Bygge hytte i sommar? 7 rimlege tomter, like ved fjorden | Solrik beliggenheit med moglegheit for båtplass og naust

Vis i kart
Svortevik
Svortevik
Prisant. 390000
Etasje 1000
Bustadtype Hyttetomter

Bygge hytte i sommar? 7 rimlege tomter, like ved fjorden | Solrik beliggenheit med moglegheit for båtplass og naust

Eigedom
Svortevik
6942 Svortevik
Om eigedomen
Tomtefeltet ligg ytterst i Førdefjorden like ved kommunegrensa mellom Førde og Flora, midt mellom Vevring og Stavang. Det er ca. 6 km til nærbutikken Stavang Landhandel og ca. 10 km til Joker Vevring.

Tomtene ligg fint til med flott utsikt mot sør og ret vest ut i havet fordi Svanøy. Feltet er solrikt og har delvis le for nordavind.
Innhald
No har du sjansen til å sikre deg ei rimelig fritidstomt i naturskjøne Svortevik.
Her ute kan du nyte flott natur og herlig båtliv.
Svortevik ligg like ved Stavang, Svanøya, Stavøya og andre populære reisemål.
Feltet inneheld 12 ulike fritidstomter, der 11 av dei er tilgjengelig for kjøparar.
Nokre seljast som råtomter, andre er planerte og klar for bygging.
Ønskjer du deg nausttomt, båtplass eller begge deler? Her ligg alt til rette.
Ta kontakt for nærmare informasjon!
Tomt
Tomt 1: Råtomt 972 kvm - Prisantyding: 390 000,-

Tomt 2: Råtomt 804 kvm - Prisantyding: 390 000,-

Tomt 3: Byggeklar/planert 966 kvm - Prisantyding: 550 000,-

Tomt 4: Byggeklar/planert 983 kvm - Prisantyding: 550 000,-

Tomt 5: Byggeklar/planert 864 kvm - Prisantyding: 550 000,-

Tomt 6: Råtomt 960 kvm - Prisantyding: 390 000,-

Tomt 7: Byggeklar/planert 1154 kvm - Prisantyding: 590 000,-

Tomt 8: Byggeklar/planert 983 kvm - Prisantyding: SELD

Tomt 9: Råtomt 1202 kvm - SELD

Tomt 10: Råtomt 1098 kvm - SELD

Tomt 11: Råtomt 1018 kvm - SELD

Tomt 12: Byggeklar/planert 995 kvm -SELD


Ein kan i tillegg kjøpe båtplass i fellesanlegg og/eller nausttomt.

* NAUSTTOMT: Fast pris per nausttomt er og kr 80 000. Kvar nausttomtene får eige seksjonsnummer og vert eablert som eige sameiege. Sameiget vil vidare stifte eit båtlag som skal drifte kaianlegg og kjøp/sal/utleige av båtplass.

* BÅTPLASS: Fast pris kr 80 000 pr. båtplass som vil være 3 meter brei. Ein kan kjøpe breiare plass for tillegg i pris pr. 10 cm. Kaianlegget blir etablert på gnr.105, bnr.42
Regulering/offentleg godkjenning
Området er regulert til hyttefelt.
Tilkomst
Frå Eikefjorden følgjer du riksveg 542 mot Stavang og vidare over til riksveg 611. Ca. 6 km etter Stavang får du tomtefeltet på høgre hand. Du kan og køyre frå Naustdal, om Vevring og ut.
Kommunale avgifter
inkl. evt. eigedomsskatt.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Konsesjon
Då dette er ubebygde tomter er det krav til utfylling av eigenerklæring om konsesjon.
Diverse
- Kjøpar må sjølv stå for tilkoblingsavift straum.
- Tomtene leverast med trekkerøyr for vatn/straum/vvs/nettverkskabel fram til tomtegrensa
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 1000 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Svortevik
Svortevik
Prisant. 390000
Etasje 1000
Bustadtype Hyttetomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 1000 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet