Ferdighus versus arkitektteikna – Kva er forskjellen?
Kva betyr det eigentleg når det står arkitektteikna i ein annonse? Er ikkje alle hus det?
Frå tid til annan får vi i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane spørsmål om kva som ligg i ”arkitektteikna”. Når ein kjøper bustad går ein ut i frå at alle hus er teikna av ein arkitekt, og då er kanskje litt rart å putte stempelet på berre utvalde hus? Vi har fått sivilarkitekt og fagleg leiar i Xform, Tore Hillestad, til å forklare deg forskjellen.
– Det meste av hus og bygningar er arkitektteikna, men forskjellen på eit kataloghus og eit arkitektteikna er graden av tilpassing. Når ein skriv arkitektteikna i ein annonse, blir det som regel rekna som eit kvalitetsstempel fordi huset er tilpassa tomta og området rundt.
Spesialtilpassa
Eit kataloghus eller ferdighus er teikna på generell basis. Når du kontaktar ein arkitekt, vil dei sjå på fleire behov.
– Det finst mange flotte og funksjonelle ferdighus med løysingar som passar for mange. Likevel vil eg seie at du tek det opp eit nivå når du brukar arkitekt, seier Hillestad og forklarar at dei tek omsyn til både tomta, omgjevnadane, landskap og ikkje minst brukaren.
– Vi ser på plassering av vindauga, dagslysinnslepp, støy, innsyn, kor utsikten er, soloppgang og solnedgang, gode romløysingar og mykje meir. Kva vil du helst sjå på når du et frukost? Kor er den optimale uteplassen? Ein arkitektteikna bustad er eit gjennomtenkt konsept som er tilpassa dei som bur der.
Tidlaust med gode løysingar
Men er ikkje akkurat det eit problem ved sal av bustad. At huset er tilpassa den som bygde det?
– Det er sjeldan vi teiknar veldig spesielle hus. Funksjonalisme er viktig for dei fleste, og til sjuande og sist handlar det om at vi har tenkt litt lenger og gått litt meir i djupna. Saman med gode materialval er det er som oftast ein kvalitet, seier han.
I tillegg til gode løysingar, kjøper du eit hus som er påverka av si samtid og byggeskikken som var då.
– Du kan like stilen eller ikkje, men eg vil seie at dei fleste arkitektteikna bustadane er tidlause, avsluttar han.
Xform har blant anna teikna Atriumhagen. Eit bustadområde med 12 bustader i Førde sentrum. I tillegg til topp kvalitet og praktiske løysingar, får du din heilt spesielle atriumhage.