Difor skal du gå på vising i desember
Førjulstida er travel, men på vising er det rolegare enn vanleg i desember. Det kan du nytte til din fordel.
– Desember er ein hektisk månad med juleførebuingar og mange arrangement på skular og barnehagar. Har du ikkje kjøpt bustad innan utgangen av november, er det lett for at ein ventar med å gå på visingar til over nyttår.
Dette er ifølgje eigedomsmeklar Greta Halvorsen grunnen til at det er litt rolegare i bustadmarknaden no enn elles på året. Ho oppmodar alle som er på husjakt om å finne tid til å gå på vising.
– Det er ikkje like mykje «trykk» på visingar og bodrundar i julemånaden. Ved å følgje med, framleis ha bustadkjøp i fokus, også i denne månaden, kan ein gjere ein god handel. Det er ikkje slik at seljarane «gjev vekk» bustadane i desember, for vi veit jo at marknaden tek seg opp att på nyåret. Men ein kan gjerne unngå dei store bodkrigane, forklarar ho.
Mykje flott på marknaden
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har mange flotte objekt for sal:
– Ja, vi har mange fine leilegheiter og hus for sal også i desember. Rådet blir difor å følgje med og gå på visingar. Be gjerne om private visingar der det ikkje er sett opp fellesvisingar. Sist men ikkje minst: gje inn seriøse bod som seljar ikkje kan takke nei til – då har du gjort ein god handel.
På husjakt? Sjå våre bustader for sal.