No har vi berre 2 flotte leilegheiter igjen i flotte Byporten. Kom nedom oss, så viser vi :)

Vis i kart
Byporten
Florø
Pris frå 4015000
til 4165000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

No har vi berre 2 flotte leilegheiter igjen i flotte Byporten. Kom nedom oss, så viser vi :)

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Leilegheit 305 2 3 106.4 m2 Seld
Leilegheit 309 2 3 87.4 91.2 m2 3675000
Leilegheit 410 2 4 80.3 85.6 m2 4015000
Leilegheit 504 3 5 111.2 116.1 m2 4715000
Leilegheit 303 2 3 95.2 100.4 m2 Seld
Leilegheit 304 3 3 111.2 116.1 m2 4165000
Byporten er det nye og flotte bustadprosjektet midt i Florø sentrum som vil gje deg moglegheiten til å nyte det gode liv heilt i sjøkanten. Staden du bur på er ein stor og viktig del av kvardagen din , du skal trivast. For deg som er opptatt av å bu sentralt og vere der det skjer er Byporten eit ypperleg alternativ.

Nærområde har flotte turstiar om ein ønskjer det og sjølvsagt kaiområde og livet i Strandgata med det du treng av fasilitetar.
Vi har 2 leilegheiter att , sjå planteikning og bileter under kvar seksjon.
Dei to som er att er leilegheit 410 som ligg mot sør og har fin utsikt mot parken og 304 som og ligg sør mot Strandgata, har stor altan og veldig god planløysing.
Bygget som no står ferdig er blitt ei arkitektonisk perle med si flotte utforming. Det er eit bygg som utmerkar seg samtidig som det passar fint inn i kystmiljøet.

Kjøkken : Kjøkkeninnreing type HTH med kvitt glatt front som standard.
Kvitevarer vert ikkje levert

Bad: Innreiing har underskåp i breidde 80 og 100 cm som standard. Standard skåp/ dører har glatt kvit overflate. Topplate med nedseinka kvit servant og eitt greps servantbatteri. Over servantskåp er det med speil med lys og stikkontakt. Eitt greps dusjbatteri med dusjgarnityr og dusjveggar.
Vegghengt klosett i kvit porselen.

Veggar :
Innvendige veggar består av stålstendarar eller trestenderar, kledd med gipsplater. Leilegheitsskilleveggar er i betong eller dobbelt bindingsverk med fire lag med gips. Enkelte andre veggar kan ha overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt .
Veggar:Veggoverflate vert generelt levert som malt glatt strie på gipsplater/ betong. På bad leverast baderomsplater type Fibo Tresp.

Golv:
Alle rom utenom bad og bod/ vaskerom blir leverert med parkett som standard. Det vert leverte keramiske fliser på golva på bad.

Himlingar
Alle himlingar er sparkla og målte kvite. Enten på nedfora himlingar med gipsplater eller på betongdekke/ holdekke.

Inngongsparti:
Det er flis på golv i innvendige fellesareal. Postkasser er plassert ved inngang i 1.etg ved heis.


I tillegg til bod i leilegheita får kvar leilegheit 1 stk. sportsbod plassert i parkeringskjellar. Bodene vert levert med veggar og dører som kan låsast. Arealet av sportsbodene varierer frå 5m2 til 7m2

Porttelefon
Oppvarming i leilegheitene er vassbåren golvvarmeanlegg i entre, gang, stove og kjøkken. Varmekablar i badegolv.
Parkering i felles parkeringskjellar der det går heis opp til leilegheitene.
Adkomst frå offentleg veg. Ein vil kunne køyre inn i parkeringskjellar og ta heisen opp til etasjeplanet ein bur på.
Utomhus er det tekking av tre og plater.Tilkomst til hovudinngangar har fast dekke.
Hamnepromenaden går i front av bygget mot sjøen og har fått kunstnarleg utforming.
Bygningen er utført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje er utført i betong eller betongelement med 36 mm trinnlydsplater
og laminat/ parkett over. Takkonstruksjonen er utført med hol-dekke med isolasjon og folietekking. Skråtak på austblokka blir oppbygt med treverk og plater oppå hol-dekke og isolasjon med folietekking over. Eventuelt kan denne konstruksjonen bli erstatta med Lett-tak element.

Fasadane er bygde opp som isolerte bindingsverk, i hovudsak kledd utvendig med trekledning og fasadeplater.

På vestblokka blir balkongar laga som utkraga betongplate med understøttande søyler eller stag festa i vegg. På austblokka er det
altanar bygde som trekonstruksjon. Tett golvkonstruksjon mellom balkongar/ altanar. Terrassebord som golvoverflate.
Rekkverk i front i stål med glassfelt. Sideveggar/ skjermveggar med tre-/ platekledning. Balkong/ altan og terrassar er å sjå som utvendig
konstruksjon.
Energiklassen blir C eller betre.
Offentleg
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Leilegheitene er klare til innflytting
Bustadane vert selde i samsvar med lov om avhending av fast eigedom ( avhendingslova ). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Tomta er regulert til bustader og næringsføremål i godkjent reguleringsplan.
Byporten
6900 Florø
Eierform: Eiet tomt
Sjølveigar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Der himmel møter hav finn du Florø. 150 år gamle Florø er Norges vestlegaste by og for mange den mest sjarmerande småbyen i Norge. Fleire gonger har kommuen Flora , som Florø høyrer til, blitt kåra til den trivlegaste bykommunen i landet. No har du sjansen til å bu midt i denne idyllen. Byporten ligg ved inngangen til Strandgata som går paralellt med kystlinja. Gata er fullspekka med historie, og du vil kjenne deg stolt over å vere ein del av denne gata med ein leilegeheit i Byporten. Ein fantastisk skjergard med høve for spektakulære toppturar på øyer som skyt rett opp av havet er berre ein av mange naturopplevingar du har tilgang i Florø. Kulturlivet i byen er aktivt og variert med kulturskule og musikk, kor og revy miljø. idrettshall, svømmehallen Havhesten, fotballbaner samt idretts og fritidsorganisasjoner finst også. Båtlivet er viktig for Florøværingane. Med ei leilegheit i Byporten har du høve til å ta del i det sjølv utan båt. Staden du bur på er ein stor og viktig del av kvardagen din. For deg som er opptatt av å vere der det skjer, er Byporten i Florø eit ypperleg alternativ der himmel møter hav finn du Florø. .
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei 3 første åra.
Det er total 26 seksjonar i sameiga fordelt på 23 bustadseksjonar og 3 næringsseksjonar.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Det er utarbeidd vedtekter for sameige. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
BOB
Kjøpar må samtykke i eventuell reseksjonering av næring - og eller parkeringsareal, dette vil vere eit eige punkt i kontrakta.
Reseksjonering av næringsareal og delar av parkeringsarealet skal ikkje gå ut over bruken av eigen bustad eller vere til hinder for bruk av fellesareal slik dei er meint brukt.

Adgangen til utleige : Overdraging av seksjon og utleige av seksjon må meldast til styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast i det einskilde tilfellet når det ligg føre sakleg grunn til det.

Det kan førekomme avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. i slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgjevande. Dersom det er avvik mellom prospekt / internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakta som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 80 m2
til 111 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Byporten
Florø
Pris frå 4015000
til 4165000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 80 m2
til 111 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet