Hyttefelt i vakre omgjevnader på Stavøya - sørvendt - solrikt - sjønært!

Vis i kart
Stavøy
Stavang
Prisant. 700000
Etasje 1
Bustadtype Hyttetomter

Hyttefelt i vakre omgjevnader på Stavøya - sørvendt - solrikt - sjønært!

Eigedom
Stavøy
6944 Stavang
Lokalitet
Sørvendte og solrike hyttetomter i vakre omgjevnader på Stavøya. Dei sjønære tomtene ligg flott til med utsikt mot Langøya, Brufjorden, Alden, Askrova og skipsleia. På Stavøya er det fine badeviker og området er ypperleg for kajakkturer eller andre sjø- og fiskeaktivietar. På Stavøya kan du nyte det gode live ved sjøen.
Området har gode soltilhøve med sol frå tidleg morgon til seine kveldar. Bilde med solnedgang ved Kinn er tatt 16.03 kl 19.00 og samme dag var det soloppgang ved Håsteinen ca. kl. 07.00 :-)

Likar du å trimme kan Stavøy tilby fleire merka turløyper og fine moglegheiter for sykkelturar for store og små.

Det er vegsamband via bru til Stavøy. Det er ca. 2 km til Veiesund der det er gode rutebåtsamband til/frå Florø med fleire avgangar dagleg. Buss frå Veiesund. Næraste butikk er Stavang, ca. 7 km unna og til Eikefjord med fleire butikkar er det 25 km. Avstand til Førde/Florø er ca. 50 km.
Innhald
Kontakt Steinar Eikevik tlf: 90762059 for ytterlegare informasjon og vising.
Parkering
Det er opparbeidd felles parkeringsplasser i feltet. I tillegg er det køyreveg fram til alle tomtene.
Tomt
Eigarform: sjølveigande fritidstomter med storleik på 800 - 900 m2. Tomtene ligg i ope landskap med gode soltilhøve og utsikt. Tomtene har for det meste lyng, einer og små furutrær. Det er opparbeid gang/sykkelveg ned til sjøen med fine bademoglegheiter. Der er det planlagd flytebrygge/båtplass og felles uthus/naust/badehus.
Feltet har gnr. 21, bnr. 61. Tomtene skal frådelast dette bnr. Nokre av tomtene er frådelte, andre vert frådelt etter kvart som tomtene vert selde.
Det er ingen byggjeklausul. så hyttetypen vel du sjølv ihht reguleringsplan. Vil du ha nøkkelferdig hytte kan grunneigar i samarbeid med Jølster Bygg levere dette til ein gunstig pris.

Hyttetomtene vert seld etter fast pris.

Følgjande tomter er for sal:
nr. 3 kr. 900.000,-
nr. 5 kr. 800.000,-
nr. 6 kr. 800.000,-
nr. 8 kr. 700.000,-
nr. 9 kr. 750.000,-
nr. 10 kr. 800.000,- - SELD
nr. 11 kr. 800.000,-
nr. 12 kr. 800.000,-
Regulering/offentleg godkjenning
Området er regulert tl fritidsbebyggelse, med leikeplass, uteopphaldsareal, vegar, parkeringsplass, badeområde, småbåtanlegg og uthus/naust/badehus. Viser til planid 20090106 vedlagt salsoppgåva.
Veg, vatn, avløp
Kjøpar kan vederlagsfritt koble seg til godkjent felles va-anlegg og vert medeigar i anlegget. Kostnadane til drift og vedlikehald vert fordelt mellom alle tilkobla eigedomar (totalt 14 når feltet er utbygd).
Det er bort borehol som skal nyttast til vassforsyning. Kjøpar tek del på kostnader i samband med felles drift- og vedlikehaldskostnader.
Grøfter for infrastruktur: Desse ligg i vegareal, nokre plasser ligg grøfta innafor tomtegrensene (men likevel utanfor byggjegrensa).
Når alle tomtene er utbygte vil felleskostnadane vere ca. kr. 1200,- pr år.
Tilkomst
Hyttefeltet ligg på sørsida av Stavøya. Det er brusamband til øya. Ein køyrer rv 5 til Eikefjord. Tar av mot Stavang. Eit par km før Stavang tar ein av til høgre mot Stavøy. Det er ca. 5 km frå brua til avkjørsla til hyttefeltet. Grusa veg oppover mot venstre.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Det må fyllast ut eigenfåsegn om konsesjonsfridom ved kjøp av tomt.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Bustadkjøparforsikring
Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 800 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Stavøy
Stavang
Prisant. 700000
Etasje 1
Bustadtype Hyttetomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 800 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet