Sentrumsnære leilegheiter i 4-mannsbustad med carport - bygg under oppføring.

Vis i kart
Markegata 68
Florø
Pris frå 2790000
til 3250000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Sentrumsnære leilegheiter i 4-mannsbustad med carport - bygg under oppføring.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
C - andre etasje mot vest 2 2 77 83 m2 3250000
D - andre etasje mot aust 2 2 65 71 m2 2790000
A - første etasje mot vest 2 1 77 82 m2 3250000
B - første etasje mot aust 2 1 65 71 m2 2790000
Det skal byggjast ein 4-mannsbustad i eit roleg etablert område på Tua (Markegata). Leilegheitene er moderne med open løysing og store vindusflater. Område ligg svært sentralt til med kort gangavstand til sentrum, SMS senteret, skule, barnehage og forretningane på Evja.
Leilegheit A: ligg i første etasje, har eit BRA/P-rom på: 82/77 m2 og inneheld: vindfang, hall, 2 (evt. 3) soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til hage. Pris kr. 3.250.000,- inkl. carport med sportsbod.

Leilegheit B: ligg i første etasje, har eit BRA/P-rom på: 71/65 m2 og inneheld: gang, garderobe, 2 soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til hage. Pris kr. 2.790.000,- inkl. carport.

Leilegheit C: ligg i andre etasje, har eit BRA/P-rom på: 83/77 m2 og inneheld: vindfang, hall, 2 (evt. 3) soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til stor balkong mot sør/vest. Pris kr. 3.250.000,- inkl. carport.

Leilegheit D: igg i andre etasje, har eit BRA/P-rom på: 71/65 m2 og inneheld: gang, garderobe, 2 soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til balkong mot sør. Pris kr. 2.790.000,- inkl. carport.
4-manns bustad med god standard. Moderne open løysing med store vindusflater.
Veggar på gang, stove, kjøkken og soverom har ferdigmåla plater. Mot tillegg kan det leverast gips med måla overflater. På bad/vask er det baderomsplater type Fibo-Tresbo med flismønster.
På golv er det Pergo laminat på gang, stove, soverom og kjøkken. Flis på bad/vask og belegg på bod.
I himling er det takess antikk.
Kjøkkeninnreiing frå Sigdal, type Uno kvit.
Bad/vask vert levert med baderomsinnreiing frå Foss bad, Foss variant 2 skuffer. Alterna dusj 90x90 rett. herda glass krom profil. Vegghengt wc. Uttak for vaskemaskin.
Garderobeskåp type kombi på soverom.
Sentralstøvsugar type Villavent.
Det blir varmekablar på bad/vaskerom. I stova vert det stålpipe (svart) med vedomn type Lotus Mondu 2 bua front (svart).
Det vert 1 parkeringsplass i carport + bod pr. eining.
Tilkomst frå Markegata.
I samband med at sentrumsplanen skal reviderast, har Statens Vegvesen sett på Markegata som alternativ innfartsveg til sentrum. Dettte er moglege planer som det ikkje er teke stilling til enda.
Areal: ca. 669 m2. Eigarform: Fellestomt i sameige.

Det er lagt opptil at leilegheitene i første etasje disponerer delar utearealet mot sør. Elles er utearealet felles. Pr. idag står det eit eldre bustadhus på eigedomen. Det eksisterande bustadhuset vert pussa opp, frådelt og er ikkje ein del av sameige.
Køyre/ og gangareal vert grusa, betongdekke i carport. Utearealet vert levert med grus eller maskinplanert jord etter situasjonsplan.
Ytterveggar: stenderverk gran 36x198, asfalt/vindtett/plater, 23x36 mm lekter, 19x148 dobbel falsa kledning, og 16x98 mm lister på vindauge og dører. Utvendig kledning og omramming er grunna. All trykkimpregnert materiale er ubehandla.
Beslag over/under vindauge og dører leverast i svart utføring. Utvendig kledning og listverk leverast i gran. Innvendig 20 cm glava isolasjon + 0,15 mm dampsperre, plater etter romskjema.
Vindauge og balkongdører vert levert i kvit utførelse. Utanpåliggande sprosser etter fasadeteikningar. Innvendige foringar leverast med kvit NCS S0502Y. Ytterdør er Jømna-dør type klassisk kvit. Golv/etasjeskilje: Isolert lydbjelkelag med sponplater.
Takkonstruksjon: takstolar i henhold til snittteikning, vindtett duk, 48mm lufting, impregnerte sutaksplater, rekter, lekter, taktekking med dobbelkruma svart betongtakstein med nødv. Snøfangere. Doble 19x198 mm vindskier, 19x148 mm rennebord, raftekasser med fluenetting og 16x98 mm bord som spaltekledning. Takrenner svart aluminium. Vindskier, rennebord og kassekledning leverast impregnert eller grunna. Invendig 400mm isolasjon, 30x48 mm lekter, 0,15 mm dampsperre, plater etter romskjema.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 500 pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Bygginga vil starte når 3 av 4 leilegheiter er selde. Det vert føresett 12 månader byggjetid frå oppstart byggjearbeid. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Bustadane vert til forbrukarar selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameige og drifta av dette.
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Markegata 68
6900 Florø
Eierform: Fellestomt
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
30% ved underteikning av kontrakt/atterhald er innfridd/garantiar er stilt.
30 % oppstart tømrer
30 % ved tett bygg/oppstart innvendig
10% ved overtaking
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei 3 første åra.
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 4 seksjonar i sameige fordelt på 4 bustadseksjonar og 0 næringsseksjonar.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Flora kommune
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert evt. velt av sameige etter at det er etablert.
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 65 m2
til 77 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Markegata 68
Florø
Pris frå 2790000
til 3250000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 65 m2
til 77 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet