Coopbygget - to leilegheiter igjen, klar for innflytting!

Vis i kart
Setrevegen 2
Stryn
Pris frå 2790000
til 3375000
Bustadtype Nybygg
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Coopbygget - to leilegheiter igjen, klar for innflytting!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Coopbygget 1 3 60 63 m2 2790000
Coopbygget 2 3 64 67 m2 Seld
Coopbygget 2 3 70 73 m2 3375000
Coopbygget 1 3 60 63 m2 Seld
Coopbygget 1 3 60 63 m2 Seld
Vil du bu lettvint, trygt og sosialt - midt i Stryn sentrum?
I Coopbygget i Stryn har vi to leilegheiter igjen for sal, bygget ligg meget sentralt til med butikkar, legesenter og apotek i same bygning - kun ein heistur unna.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nyoppført bustad. Lav dokumentavgift er ein klar fordel - ein betalar 2,5% dokumentavgift av andel av tomteverdi, ikkje av heile kjøpesummen. Alt er nytt og ingen har nytta leilegheta før - ein set sjølv første spikaren i veggen.

Coopbygget består av garasjeanlegg i underetasjen, butikk og apotek i første etasje, legesenter i andre etasje og 14 leilegheiter på toppen. Det er ni omsorgsbustader i tillegg til fem leilegheiter som vert lagt ut for sal på det åpne markedet. Omsorgsbustadane og desse leilegheitene er adskilt med dør imellom og har kvar sitt opphaldsområde på fellesareal. Hovedinngang til leilegheitene blir i trapperom mot sør, men det er også tilgang til leilegheitene frå trapperom nord, dersom ein har behov for heis.

Leilegheitene er klar for innflytting - ta kontakt for visning!
Leilegheitene ligg i byggets tredje og øverste etasje med tilkomst frå trapp samt heis. Alle leilegheitene har funksjonelle romløysingar og energieffektiv oppvarming med vannbåren golvvarme. Dei minste leilegheitene har eitt soverom og dei største har to soverom. Alle leilegheitene har dels overbygd terrasse, bod i tredje etasje og parkering i garasjeanlegg. Terrassane er store og gode og er frå 20 m2 på dei austvendte leilegheitene og opp til 30 m2 på leilegheitene på vestsida. Det er fin utsikt frå leilegheitene - både på aust og vestsida. Frå dei austvendte leilegheitene har ein fin utsikt mot sentrum, dels Stryneelva, Bruagrenda og mot fjella og dalen i aust. Frå leilegheitene på vestsida er det flott utsikt mot fjorden!
Leilegheitene er lyse og lette med god takhøgde på 2,6 meter.

Kjøkken og stove:
- Åpa løysing mellom stove og kjøkken med kvit kjøkkeninnreiing frå Norema og grå benkeplate i laminat. Grå flis over benk og nedfelt stålvask. Av kvitevarer følg integrert oppvaskmaskin frå Siemens samt ventilator med. Andre kvitevarer inngår ikkje.
- Slette veggoverflater av gipsplater kledt med målingsstrie, farge kvit.
- Slette flater i himling av måla gipsplater, farge kvit.
- Trestavs eikeparkett på golvet (Kährs Sorrento 15 mm)
- Frå kjøkken /stove er det utgang til store gode terrassar. Stikkontakt på kvar terrasse.

Baderom/vaskerom:
- Badet har flis på golv og vegg, grå flis på golv og kvit flis på veggar.
- Slett himling av måla gipsplater.
- Baderomsinnreiing frå Linn Bad type "Sara" med kvitt skrog og grå folierte matte frontar. Skåpinnreiing med bredde 90 cm med benkeplate og servant, samt eit høgskåp bredde 30 cm. Spegel m/aluramme og lys.
- Badet er ellers utstyrt med vegghengt toalett, dusj med herda innfellbare dusjveggar frå Vikingbad (90x90) og opplegg for vaskemaskin.

Soverom:
- Trestavs eikeparkett på golvet (Kährs Sorrento 15 mm)
- Veggar av gipsplater kledt med målingstrie, farge kvit.
- Slett himling av gips, farge kvit.
- Garderobeskåp på kvart soverom, samt garderobeskåp i gangen.

Bod:
- Slette veggar av sparkla og måla gipsplater.
- Slett himling av gips.
- Golvbelegg.
- Tekniske installasjonar som sikringskåp, rørleggerskåp og sentralstøvsugar er plassert her.

Listverk:
- Listefritt mellom vegg og himling på alle rom
- Glatte kvite golvlister og dørlister.

Dører:
- Ytterdør og balkongdør farge mørk grå
- Innerdører farge grå

Belysning:
- To stk downlights (LED) på kjøkken, i tillegg lys under overskåp på eine sida av kjøkkenet og lys frå ventilator på andre sida.
- Taklampe på bad, bod, gang, soverom og to stikkontakter i taket for evt taklampe stovedel. Taklampe på boda er sensorstyrt. I tillegg lys over spegel på badet.

Ellers:
- Vannbåren golvvarme med individuell termostatstyring i alle rom utanom bod.
- Brannvarslar i kvar leilegheit
- Ferdig innlagt fiber til sikringskåp kvar bustad, kjøper må betale tilknytningsavgift
- Ventilasjonsanlegg ihht krav, balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning
- Sentralstøvsugar i kvar leilegheit med eitt uttak
- Callinganlegg i kvar leilegheit, tilknytta både inngang sør og inngang nord

Det vert lagt trekkerør og tilrettelagt for at alle leilegheiter vil ha mulegheit for å kople seg på kommunen sitt hjelpenett i bygget (etter nærmare avtale med kommunen).
Vannbåren golvvarme tilknytta fjernvarmeanlegget med individuell termostatstyring i alle rom bortsett frå bod. Oppvarming av forbruksvatn er også frå fjernvarmeanlegget. Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning. Felles fjernvarmesentral i felles teknisk rom.
Det er ein parkeringsplass tilhøyrande kvar leilegheit i garasjekjellar. Alle leilegheitene har kvar si tilhøyrande bod i tredje etasje. På dagtid vert port til garasjeanlegg styrt av bevegelsessensor, port kan ringast til på kveld og natt når den ellers er stengt (GSM-styrt).
Det er meget enkel adkomst til leilegheitene med trapp, samt heis frå garasjekjellar til 3.etasje.
Ubebygd del av tomta består av asfaltert parkeringsplass for næringsdelen i bygget.
Bygget er oppført ihht TEK 10.
Sjå prospekt for meir info.
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter C
Storleiken på felleskostnadene er ikkje endeleg fastsett, men stipulerte felleskostnader er ca kr. 1200 per måned (per leilegheit) og skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader.
Likningsverdi er ikkje fastsett men likningsverdi som primærbustad ligg normalt på 25-30% av første gangs kjøpesum og som sekundærbustad ligg likningsverdi normalt på 90% av første gangs kjøpesum.
Leilegheitene er ferdigstilt og klar for innflytning.
Bustadane selde i samsvar med Avhendingslova. I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Pengehefter:
1988/1549-1/56 Erklæring/avtale
23.03.1988 BESTEMMELSER OM TILBAKEFØRING TIL HOVEDBRUK / DENNE EIENDOM. Overført fra: Knr: 1449 Gnr: 57 Bnr: 297. Gjelder denne registerenheten med flere

2013/1126069-2/200 Forbud mot næringsvirks.
30.12.2013 Forbud mot ordinært drivstoffsalg til motorkjøretøy. Overført fra: Knr: 1449 Gnr: 57 Bnr: 297. Gjelder denne registerenheten med flere


Servituttar:
1988/1549-2/56 Erklæring/avtale
23.03.1988 Overført fra: Knr: 1449 Gnr: 57 Bnr: 297. Med flere bestemmelser. Overført fra: Knr: 1449 Gnr: 57 Bnr: 297. Gjelder denne registerenheten med flere

Grunndata:
2017/252906-1/200 Seksjonering
22.03.2017 opprettet seksjoner.
Setrevegen 2
6783 Stryn
Areal: 4 681 kvm, Eierform: Fellestomt

Ubebygd areal av tomta består av asfaltert parkeringsareal forbeholdt næringsdelen.
Svært sentral beliggenheit i Stryn sentrum, midt mellom Esso stasjonen, Styn Vidaregåande og rutebilstasjonen.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 60 m2
til 70 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Setrevegen 2
Stryn
Pris frå 2790000
til 3375000
Bustadtype Nybygg
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 60 m2
til 70 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet