252-1/55 Utskifting
16.05.1927
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1927/900263-1/55 Utskifting
16.05.1927
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1929/900450-1/55 Erklæring/avtale
18.02.1929
Vegvesenets betingelser vedtatt
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1933/900595-1/55 Utskifting
20.02.1933
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1933/900606-1/55 Utskifting
20.02.1933
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1939/435-1/55 Utskifting
31.03.1939
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1947/877-1/55 Bestemmelse om vannrett
21.07.1947
rettighetshaver:Knr:1431 Gnr:73 Bnr:35
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1949/1579-2/55 Bestemmelse om fiskerett
09.11.1949
rettighetshaver:Knr:1431 Gnr:73 Bnr:43
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1957/873-1/55 Erklæring/avtale
20.05.1957
Bestemmelse om felles vannverk/ledning
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1966/2062-2/55 Bestemmelse om veg
12.09.1966
rettighetshaver:Knr:1431 Gnr:73 Bnr:57
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1967/1062-1/55 Skjønn
12.05.1967
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1970/708-1/55 Erklæring/avtale
05.03.1970
Vegvesenets betingelser vedtatt
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1974/5489-1/55 Erklæring/avtale
21.11.1974
Vegvesenets betingelser vedtatt
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1979/2011-1/55 Erklæring/avtale
30.03.1979
Grensegangssak
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1985/751-1/55 Erklæring/avtale
08.02.1985
Grensegangssak
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1993/4791-1/55 Erklæring/avtale
13.09.1993
å legge drensrør
Vegvesenets betingelser vedtatt
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

1993/5051-2/55 Erklæring/avtale
23.09.1993
rettighetshaver:Knr:1431 Gnr:73 Bnr:65
VEDK. DRENSLEDNING
Med flere bestemmelser
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

2001/4116-1/55 Jordskifte
07.09.2001
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

2004/4110-1/55 Jordskifte
01.09.2004
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

2009/21250-1/200 Fredningsvedtak
12.01.2009
Forskrift om verneplan. Vern av Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde.
Med flere bestemmelser
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere

2017/1203239-1/200 ** Delvis sletting ved arealoverføring
31.10.2017 21:00
fra gnr 127 bnr 9 til gnr 127 bnr 42

2014/152166-3/200 Jordskifte
21.02.2014
Sak: 1420-2011-0014 Naustdal-Gjengedal
Overført fra: 1431-73/12
Gjelder denne registerenheten med flere
Tomt
Areal: 2 939 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta består av 3 parsellar.
Parsell 1, som ligg på nordsida av E39, er 2 748 kvm og er utbygd med eit bustadhus og ei sperrestove.
Tomta er pent opparbeidd med hage med grøntareal og plantar, innkøyrsle med belegningsstein og portal med fjernstyrt port. Tun med skiferheller, betong og tre- terrassar. Flott uteplass mellom bustaden og sperrestova med open peis, treterrasse, steinbenk og hagebord av betong.
Parsell 2 og 3, med areal på 88 kvm og 104 kvm, ligg ved vatnet og har strandlinje med fiskerett. Den eine parsellen har steinbrygge med tilflot for mindre båtar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen er uregulert. Området er i kommuneplan sett av til bustad og ligg i område kor kommuneplanen for 2013-2025 gjeld.
Planid: 1431-2010003
Veg, vatn, avlaup
Eigedommen ligg ved kommunal veg, er tilkknytta Hegrenes private vassverk og har privat avløpsanlegg med slamavskiljar og kommunal tømming.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst
Frå E39 tar ein av ved Ålhus. Køyr inn første til høgre og fortset vegen til nr. 11 kjem på høgre hand.
Sjå eventuelt kart på www.finn.no eller ta kontakt med meklar for vegbeskriving. Bustaden er merka med Til Sals -plakat og det vil verte skilta med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sine skilt på fellesvising.
Oppvarming
Peisinnsats for vedfyring med integrert oljebrenner i stova.
Vedomn i gangen av tilbygget.
Luft til luft varmepumpe med to innedelar.
Varmekabler på bad, dusjrommet, hallen og soverom i tilbygg.
Det er panelomnar, 2 i stova, 1 på kjøkken og i kvart soverom i eldste delen.
Kommunale avgifter
Kr. 2 418 pr. kvartal inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. I tillegg deltek eigedomen i felles brøyting av tilkomst vegen. Dette utgjorde kr. 988 for 2017-2018 og vil kunne variere med snømengde og liknande.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 261 178 per 31.12.2017
 
Ferdigattest
Det føreligg ferdigattest frå Jølster kommune datert 17.12.1975 for hovudbustaden. Denne ligg vedlagt.
Kjellaren er det ikkje teikningar eller dokumentasjon på. I følgje seljar hadde han avklara med kommunen at kjellar kunne byggjast dersom det ikkje var fast fjell under bygget. Kjellaren er ikkje godkjend til varig opphold.
Påbygget frå 1981 foreligger det ikkje ferdigattest eller mellombels bruksløyve, men det foreligger godkjende teikningar med påbygg der romfordelinga er noko annarleis enn dei opprinlege teikningane.
Kommunen opplyser om dei ser på bygget som i orden og kjem ikkje til å føreta seg noko meir rundt dette.
For tiltak omsøkt før 01.01.1998 vert det heller ikkje laga til ferdigattest.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig, men på grunn av storleiken må ein fylle ut eigenerklæring om konsesjonsfritak.
Utleige
Eigedomen kan i si heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Diverse
På tomta er det jordtank for oljelager. Oljefyring skal vere utfasa innan 2020 og tilknytta utstyr sanerast.
Det er installert fiber.
Bustadseljarforsikring
Seljar har teikna bustadseljarforsikring og har i samband med det utarbeidd ei eigenerklæring. Interessentar pliktar å gjere seg kjend med denne før bodgiving/kjøp. Erklæringa er vedlagt i salsoppgåva.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Ønskjer du rask avklaring på finansielle spørsmål kan du ta kontakt med meklar som kan sette deg i kontakt med kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Meklar mottek ikkje godtgjersle for dette.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 180 m2
Bruksareal ? 252 m2
Bruttoareal ? 274 m2
Byggeår 1975
Tomte­areal 2939 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
onsdag 2. oktober, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Ben  Inge  Rasmussen
Ben Inge Rasmussen
Eigedomsmeklar
Førde
Bilete av Kjartan  Aarnes
Kjartan Aarnes
Fagansvarleg/ Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Skjervane 11
Vassenden
Prisant. 2950000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 180 m2
Bruksareal ? 252 m2
Bruttoareal ? 274 m2
Byggeår 1975
Tomte­areal 2939 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
onsdag 2. oktober, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet