Store og romslege 5-roms leilegheiter i sentrum. Nøkkelferdige.

Vis i kart
Gardavegen 20
Gaupne
Pris 2950000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Store og romslege 5-roms leilegheiter i sentrum. Nøkkelferdige.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Store og romslege 5-roms leilegheiter i sentrum. Nøkkelferdige. 3 2 125.8 129.4 m2 Seld
Store og romslege 5-roms leilegheiter i sentrum. Nøkkelferdige. 3 2 125.8 129.4 m2 2950000
Store og romslege 5-roms leilegheiter i sentrum. Nøkkelferdige. 3 2 125.8 129.4 m2 Seld
Gardavegen 20
6868 Gaupne
Eigedommen ligg i Gaupne sentrum med gangavstand til sentrumsfunksjonar. Området er del av utbyggingsområdet i Bukti. Gaupne er kommunesenter i Luster kommune og har variert arbeidsmarked og godt service tilbod. Det er om lag 30 min. køyretid til regionsenteret Sogndal.
Prosjekt med 3 nøkkelferdige leilegheiter i rekkje med carport.
Det er totalt 8 leilegheiter i sameige der leilegheit nr 6,7 og 8 no skal seljast.
Leilegheitene er på 2 plan og har god planløysing. Eigedomane vil bli seksjonert slik at alle bueiningane vil få kvart sitt seksjonsnummer.
Leilegheitene har følgjande innhald:
2.etasje: Vindfang, gang m/trapp opp til loft, tekniskbod, soverom, bad, stove og kjøken i opa løysing med utgang til veranda.
Loft: Bad, 2 soverom og loftsstove med utgang til veranda med flott utsikt.

Prisar:
Leilegheit 6 kr. 2.950 000,-
Leilegheit 7 kr. 2.950.000,-
Leilegheit 8 kr. 3.190.000,- (endeseksjon)

Kostnader:
172,- (Panteattest kjøpar)
525,- (Tingl.gebyr obligasjon)
525,- (Tingl.gebyr skøyte)
6.250,- (Dokumentavgift (Av tomteverdi))
-------------------------------------------------------
10.597,- (Kostnader totalt)

NB: Reknestykket forutset at det kun tinglysast ein låneneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisantydning.
Kjøken:
Kjøken er levert med innreiing i frå Sigdal av typen Scala. Møbelfrontane er kvite og kvitevarene er integrerte. Kjøkenet har god skåpplass og flisar mellom benkeflate og overskåp.

Stove:
Stova er lys og luftig med store vindaugsflater og utgang til romsleg veranda.

Bad:
Leilegheitene er levert med standard 120 baderomsinnreiingar med vegghengd toalett, servant med underskåp og samanfoldbare dusjveggar. All armatur er levert frå Oras eller tilsvarande. Det er opplegg for vaskemaskin i rommet. Frå badet er det dør inn til tekniskbod der sentralstøvsugar, varmtvassberedaren og aggregat til ventilasjonsanlegg er plassert.

Trapp:
Strynetrapp type Fauna. Opa trapp med eiketrinn.

Golv:
Alle 3 soverom, gang, bod, kjøken, opphaldsrom, loftsstove og gang i 2.etasje har golv i eikeparkett 3 stav. Vindfang har 30*30 flis, bad i 1 og 2.etasje har 20*20 flis på golv.

Veggar:
Alle veggar har huntonitt plater unnateke bad i 1. og 2.etasje som har 20*30 flis på vegg.

Himling:
Himling består av huntonitt panel i alle rom unnateke bod som har ubehandla gips.

Sportsbod har betong/asfalt på golv, spalta panel i himling og OSB/betong på veggar.
Carport har asfalt i grunn, spalta panel i himling og betong på veggar.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Tak:
Leilegheitane på 2.plan er levert med loftstolar med skråhimling på ca halvparten av loftet og resterande har opplett og full takhøgde.
Både flathimlingar og skrå himlingar er levert med ferdigbehandla mdf takpanel. Utvendig er det svart tak og snøsikring der dette er påkrevd. Alle renner og beslag er levert i lakka utførelse.

Etasjeskillar/veggar:
Etasjeskillarar er av I-Bjelkelag underkledt med lydbøyler og gips. Himlingane er av ferdigbehandla plater/mdf panel. Oppå bjelkene er det 22 mm spon slissegolv, 36mm silencio med spor for vannbårenvarme med parkett eller anna overflate jf romskjema. Ytterveggar har 20cm isolajson og innvendig har alle veggar ferdigbehandla plater av typen huntonitt. Utvendig er alle overflater levert i vedlikeholdsfri royalimpregnert.

Vinduage og dører:
Innvendige dører er av massiv dørar i glatt utføring. Hovuddør inn til leiligheit har glass i døra eller med sidefelt med glass.
Vindauge og dører blir levert frå Fjordglas.

Ventilasjon:
Leilegheitene har eigne ventilasjonsanlegg. Aggregatet er plassert i innvendig bod.

Elektro:
Det elektriske blir levert iht NEK 400.
Sjå vedlagt beskrivelse for meir informasjon.

Røyr:
Leilegheitane har standard utstyr jf krav og normer
Sjå vedlagt beskrivelse for meir informajson.

Leilegheitane har vassboren golvvarme i alle opphaldsrom unnateke boder og soverom. Det vassborneanlegget blir dreve av ei luft/vass varmepumpe kobla opp i ein sigmasentral som i tillegg dekker tappevatn. Dette gjer at leilegheitene vil ha låge straumutgifter.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i salsoppgåva og eigenerklæring frå seljar og som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 125,80 kvm, Bruksareal: 129,40 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
2.etasje: 70,4 kvm
Loft: 59 kvm
Areala er basert på teikningar til utbyggar. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Alle leiligheitene får 1 eigen parkeringsplass i carport med sportsbod (5 kvm) i bakkant. Det er avsett plass til 4 stk utvendig biloppstillingsplassar som kan nyttast til gjesteparkering.
Areal: 1 200 kvm, Eierform: Fellestomt
Alle plassar for trafikk er levert med asfalt. Alle leilegheiter vil få eigen utgang til opparbeida terreng samt eigen altan/uteoppholdsplass.
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Gardavegen og Kronstadvegen er gjeldande for denne eigedomen. Reguleringsføresegnenen ligg vedlagt i salsoppgåva.
Eigedommen er tilkopla kommunal vassforsyning og avlaupsnett.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter B
Eigedomen er forholdsvis flat og har enkel tilkomst.
- Elektisk oppvarming
- Vassboren golvvarme i alle opphaldsrom unnateke boder og soverom.
Kr. 8 675 pr. år
Eigedomen er registrert med standardabonnement og kommunalt tillegg for renovasjon.
Leilegheitene har ikkje vore bebudd, så vi har difor ikkje motteke opplysnigar om faste kostander.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Det føreligg ferdigattest frå Luster kommune datert 06.09.2016. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.

Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Bygg og eigedom vil vere forsikra av seljar fram til overtaking. Deretter må sameiga teikne fullverdiforsikring. (evt. den einskilde om det ikkje er sameige).
Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 125 m2
til 125 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Meklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Gardavegen 20
Gaupne
Pris 2950000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 125 m2
til 125 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet