SISTE MULIGHEIT I ULVAHAUGEN!!! Siste byggetrinn er no lagt ut med 18 leilegheiter frå 53-110 kvm BRA. Pris frå kr. 2.700.000,-

Vis i kart
Ulvahaugen Hus B
Sogndal
Pris frå 2700000
til 5650000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

SISTE MULIGHEIT I ULVAHAUGEN!!! Siste byggetrinn er no lagt ut med 18 leilegheiter frå 53-110 kvm BRA. Pris frå kr. 2.700.000,-

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Ulvahaugen Blokk B 3 5 106 110 m2 Seld
Ulvahaugen Blokk B 1 5 49 53 m2 2700000
Ulvahaugen Blokk B 1 4 49 53 m2 Seld
Ulvahaugen Blokk B 2 5 78 82 m2 Seld
Ulvahaugen Blokk B 1 5 59 63 m2 Seld
Ulvahaugen Blokk B 1 5 59 63 m2 Seld
Ulvahaugen Blokk B 2 2 77 81 m2 3700000
Ulvahaugen Blokk B 1 2 59 63 m2 2900000
Prosjekt Ulvahaugen Øvre består av to nye byggjetrinn og fullfører utbygginga på populære Ulvahaugen i Sogndal, omlag 400 meter frå Sogndal sentrum.

Tomta er karakterisert av eit syd-vestvendt terrengplatå med fin utsikt over heile Sogndal. Mot vest er det eit fritt og fint drag mot Sogndalsdalen, og mot sør er det fin utsikt mot Fjøra og fjorden.

Terrengplatået vil bli parkmessig opparbeida som eit hyggeleg og lunt inngangstun. Uteområdet vil bli tilplanta og det vert etablert sittebenkar, leikeapparat, sykkel og gjesteparkering i tillegg til eit stort grøntareal.

Prosjektet er universelt utforma og har trappefri tilkomst via heis frå garasje og hovudinngang. Planløysingane er moderne og alle leilegheitene får store altanar med gode solforhold, skjerma frå naboleilegheitene.

Andre byggetrinnet består av 18 leilegheiter med høg kvalitet fordelt på 2-3-4 roms leilegheiter - frå 63 m2 til 110 BRA m2.

For å finne di draumeleilegheit, gå til: www.ulvahaugen.com eller kontakt meklar for nærmare informasjon.
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 25-35 pr. kvm pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Forventa ferdigstilling er sommaren 2019. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Ulvahaugen Hus B
6856 Sogndal
Eierform: Fellestomt
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
10% ved underteikning av kontrakt
40% ved tett hus
40% ved klart til måling
10% ved overtaking
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt det første året.
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 55 seksjonar i sameiga.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Sogndal kommune
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 49 m2
til 106 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Meklar MNEF
Sogndal
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Ulvahaugen Hus B
Sogndal
Pris frå 2700000
til 5650000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 49 m2
til 106 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet