Praktiske og moderne tomannsbustader med gode planløysingar. Ei romsleg nisje ved hagen kan brukast til bod eller kanskje hagestove? Eit hyggeleg tun der ein kan køyre til døra og parkere i carporten like ved.

Vis i kart
Nedre Bøbakkane, Tomannsbustader
Førde
Pris 5550000
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Praktiske og moderne tomannsbustader med gode planløysingar. Ei romsleg nisje ved hagen kan brukast til bod eller kanskje hagestove? Eit hyggeleg tun der ein kan køyre til døra og parkere i carporten like ved.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Tomannsbustad D1 - B 4 134 137 m2 5620000
Tomannsbustad D3 - F 4 134 137 m2 5550000
Tomannsbustad D2 - C 4 134 137 m2 5620000
Tomannsbustad D3 - E 4 134 137 m2 5550000
Det er ein grunn til at Vieåsen har blitt eit svært attraktivt buområde.
Tenk å bu med alle servicetilbod i nærleiken, samtidig som du når som helst kan snøre turskoa og legge i veg?
Her vaknar du til luftig utsikt, og ser sola gå ned i fjella om kvelden. Her bur du med både landlege og sentrale kvalitetar i eit solrikt område.

Vel din livsstil
I Bøbakkane skaper du den fritida som passar deg. Om du er av den aktive typen, er det mange moglegheiter. På Vie finn du klatrevegg og sandvolleyballbane, og det er heller ikkje langt til ridebane, linepark, gapahuk og fotballbaner. Ein liten sykkeltur unna finn du Hafstadparken med alle sine aktivitetstilbod.
Ønsker du ro og rekreasjon, finn du turområde og vakker natur rett utanfor døra. Du brukar omlag ein time på å nå populære Viefjellet, eller du kan nytte deg av stiar og turvegar i det idylliske området.

Lettvint og praktisk
Ein kort spasertur unna finn du handleområdet Brulandsvellene. Her er det blant anna stor daglegvarebutikk, og du får tak i det du treng til dagen. Det er også kort veg til Sentralsjukehuset, gode barnehagar og skular. Førde sentrum ligg berre 3 kilometer unna, med gang-og sykkelveg heile vegen, og det er hyppige bussavgangar frå Vieåsen til sentrum.

Bu i Nedre Bøbakkane - Lag deg eit godt liv!
Tomannsbustadene blir oppført i tre vertikaltdelte bygg over to etasjar.
I hovudetasjen er det livsløpsstandard med stove, kjøkken, soverom, entré/garderobe, bad og trapperom.
I underetasjen er det tre soverom, stove/leikerom, bad, vaskerom/bod.

NB: Endringar i prosjektet:
Ved hagen under carport og sportsbod blir det laga ei nisje, sjå planteikning for kvar bustad. Den får både vegger og golv av betong. I front mot hagen vert det open tilkomst. Denne kan nyttast til bod/hagestove eller kanskje begge deler?
Rommet ved D1-B har ein størrelse på 19 m2, ved D2-C 18,7 m2 og ved D2-D 15,8 m2.

Ved D3 blir det sett opp ei nisje ved kvar bustad. Desse vil få eit areal på 8,7 m2 og får tilkomst frå hagen.
Her er også bruksområda mange, kanskje hagestove kan friste?

På kjøkkenet er vindauget ved spisebordet bytta ut med stort vindauge, sjå fasadeteikningane. Mykje meir dagslys og meir utsikt!
Er du midt mellom leilegheit og stor einebustad?
Då kan ein romsleg tomannsbustad vere løysinga for deg. Byggesteg tre i Nedre Bøbakkane inneheld tre sjølveigande, vertikaldelte tomannsbustader med seks husvære.

God plass til familien
Med fire soverom, to stover, to bad og hage, har du god plass til deg og familien. Bustadane har god planløysing, går over to plan, med livsløpsstandard i hovudetasjen, og med ei takhøgd som gir ein romsleg følelse. Separat vaskerom og stort kjøkken med plass til mange rundt bordet, er kvalitetar familien set pris på. Fire av husværa får carport, medan dei to andre får parkering i parkeringskjellar.
Under carport og sportsbod blir det laga eit rom med tilkomst frå hagen. Dette får betong vegger, tak og golv med opning mot hagen.
Rommet passar utmerka til romsleg bod/hagestove eller kanskje begge deler?
Sjå på planteikningane for bustadane, eller ta kontakt for meir informasjon.

Solrikt og barnevennleg
Vieåsen er kjent for å vere solrikt og ha gode tilbod til barnefamilien. Frå stova i hovudetasjen kan du gå rett ut på overbygd, vestvendt veranda og nyte sola og utsikta mot Førde-fjella. Frå eine soverommet i underetasjen er det utgang til terrasse og hage. Alle husværa vert levert med sportsbod, og det blir leikeplass og grøntområde mellom bygga.

Stilfull heim
Bustadane har moderne overflater og stilfulle løysingar. Bada har flislagde golv og veggar, og det blir elles kvalitetslaminat på golvet. Med ei takhøgd på 2,70 m og store vindaugsflater, får heimen eit pent, lyst og luftig uttrykk.
Alle bustadane har funksjonelle romløysingar og energieffektiv oppvarming med vassboren golvvarme. Det blir lagt til rette for smarthusløysingar.

Trygg og solid utbyggar
Bak prosjektet står A&Ø Utvikling AS, dotterselskap av ei av dei største entreprenørverksemdene i Sogn og Fjordane. Med ein erfaren og solid utbyggar, kan du vere trygg på at du flyttar inn i eit husvære der ting er som det skal vere.

Last ned salsoppgåva for utfyllande informasjon om prosjektet, eller ta kontakt med meklar.
Vassboren varme i alle golv.
Det blir montert fordelarskåp i kvar bustad. Temperaturen i romma vert regulert med romtermostatar i alle rom med unntak av badet.
Balansert ventilasjon i kvar bustad. Aggregat er tenkt montert i kombinert vaskerom/bod.
Det blir montert energimålar i kvar leilegheit.
Ein blir fakturert for oppvarming og varmtvannsforbruk a-konto frå forretningsførar i sameiget, med avrekning ein gong i året.
D1 og D2, dei bustadane som ligg nedst, får parkering i carport like ved inngangen.
Desse bustadane får sportsbod praktisk plassert mellom bustaden og carporten.

D3 får parkering i parkeringskjellaren i E-bygget like over vegen i bakkant.
Sportsboda her er plassert i bakkant av parkeringsplassen.

I E bygget er det 5 gjesteparkeringsplassar og 2 handikap-/gjesteparkeringsplassar. Desse er felles for sameiget.
Det er planlagt 24 gjesteparkeringsplassar fordelt på heile sameiget, både ute og inne.
Lett tilkomst frå kommunal veg via asfalterte vegar internt i sameiget.
Kvar bustad skal disponere den delen av fellesarealet/grøntarealet som naturleg ligg til bustaden. Eigar skal syte for vedlikehald av dette arealet, det inngår ikkje i vedlikehald av samla fellesareal.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Tilkomst frå offentleg veg via interne vegar i sameiget.
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Fellesutgiftene er basert på budsjett og estimert til ca. kr. 30,- pr. BRA. seksjon. Denne vil så bli justert etter faktiske kostnader.
Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke i sameigemøte saman med forretningsførar.
Kjøpar er kjend med at det med bustaden følgjer med ansvar for å dekkje eigedomen sin del av del månadlege felleskostnadene.
Felleskostnadene vil normalt bestå av mellom anna forsikring av sameiget sine bygningar, straum til fellesareala, fellesinstallasjonar, drift av heis, tv, fiber, vaktmeistertenester og andre driftskostnader. I tillegg er kommunal renovasjonsavgift inkludert i fellesutgiftene.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Forventa innflytting/overtaking er våren 2019.
Bustadane vert i forbrukarforhold selde i etter lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Handelen vert regulert og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i samsvar med bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar.
Det vert opplyst om at dersom leilegheita er kjøpt med meining på å ikkje ta over og bebu denne, herunder som eit vidaresalsobjekt vil videresalet regulerast av bustadoppføringslova. Herunder vil seljar måtte oppfylle vilkår i bustadoppføringslova ved evt. videresal. Konferer meklar for ytterlegare informasjon.
Dersom kjøpar ikke er forbrukar vert bustaden seld etter følgjande reglar: Bustadoppføringslova sine reglar kjem i utgangspunktet ikkje til anvending ved denne transaksjonen. Partane er likevel enige om at Lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. av 13.6.1997 nr. 43 Bustadoppføringslova kjem til anvending på kontraktsforholdet med slike unntak som teke inn i dette punktet. Bestemmelsane i bustadoppføringslova som ikkje er gjeldande mellom partane og såleis ikkje kan påberopast: -§§ 8, 12, 16, 18, 24, 31, 47, 49, 51, 52, 53 og 54. -Dersom andre paragrafar i bustadoppføringslova inneheld bestemmelsar om at de ovennemnde paragrafar kan påberopast, vil også slike bestemmelsar ikkje være gjeldande mellom partene.
Viser til planteikningar og prisliste når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 134 m2
til 134 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Nedre Bøbakkane, Tomannsbustader
Førde
Pris 5550000
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 134 m2
til 134 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet