Spennande bustadtomt for konsentrert bustadbygging i Hogaåsen - Nordfjordeid

Vis i kart
Hogaåsen
Nordfjordeid
Prisant. 2350000
Bustadtype Tomter

Spennande bustadtomt for konsentrert bustadbygging i Hogaåsen - Nordfjordeid

Eigedom
Hogaåsen
6770 Nordfjordeid
Lokalitet
Hogaåsen bustadfelt, som det nyaste kommunale feltet, ligg i sentrum av Nordfjordeid. Ein finn blandt anna barnehagar, skular, idretts- og symjehall, kunstgrasbane, ridesenter og golfbane innan gåavstand. Denne tomta ligg nederst i feltet og vil ha gode solforhold og utsikt mot fjorden, fjellheimen og sentrum elles. Ein får tilgang til to store fellesområde for aktivitets- og leikeplass som det er satt av areal for i feltet. Elles er det svært kort veg til nydelig turterreng, sjø og det ein elles skulle behøve.
Tomt
Areal: ca 2 649 kvm, Eierform: Eiet tomt. Tomta skal frådelast frå gnr 44, bnr 600.

I områda FB1 - FB9 kan det førast opp bustadeiningar med ei høgare utnyttingsgrad. Områda kan også nyttast til felles garasjeanlegg og uthus.
I område FB1-FB9 kan det byggast rekkehus, kjeda einebustader, lågblokker og terrasseblokker. Utnyttingsgrada er sett til %-BYA=40%. Garasjar skal ikkje ha større gesimshøgde enn 3,0 meter og mønehøgde skal vere under 4,5 meter. Før eit FB-område kan byggast ut, skal det utarbeidast ein
situasjonsplan som viser heile området. Utbygginga skal skje etter denne planen slik at ein får ei heilskapeleg løysing. I situasjonsplanen skal behovet for areal til kommunaltekniske anlegg vurderast. I den grad det er behov for slike areal, skal dei setjast av i planen. Situasjonsplanen skal i tillegg til krav i føresegn 2.11, vise følgjande:
- Tilkomstveg og parkeringsløysingar, samt stigningsforhold på tilkomstveg.
- Plassering og høgde på bygningar.
- Utforming, bruk og behandling av areal som ikkje er utbygd, inkludert terrengplanering og bevaring av eksisterande vegetasjon.
- Plassering av leikeplassar og anna uteopphaldsareal.
- Interne stiar, gjerde, murar og skråningar.
- Anlegg for avfallshandtering.
I den grad det er mogleg, skal det takast omsyn til livslaupstandard ved detaljplanlegging av bustadområda. Det må leggjast til rette for rørslehemma. 40 % av bustadane skal ha livsløpsstandard og universell utforming. På kvar tomt skal det opparbeidast snuplass for bil. Hovudfasaden skal vere parallell med byggegrense mot veg. Bygningsstrukturen skal vere eintydig. Før nye bustader vert tekne i bruk, skal det i nærområdet vere
tilrettelagt utandørs leike- og opphaldsplass for barn.
Regulering/offentleg godkjenning
Tomta ligg i område regulert for tett bebygging. Det gjerast merksam på at Eid kommune har VA-leidningar liggjande over tomta langs øvre grenselinje. Dette går også fram av VA-plan.
Veg, vatn, avløp
Det skal koplast til offentleg vatn og avlaup. Veg er privat til offentleg.
Konsesjon
Erverv av eigedommen er ikkje konsesjonspliktig, men pga at tomta er ubebygd må det fyllast ut "Eigenfråsegn om konsesjonsfridom".
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 2649 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Hogaåsen
Nordfjordeid
Prisant. 2350000
Bustadtype Tomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 2649 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet