Atriumhagen | Eit unikt prosjekt i Førde sentrum | Kun eit Atriumhus igjen!

Vis i kart
Atriumhagen - Hafstadhagen 3 og 5
Førde
Pris 5100000
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Atriumhagen | Eit unikt prosjekt i Førde sentrum | Kun eit Atriumhus igjen!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Rekkehus Atriumhus 11 3 115.9 120 m2 Seld
Atriumhagen 3 115.9 120 m2 Seld
Atriumhagen 3 115.9 120 m2 Seld
Atriumhagen 3 134.8 140 m2 Seld
Atriumhagen 3 115.9 120 m2 Seld
Atriumhagen 3 134.8 140 m2 Seld
Atriumhagen 3 134.8 140 m2 Seld
Atriumhagen 3 134.8 140 m2 Seld
Prosjektet
Atriumhagen er eit bustadprosjekt beståande av 12 bustader i Førde sentrum. I tillegg til topp kvalitet og praktiske løysingar, får du din heilt spesielle atriumhage. Den kan du planlegge og innreie akkurat som du vil. Best av alt er at den blir ein del av både kjøkkenet og stova, og den kjensla av friheit å spasere frå sofaen og ut i hammocken ein mild vårdag - ja, den kan ingen ta i frå deg.

Når du buset deg i Atriumhagen får du kort veg til dei aller fleste fritids, kultur, handels- og idrettstilboda i Førde sentrum. Du går til det meste på 5 - 10 minutt, og som ein bonus bur du innom bomringen rundt Førde.

Prosjektet har si eiga heimeside med 360 3D kor du kan "sjå" korleis atriumhusa ser ut. Dette finn du på www.atriumhagen.no
Innhald
1. etasje: Gang, bad, bod/vaskerom og stove. I tillegg utgang til Atrium
2. etasje: Gang, bad, 3 soverom. I tillegg utgang til terrasse.
Standard
Atriumhagen får gjennomgåande høg kvalitet. Du skal kunne flytte rett inn utan å bruke mykje pengar på oppgraderingar. Her får du mellom anna topp kvalitet på golv: 1 - stavs parkett i første og andre etasje, med vassboren varme i alle golv, i begge etasjar. Gangen er flislagt, og på bad er det flisar på golv og veggar. Inneklima er ivaretatt med balansert ventilasjonsanlegg, og vi har sjølvsagt lagt inn sentralstøvsuger.
Oppvarming
Vassbåren varme i alle golv i begge etasjar.
Parkering/bod
Atriumhagen her eigen parkeringskjellar.
Alle vil få tildelt 2 parkeringsplassar, unnateke den sist selde eininga som får 1 parkeringsplass.
Bodplass skal ikkje vere eit problem i Atriumhagen, opp til 20 kvm. bod inkludert i prisen.
Tomt
Felles eigd tomt på ca. 3 200 kvm
Byggjemåte
Husa vert oppførte med tradisjonelt bindingsverk, etasjeskilje, tak og bjelkelag i tre. Fasadane vert kledde med det varme og elegante treverket sedertre. Platekledning vert kvite cembrittplater. Vindauga vert leverte med aluminiumskledning utvendig og tre innvendig (kvit farge). Takterrassar vert levert med impregnert terrassebord. For ytterligare informasjon om byggemåte ta
Veg, vatn, kloakk
Privat internt på eigedomen/fellesarealet, vidare knytt til offentleg anlegg.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til å liggje på mellom kr. 500 - 1200,- pr. mnd.

Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
2. halvår 2019. Meklar vil informere kjøparar om framdrifta.

Kjøpar er uansett plikta å overta 10 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.

Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til.Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt. Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Servituttar/rettar
Utbyggjar har rett til tilknyting frå eigne og andre sine eigedomar til dei private veg- og leidningsanelgg som er opparebeidd av utbyggjar. Eventuell refusjon for tilknyting til slike anlegg tilfell utbyggjar. Utbyggjar har også rett til å knyte nye bustadfelt til anlegget.

Tomteselskap, kommune, elektrisitetsverk mm., har tilgang til utan vederlag å leggje leidningar for vatn, overvatn, avlaup, kablar mm. på sameiget sin eigedom, og til å plassere naudsynte hydrantar og slik på tomta etter dei til ei kvar tid gjeldande planar. Dei ledningar mm.- som ligg i tomta kan når som heldt og utan vidare vederlag gravast opp for reparasjon og vedlikehald.
Regulering
Området er regulert til bustadføremål/blokkbebyggelse i følgje reguleringsplan med plannamn: Leirdalen B1, planid: 20050003
Eigedom
Atriumhagen - Hafstadhagen 3 og 5
6800 Førde
Eigarform tomt og areal
Areal: 3 200 kvm, Eierform: Fellestomt
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Betalingsplan
10 % ved signering a kontrakt
40 % ved tett bygg
40 % ved bygg klart til måling
10 % ved overtaking
Eigedomsskatt
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei x første åra.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 12 seksjonar i sameiget.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Førde kommune
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse er vedlegg til salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 115 m2
til 115 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Atriumhagen - Hafstadhagen 3 og 5
Førde
Pris 5100000
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 115 m2
til 115 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet