Kun ei leilegheit igjen!! Super planløysing, tilkomst ved heis el. trapp, 22 m2 overbygd, vestvendt veranda, parkering ved inngang.

Vis i kart
Nedre Bøbakkane, hus E
Førde
Pris 5850000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Kun ei leilegheit igjen!! Super planløysing, tilkomst ved heis el. trapp, 22 m2 overbygd, vestvendt veranda, parkering ved inngang.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Stor 4-roms leilegheit, øverste etasje. Tilkomst via heis eller trapp. 3 3 120 125 m2 5890000
Stor 4-roms leilegheit, øverste etasje. Tilkomst via heis eller trapp. 3 3 118 122 m2 5850000
Byggesteg 3 i Nedre Bøbakkane Sameige inneheld 5 sjølveigande leilegheiter i tillegg til 3 tomannsbustader (sjå eiga annonse for tomannsbustadene).

No er det kun to store toppleilegheiter att i dette bygget!
Leilegheitene får enkel tilkomst via løfteplattform (heis) eller trapp.
Super planløysing med mellom anna stove/kjøkkenlysing på 52 m2, eigen soveromsgang med tilkomst til alle soveromma, hovudbad og vaskerom. Tilkomst til gjestetoalett frå entrèen, stor bod innafor hovudsoverommet som gjerne kan brukast til "walk-in" garderobe.

Parkering i carport ved inngangen. Praktisk sportsbod i bakkant av parkeringsplassen.

Er du interessert i ei stor, romsleg leilegheit med gode løysingar?
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Det er mange fordelar ved å kjøpe nyoppført bustad. Vi kan mellom anna nemne:
- låg dokumentavgift, ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
- fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- ein får vere med å gjere eigne val i samråd med utbyggar.
- ein set sjølv første stiften/skrua i veggen.

Prosjektet Nedre Bøbakkane sameige er planlagt for sal og oppføring over tre byggesteg. Steg 1 og 2 er utselde, og kjøparane i steg 1 er allereie flytta inn.

Vieåsen er eit av Førde by sine mest attraktive og solrike bustadområde. Bustadområdet ligg med gangavstand til Sentralsjukehuset, Høgskulen, barnehagar, skular, nærbutikk, Hafstadparken og butikksentra på Brulandsvellene. Haldeplass for ringbuss er like ved

I Førde har ein mange mulegheiter for fritidsaktivitetar. Ein kan vere med i organiserte aktivitetar eller ta ut på tur på eiga hand. Ein har alpinanlegg og mange merka turløyper i fjellområda ikkje så langt frå sentrumskjerna. Nærområdet har mange fine turstiar og andre rekreasjonsområde.

Eit populært turmål er Viefjellet, som har merka turløype til toppen med omlag ein timesgangtid. I nærområdet elles finn du mellom anna innandørs klatrevegg og sandvolleyballbane i Sandhallen på vie, stall mm.
Her kjem vestvendte leilegheiter med 2- og 4-roms løysingar som passar dei fleste.
To store 4-roms leilegheiter, med tilkost via heis eller trapp, er ledig for deg!
Alle leilegheitene får parkeringsplass i carportanlegg og sportsbod ved inngangspartiet på 1. plan.
Stovene får ei luftig god romkjensle med ei takhøgde på ca. 2,70 m. Frå stova går du ut på ein solrik, overbygd veranda med flott utsikt.

Det vert nytta byggteknisk materiale og løysingar av god kvalitet i prosjektet. Alle leilegheitene har funksjonelle romløysingar og energieffektiv og miljøvenleg oppvarming med vassboren golvvarme. Alle leilegheitene har livsløpsstandard.

Leilegheitene vert tilrettelagde for smarthusløysing der ein kan styre belysning. Oppvarming kan ikkje styrast av smarthusløysinga.

Ved hovudinngangspartiet vert det ringetablå og callinganlegg med automatisk døropnar i kvar leilegheit.

Kjøkkeninnreiinga vert levert av HTH og har frontar med Next kvit. Det vert levert integrert oppvaskmaskin, komfyr og induksjonstopp frå Siemens, og slimline ventilator frå Røros Metall. Intra Horizon underlimt vask med 1,5 kum. Kjøleskåp vert ikkje del av leveransen.

I opphaldsromma vil golvflatene få Pergo long plank type Drived Eik - for 4-roms også Moderne grå eik. Veggflatene får sparkla gips/betong med strie og måling. Takflatene får gips/betong som er sparkla og målt. Det vert taklist type dobbel skygge i alle rom.

Baderomma får flislagt golv og baderomsplater på vegg. Innreiinga vert levert med 100 cm underskåp med glatte skuffer.Topplate med kvit heildekkande servant, eittgreps servantbatteri og spegel med ledlys. Vidare vert det levert eitt greps dusjbatteri med dusjgarnityr og dusjveggar. Vegghengt toalett i kvit porselen og utanpåliggjande sisterne. Det er avsett plass og levert opplegg for vaskemaskin og tørketrommel.

Bestill komplett prospekt frå tilbydar og få det tilsendt på epost eller ta kontakt med meklar i dag!
Lun, behageleg vassboren varme i alle rom med unntak av bodareal.
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Kjøpar er kjend med at det med bustaden følgjer med ansvar for å dekkje eigedomen sin del av del månadlege felleskostnadene. Fellesutgiftene er ikkje fastsette pr. dags dato då bygga er prosjekterte og ikkje ferdigstilte. Kjøparane må delta andelsmessig i felleskostnadene. Felleskostnadene vil normalt bestå av mellom anna forsikring av sameiget sine bygningar, straum til fellesareala, fellesinstallasjonar, tv, breiband, vaktmestertenester og andre driftskostnader. Fellesutgiftene er basert på budsjett og estimert til kr. 30,- - 35,- pr. BRA. Dei endelege felleskostnadene vert fastsett av sameigarane i fellesskap etter overtakinga. Vedlikehald løfteplattform i denne bygningen blir delt mellom dei to leilegheitene i 2. etasje.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Bustadane vert i forbrukarforhold selde etter lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 16.06. 2017 nr. 65 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 118 m2
til 118 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Bilete av Kjartan  Aarnes
Kjartan Aarnes
Fagansvarleg/ Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Nedre Bøbakkane, hus E
Førde
Pris 5850000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 118 m2
til 118 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet